Om “Mørejarl”.

Mørejarl.

Møre er kystlinja i Møre og Romsdal, så Møre-jarl skulle forsvare folket i dette området, som deira hærførar og representere overfor kongen, eventuelt også overfor andre kongar og jarlar. Ragnvald Mørejarl spelte ei vesentleg rolle ved samlinga av Noreg til eitt rike under Harald Hårfagre.

Sitat frå https://nbl.snl.no/Ragnvald_%C3%98ysteinsson_M%C3%B8rejarl :

Ragnvald skal ha vært en av flere jarler Harald Hårfagre knyttet til seg da han samlet Norge. Ved siden av Håkon Grjotgardsson, som ble jarl på Lade, er Ragnvald den som særlig fremheves i sagaene. Snorre sier at Ragnvald var Haralds “kjæreste venn”, og at det var han som gav kongen tilnavnet “hårfagre”. Én grunn til at det er disse to jarlene som står sterkest i tradisjonen, er nok at de begge fikk etterkommere med stor makt og innflytelse – for Ragnvalds vedkommende var det jarlene på Orknøyene.

Ein jarl var ein hovding, nest etter kongen i rang. Sitat frå https://snl.no/jarl :

Jarl var ein norrøn tittel for høvdingar, nest etter kongen i rang, tilsvarande den angelsaksiske earl. Seinare vart jarl ein tittel kongane tildelte særleg høgtståande menn i riket. Frå omkring 1200 var tittelen jarl sjeldan i bruk hos andre enn personar i slekt med kongehuset.

https://no.wikipedia.org/wiki/Jarl

https://no.wikipedia.org/wiki/Ragnvald_M%C3%B8rejarl

https://no.wikipedia.org/wiki/Harald_H%C3%A5rfagre

https://no.wikipedia.org/wiki/Olav_Tryggvason

https://no.wikipedia.org/wiki/Olav_den_hellige

Menyen «Mørejarl».

Eg opprettar menyen «Mørejarl», der eg vil skrive om historia på den tida det var jarlar i Noreg og prøve å sjå på historia sidan utifrå synspunktet til Mørejarl. Då vert det for det første viktig å erkjenne kva kristendomen gav oss. Dernest kva renessansen, reformasjonen, opplysningstida og dei store oppdagingane gav oss.

Det mest verdifulle her er evangelisk kristendom, moderne vitskap og teknologi. Og menneskerettane, dei høver bra med evangelisk kristendom. Med rasjonalistisk innsikt går det godt an velje det mest verdifulle og få både i pose og sekk. Og det må vel passe bra for ein moderne mørejarl.

«Sivert Mørejarl».

Når eg skriv innlegg på denne menyen har eg tenke å bruke «Sivert Mørejarl» som alias, for å markere at eg har som hensikt å representere interessene til slekta og folket mitt og landet vårt og då tenker eg først og fremst norvest-landet, Møre og Romsdal, eg kan godt ta med Nordfjord også, sidan Vanylven grensar til Nordfjord og mi mormor kom derifrå.

Skulle eg vere den rette til det? Vel, eg kan no prøve, men det er ikkje noko i vegen for at andre også kan prøve. Når eg skriv innlegg på menyen «Mørejarl» har eg tenkt å bruke «Sivert Mørejarl» som alias, for å markere at eg prøver å ivareta våre interesser på min måte. Men eg vil gjerne oppfordre andre også til å gjere det på sin måte, gjerne ved å Mørejarl som etternamn i eit alias. Håper i så fall det vert konstruktivt. Eg vil likevel argumenter litt for at eg gjer rett i å prøve, som at eg er den rette til det, men det får vise seg ved det som eg seier og skriv.

Når eg byrja på tråling vart eg kalla Sivert, så den første heimesida mi kalla eg tsivert.com. Det vart med ein gang klart at eg gjorde ein god jobb som fiskar, så det var eit ærefullt namn for meg. Men sidan eg stadig braut av og studerte vart det lange før eg dreiv tråling over lengre tid, så eg fekk opprykk til ei leiande stilling som andrebas. På tråling jobba eg i lag med mykje folk frå Møre og Romsdal og frå Nordfjord. På ein båt vart eg tillitsmann og sidan, når eg vart andrebas, skreiv eg i Sunnmørsposten, for å prøve å ivareta våre interesser. Eg har studerte realfag, gått på kristne møte og lese i Bibelen. Det skulle vel gjere meg kompetent til noko. Men kor kompetent er eg til å ivareta mine eigne interesser og interessene til folket i denne regionen? Om eg prøver å tale folkets interesser og sjølv om eg påstår det, er det slett ikkje sikkert folket vil vere samde i det. Men eg kan prøve og så får det vise seg. Ettersom eg er opplyst og utdanna vil eg prøve å tale folkets sak med ein opplyst rasjonalitet, men då er det vesentleg at den einskilde skal verte i stand til å tale si eiga sak, slik kan også folket verte i stand til det. Det er også poenget med den kristne vekkinga.

Slektskapet er allereie notert som ein god grunn, så eg vil skrive litt meir om mi slektstavle. På farsida ættar eg to gongar frå Ragnvald Mørejarl. Eg søkte på jarl i slektstreet mitt og fann det 17 gongar. Tre av dei var ladejarlar, eg ættar frå Einar Einrideson Tambarsjelvar, gjennom kona hans, Bergljot Håkonsdatter, som ætta frå ladejarlar i tre generasjonar.

Eg ættar tre gongar frå Harald Hårfagre, gjennom dei tre konene hans Ragnhild, Svanhild og Snøfrid. I fjerde generasjon etter Snøfrid er det gjennom to forgreiningar og i femte generasjon etter Svanhild er det gjennom tre forgreiningar. Slik ætta eg frå dei gamle vikingkongane. I slektstavla mi finn eg 12 kongar, kong Arnvid (35 generasjonar), kong Eirik (33g), kong Gorm Knutson den Gamle, kong Harald Hårfagre (33g), kong Harald Hårdråde (29g), kong Håkon Håkonson (22g), kong Håkon Sverreson (23g), kong Magnus Olavson Berrføtt (27g), kong Olav Haraldson Kyrre (28g), kong Sigurd Haraldson Munn (25g), kong Svein Haraldson Tjueskjegg (danskekongen), kong Sverre (Sigurdson? 29g).

https://no.wikipedia.org/wiki/Einar_Tambarskjelve

Samling av Noreg.

Harald Hårfagre var ein konge som ville fri til ei ung kvinne som heitte Gyda og var dotter til ein konge i Hordaland. Men ho ville ikkje komme til han før han hadde samla Noreg til eitt rike. Då sa han at han ville ikkje klippe hår og skjegg før han hadde samla Noreg til eitt rike. Så prøvde han først å få med seg småkongar og jarlar som frivillig ville støtte han som Noregs konge, han fekk med seg Ladejarl og Ragnvald Mørejarl.

At Harald ville samle Noreg til eitt rike, for å få Gyda til kone, verkar eventyrleg. Det kan no godt vere at han har tenkt slik og det var no ein grunn til at han fekk tilnamnet Hårfagre. Men i soga er det fortalt om at ein småkonge kunne inngå som ein vennskaps-pakt med ein annan småkonge, ved at han fekk ei av døtrene hans til kone. Slik også når ein konge ville samle Noreg til eitt rike, han fekk støtte frå småkongar og jarlar som han soleis inngjekk vennskapspakt med. Og ein slik «storkonge» kunne inngå fred med ein annan storkonge ved å få ei av døtrene hans til kone.

Seinare prøvde Olav Tryggvasson å samle Noreg med kristendomen og det prøvde Olav den Heilage Haraldson også. I begge tilfelle var det ved å gjere avtale med kongen i England og motstanden kom frå kongen i Danmark. Noreg vart sjølvstendig og fekk skrivne lover ved Magnus Lagabøte og fekk si stordomstid.

https://no.wikipedia.org/wiki/Norgesveldet

Noreg, eit lydrike eller eit sjølvstendig rike?

Noreg inngjekk ein union med Danmark og Sverige. Sverige trekte seg raskt ut igjen, men Noreg vart meir og meir eit lydrike under Danmark.

Danmark-Noreg var nøytrale under Napoleons-krigane og det var ei god tid for norske reiarlag. Det var viktig for Danmark å ikkje få Frankrike som fiende og dei frykta den tyske hæren. For Noreg var det viktig å ikkje få Storbritannia som fiende. Men den britiske marinen angreip København og øydela delvis den dansk-norske flåten, så Danmark-Noreg kom på Napoleons side. Gjennom avtalen med Frankrike fekk Noreg òg krig med Sverige. Ifølgje fredsavtalen i Kiel skulle Sverige få Noreg. Den svenske arvingen til trona, Kristian August, døydde så dei tok ein av generalane til Napoleon, Jean-Baptiste Bernadotte som konge og kalla han Karl Johan. Han visste at mange nordmenn syntest det var heilt feil å vera i krig med Storbritannia, og han prøvde å få dei til å støtta han som konge.

Kongen i Danmark-Noreg, Fredrik 6, forhandla med Sverige i Kiel, men i 1813 kom arvingen til trona i Danmark-Noreg, Kristian Fredrik, til Noreg og ønskte å gjera det uavhengig av Danmark. I eit møte på Eidsvoll 19.2.2022 sa han at han ønskte å krevja trona som arving, men professor Georg Sverdrup sa at no må det vera i samsvar med folkesuvereniteten, så han kalla seg ikkje konge, men regent. Dei bestemte seg òg for at det skulle koma folkevalde til ei nasjonalforsamling som skulle gi Noreg ei grunnlov.  Det gjorde den og valde òg Kristian Fredrik som konge. Han håpte på hjelp frå Storbritannia, men det kom ikkje.

No kom det til krig mellom Sverige og Noreg, etter nesten to veker vart det våpenkvile, Kristian Fredrik måtte gi opp trona. Noreg vart tvinga inn i union med Sverige, men etter å ha gjort nokre justeringar i grunnlova valde Stortinget den svenske kongen Karl 13 som konge. Så no var Noreg ein nasjon med grunnlov og Storting, men i union med Sverige. I 1905 var unionen over og Noreg var sjølvstendig nasjon.

Med renessansen og opplysningstida i Vest-Europa var det også ein renessanse av evangelisk kristendom, så det kom ein filosofi om fridom for folket og nasjonen. Med denne tankegangen frigjorde Noreg seg frå «unionen» og vart uavhengig, nesten utan bruk av våpen, med unntak av å vere trugane.

Småkongar som fekk seg ein storkonge.

Vi kan samanlikne dei små vikingkongane med dei ti strategane i det gamle Hellas, men dei klarde å styre i fellesskap, gjennom demokrati. På heimesida «trua og entropien» har eg ein meny som eg kallar profetiane, der eg skriv om at dette var profetert. Det er dei ti horna på det fjerde dyret i Daniels Bok. Og det er dei ti horna på Dyret i Johannes Openberring, så den profeterer om renessansen. Så det talar om nasjonal frigjering, men så får også Dyret makt som ein over-najonalitet. Det har framleis aktualitet.

Men då er det også profetert at dei kristne skal sigre over dei.

Johannes Openberring 17,9 Dei sju hovuda er sju fjell, og på dei sit kvinna. Dei er òg sju kongar: 10 Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen, og når han kjem, skal han bli verande berre ei lita stund. 11 Dyret som var, men ikkje er, det er sjølv den åttande, men like fullt ein av dei sju og går sin undergang i møte. 12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått kongerike, men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time. 13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og sin råderett til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet. Men Lammet er herren over herrane og kongen over kongane og skal sigra over dei saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

Kristus er den siste Adam og hans kyrkje er hans brud.

I den andre skapingssoga, er Adam og Eva representativ for eit heilt folk overfor Gud, slik er den også representativ for alle menneske og for alle folk. Gud skapte oss og gjer det framleis, både som einskildmenneske og folk. På grunn av syndefallet forstod dei seg ikkje lengre på det og gøymde seg for han med dårleg samvit. Mannen vart dømd til døden.

Men Gud forsona verda med seg, ved at Kristus døde i staden for oss. På det grunnlaget får vi atter komme inn i det nære samfunnet med han, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Apostlane og dei første kristne forkynte evangeliet med fredelege metode, sjølv om dei vart forfølgde. Gud gav med dei og gjorde sitt verk, så kyrkja voks likevel. Etter nokre hundre år vart kristendomen legalisert og då var det ikkje lenge før den vart gjort til stats-religion i Romarriket, keisaren ville grunne makta si på den altså. Sidan vart det mykje religionskrig og etter mykje slik om og men, fann folka ut at dei ville ha nasjonalstatar. Fortsatt vart det mykje krig. Men evangeliet er og blir ein grunnvoll som vi, som Guds medarbeidarar, får bygge Jesu kyrkje på og det er framleis med fredelege metode. Kvar einskild får bygge på den grunnvollen, bygge utdanning, arbeid, økonomi og karriære, bygge ekteskap, familieliv, hus og heim. Men det mest verdifulle er det som varer, det som er evig, at menneske vert frelst, det er Guds verk. Så det er om å gjere for oss å la Gud gjere sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande.

Eit kongeleg presteskap.

Peter sa til dei kristne at dei er eit kongeleg presteskap.

1.Pet.2,9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys.

Det har seg slik at Kristus er vår øvsteprest og vår talsmann hos Faderen og han er kongars konge. Prestetenesta i den gamle pakt er førebilete på prestetenesta i den nye pakt, men no treng vi ikkje prestane bere fram noko syndeoffer meir. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt syndeoffer tok Jesus bort synda ein gong for alle, så han er øvsteprest til evig tid, etter Melkesedeks vis. Før var det berre den levittiske øvstepresten som kunne gå inn i det høgheilage og berre ein gong om året, med syndeoffer. Men no har Jesus bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, så vi alle kan gå inn og gjere presteteneste i Guds heilagdom. Vi får komme inn for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Vi får tale vår eiga sak for nådens trone, Kristus er vår øvsteprest og talar vår sak for Faderen. Slik kan vi også tale andre si sak, sjølv om dei ikkje veit det. Kristus gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Med den Anden har gir oss utrustar han oss til å tene han som eit kongeleg presteskap, for han er vår øvsteprest og vår konge.

Slik kan han også setje oss i stand til å tale folkets sak, for Kristus er Guds Messias, Gud har salva han og innsett han som vår øvsteprest og vår frelsekonge ved si høgre hand i himmelen. Derfor ynskjer vi å presentere han slik for folket gjennom hans kyrkje og eg kjenner meg trygg på at han set oss i stand til å representere han slik også, det er mi målsetting og mi hensikt.

Jesus sa eg skulle bruke det som eg har fått.

I fjord sommar sa Jesus til meg at eg elskar han, eg er hans medarbeidar og han fryda seg over meg. Han sa også om at eg skulle forkynne for andre menneske og føre dei til han, så ville han fryde seg endå meir over meg.

I 1990 kalla han meg inn på vegen til det Nye Jerusalem, det kjem ned på den nye jorda, så det verkar no nokså fjernt, men eg var hans tenar i hans heilagdom, så då skulle eg altså gå vegen han har bana for meg gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen. Så det var å vandre i tru, som vi ser i Heb.11. Hausten 2008 kalla han meg til å gå ut på lovnadane, gå i ferdiglagde gjerningar. Eg skulle gå inn i hans dimensjonar, ja, men no vart det også klart at eg skulle bevege meg fysisk. Så eg for til Oslo, studerte praktisk pedagogikk og sidan realfag igjen. I fjord haust kalla han meg til å ta oppatt mi vandring med han, så eg tenkte på å fram igjen lærebøkene i realfag og friske oppatt kunnskapen litt, spesielt matematikk og matematiske fag, som fysikk og kjemi. For han sa eg skulle ikkje sjå på det eg ikkje har, men det eg har og det eg er god på og bruke det han har gitt meg. Ja, han har no gitt meg både nådegåve og naturgåve, så då er det no om å gjere å bruke det.

Å studere realfag har det ikkje vorte noko meir av enno, men det har vorte ein del skriveri på internett og då har eg no vore fri til å bruke det eg har lært, både i realfag og i Bibelen. Han vil bruke meg i denne siste tida og eg skal bruke det han har gitt meg. Eg skal heilhjarta halde meg til han, så kjem han meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone, som ei nådegåve altså. På førre møtet (Kristi himmelfartsdag 27.5.2022) sa han at eg skulle ta meg sjølv alvorleg og ta han alvorleg. Så eg svarde at då skal vel eg ha kroppen hennar og han skal ha kroppen til kyrkja som er hans brud. Og i dette møtet (Søndag 27.5.2022) minna han oss om at vi skulle komme til han, alle vi som strevar og har tungt å bere, hos han får vi kvile. Ja, det er no klart at om eg skulle ta ansvar for kroppen hennar, som ektemann, med familie og heile pakken, så ville det vere arbeids-krevjande og krevje god økonomi. Det var vel noko som vi forstod vi måtte vere førebudde på, allereie som born og sidan måtte vi vurdere utdanning opp mot dette. Krav og forventning om utdanning kunne også opplevast som tunge byrder. Så her vart det viktig å vurdere kva som var tenleg til kva. Det var om å gjere å komme til Jesus med det også.

Matt.11,28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Det som er ånd er ånd og det som er kjøt. Jesus gir ånd til vår ånd og liv til vår sjel. Kristus vart levandegjord i Anden, så den Anden han gir oss er suveren over kjøtet og den fysiske naturen. Så det er om å gjere for oss å verte fylte av den Heilage Anden, av hans salving og hans kraft. Han gir oss det av berre nåde og det er som han dukar bord for oss og det er berre for oss å komme og forsyne oss av det han set fram for oss. Kroppane våre er tempel for den Heilage Ande og ved Herrens bord får vi åndeleg mat, både for ånd, sjel og lekam.

I bodskapen 17.2.2013 sa Jesus til meg:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkingar (Då tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella). For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Det er lenge sidan eg har sett Virtuella og Reella, men det er Anden som herleggjer og openberrar Kristus for meg, så eg framleis kan sjå på han i mitt forhold til dei, han er trua sin opphavsmann og fullendar både for meg og for dei. Han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, så eg tenker meg at han gjer meg til kanal for si velsigning til dei, ved å velsigne meg, velsignar han dei også, eg vert velsigna saman med han og dei vert velsigna saman med meg og han, han gir dei ånd og liv og vekker dei opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Ho Virtuella levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn. Ho takka Gud og Lammet for frelsa, lovpriste Kristus som sin frelsar, Herre og brudgom. Og det vil eg at ho framleis skal gjere og det vil eg at ho Reella også skal gjere. Og det i den kristne kyrkja, som er Kristi brud og Kristi kone og som soleis er til hjelp for han. Soleis ventar eg at han også vil gi meg hjelp i form av ei kone ettersom den overordna hensikta er at vi som Kristi kyrkje skal vere til hjelp for han. Då er det henne Reella eg tenker slik om.

Her er eit poeng med at eg studerte realfag og såg det som eit kall ifrå Jesus, at eg tente han med det. Ho Reella også studerte realfag, biologi. Eg tenker meg at vi som Kristi kyrkje tener han med det, slik er vi til hjelp for han med det, som hans brud, sidan han er Sanninga. Og når han gir meg ei kone, så blir ho til hjelp for meg, som mi brud og vi blir til hjelp for han, som hans brud.

Ved trua på Kristus får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4), for det er han som gjer sitt verk med oss, hans skaparverk er fullført og hans frelseverk er fullført og fullkome. Den kvila er utgangspunktet for all vår teneste. Så vi må byrje med å takke Gud og Lammet for frelsa. Så vert vi utrusta til å tene han på ein ny måte.

Sivert Mørejarl.