Bildetekst: Keisar Konstantin. Dei kristne vart forfølgde fordi dei ikkje ville dyrke keisaren som gud. Men keisar Konstantin legaliserte kristendomen og på kyrkjemøtet i Nikea vart han og forsamlinga overtyda om at Kristus var Guds Son og var dermed Gud.
Ei fredeleg tid med ei ny tidsrekning.
Med keisar Augustus kom det ei fredeleg tid, så folk byrja å snakke om ei ny tidsrekning og den kom ved Jesu fødsel. Ja, for dei kristne brukte fredelege metode, dei var forfølgde, men likevel voks den kristne kyrkja. Herskarane gav opp forfølginga og legaliserte den og då var det ikkje lenge før kristendomen vart gjort til statsreligion.
Men krig var det framleis og det har det vore sidan også. Og Jesus hadde då profetert om at det kom til å verte krig, så dei kristne skulle ikkje verte så opptekne av det, men halde fram med det oppdraget han hadde gitt dei, søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, i heimane og i kyrkjelydane, løfte blikket og hugen opp til han og så skulle dei gå ut og vitne om han for menneska og få sjå at han var med dei. Så når dei gjekk ut og møtte andre menneske, skulle dei få møte han også. Sjølv om våre vitnemål er enkle, så kan det få stor betydning, fordi han er med oss.
JHVH, Adonai, Jahve, «Eg ER».
Når Gud kalla Moses til å føre folket sitt ut av Egypt, spurde Moses kven han skulle seie som hadde sendt han. Då sa Gud til han at han var Abraham, Isak og Jakob sin Gud, dei skulle også kalla han «Eg ER» (JHVH), for han er den han er.
2.Mos.3,13 Då sa Moses til Gud: «Enn om eg går til israelittane og seier til dei: Han som er dykkar fedrars Gud, har sendt meg, og dei så spør meg: Kva er namnet hans? Kva skal eg svara dei?» 14 Gud svara Moses: «Eg er den eg er.» Og han sa: «Slik skal du svara israelittane: Eg er har sendt meg til dykk.» 15 Og Gud heldt fram: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Dette er mitt namn til evig tid, dette skal eg kallast frå slekt til slekt.
David H. Stern er ein messiansk jøde som oversette heile Biblen spesielt for jødar, så han kalla den «Complete Jewish Bible» (CJB). Han skreiv eit interessant forord og eg vil referere til den som CJBf.
JHVH vert kalla tetragrammet, det består av fire konsonantar, for dei brukte ikkje å skrive ned vokalane. Eigentleg er det hebraiske konsonantar som i CJBf vert skrivne «Yud-Hev-Vav-Heh», det skal uttalast omtrent slik altså, men sidan dei ikkje skriv ned vokalane, gløymde dei korleis det skulle uttalast. Det hadde seg også slik at dei var redde for å seie Guds namn, dei var redde for å missbruke det, for det var straffbart. Det høyrest tragisk ut, for alle som kalla på Herrens namn skulle verte frelst, så då var no det viktig for dei. I synagogene brukar dei no berre Adonai (min Herre) som Guds namn, dersom dei vil presisere at det er «Eg er», så seier dei berre «Namnet».
Allereie på Jesu tid var det berre øvstepresten som uttalte Guds namn (JHVH) og berre ved Yom Kippur feiringa, når han gjekk inn i det høgheilage. Masoretane var jødiske skriftlærde som skreiv av dei hebraiske og arameiske tekstane i Tanaken i tidleg middelalder, 600-900 e.Kr. resultatet var den Masoretiske bibeltteksta (MT). Masora er hebraisk for tradisjon. Dei tilføya vokalar på ein slik måte at det var tydeleg kva som var den opphavlege teksta, dei brukte punkt og strek som koda for vokalane.
Men kravet om at dei ikkje skulle misbruke Guds namn, var så strengt at når dei skulle skrive vokal-punkta i Torahen, brukte dei ikkje vokalane til JHVH, men vokalane til Adonai i staden. Dette namnet finn vi ofte i Bibelen og betyr «min Herre». Desse vokalane har saman med JHVH vorte til det engelske ordet Jehova, men det er altså eit hybrid ord som det ikkje er historisk grunnlag for.
Men han får problem med å oversette «Adonai Yud-Hev-Vav-Heh», det kan verte oversett med «Adonai Elohim», sidan Elohim er eit namn på Gud. Men mange jødar, spesielt dei ultra-ortodokse har slutta med å bruke desse orda også. Dei brukar andre namn, eit av dei er «HaShem», som betyr «Namnet». I engelske Biblar vert Gud kalla «the Lord». Kva med å kalle han Yahweh eller Yahveh (Jahve)? Dei veit ikkje for sikkert om dette er rette uttalen og det verkar rart for jødane. Så Stern valde ikkje noko av desse namna, men han har ikkje særleg mot at dei vert brukte, han vil ikkje kjenne seg såra av den grunn.
https://no.wikipedia.org/wiki/Masoreter https://en.wikipedia.org/wiki/Masoretes .
Treeinig Gud i det nye testamentet.
Når Stern vart messiansk prøvde han å finne ut av om det Nye Testamentet verkeleg påstod at Gud var treeinig. Grunnteksta er gresk og det greske ordet for herre er «kurios», same enten det er herren på ein herregard eller ein gud. Så dei fleste bibeltekstar brukar berre herre om både Faderen, Sonen og den Heilage Ande. Korleis kunne han då vite om det betydde Adonai eller JHVH? Jau, han fann nokre bibelvers i det Nye Testamentet som refererte til vers i det Gamel testamentet, der det var brukt JHVH. Her er dei.
Fil.2. 10 I Jesu namn skal difor
kvart kne bøya seg,
i himmelen, på jorda og under jorda,
11 og kvar tunge vedkjenna
at Jesus Kristus er Herre,
til Gud Faders ære!
Jesaja.45,22 Vend dykk til meg og bli frelste,
alle endane av jorda!
For eg er Gud, og ingen annan.
23 Ved meg sjølv har eg svore,
rettferd har gått ut frå min munn,
eit ord som ikkje vender attende:
For meg skal kvart kne bøya seg,
kvar tunge skal sverja ved meg.
24 Om meg skal dei seia:
«Berre hos Herren er rettferd og styrke.»
Til han skal dei koma i skam,
alle som var harme på han.
2.Kor.3, 13 Vi gjer ikkje som Moses, som la eit slør over andletet så israelittane ikkje skulle sjå den minkande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sløret der når dei les frå den gamle pakta, og det blir ikkje fjerna, for det er i Kristus det blir teke bort. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit slør over hjartet deira når det blir lese frå Moselova. 16 Men når dei vender om til Herren, blir sløret teke bort. 17 Herren, det er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.
2.Mos.34, 27 Herren sa til Moses: «Skriv ned desse orda, for etter desse orda gjer eg ei pakt med deg og Israel.» 28 Moses var hos Herren i førti dagar og førti netter, og han smaka korkje mat eller drikke. Og han skreiv paktorda, dei ti boda, på tavlene. 29 Så gjekk Moses ned frå Sinai-fjellet; han hadde vitnemålet, dei to tavlene, i hendene då han gjekk ned frå fjellet. Moses visste ikkje at det stråla av andletet hans fordi Herren hadde tala med han. 30 Aron og israelittane såg at det stråla av andletet hans, og dei var redde for å koma nær han. 31 Men Moses ropa på dei, og då kom Aron og alle leiarane i forsamlinga til han, og han tala til dei. 32 Sidan kom alle israelittane til han, og Moses bar fram alle dei boda Herren hadde gjeve han på Sinai-fjellet. 33 Då Moses var ferdig med å tala med dei, la han eit slør over andletet sitt. 34 Men kvar gong han gjekk fram for Herrens andlet for å tala med han, tok han sløret bort til han skulle ut att. Og når han kom ut, tala han til israelittane om det som var sagt han føre. 35 Då såg israelittane korleis det stråla av andletet hans, og Moses la sløret over andletet att til han skulle inn og tala med Herren.
Den Katolske kyrkja påstod at Kristus var streng, at vanlege folk ikkje kunne be til han.
Areanarane ville ikkje godta at Kristus var Gud, så keisar Konstantin kalla saman til kyrkjemøtet i Nikea i 325 e.Kr. Bispen Atanasius overtyda både han og forsamlinga så treeinigheta vart godkjend som den rette lære.
Sidan kom Augustin (354-430 e.Kr) med læra om Gudsstaten som strir mot den jordiske staten, dette er åndelege krefter, så Gudsstaten må vere Guds rike og den jordiske staten må vere Satan og hans makt. Gud har skapt både kyrkjemakta og den verdslege makta og begge skal stride for Gudsstaten. Men uttrykka «den jordiske staten» og «den verdslege makta» er då svært like, så dette er eigentleg ikkje særleg klargjerande. Augustin godtok ei lære som hadde vore framme før, at der finst ikkje anna veg til frelse enn gjennom kyrkja. Leiarane i kyrkja påstod etter kvart at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne gå til han direkte, dei måtte gå via paven, prestane og helgenane.
Med pave Gregor den Store (590-604) kom bannlysinga, skjærselden og klostersamskipnaden. Med avlatshandelen kunne dei kjøpe seg fri frå skjærselden. Med klostersamskipnaden skulle dei inkludere folk som søkte Gud i einsemda. Med bannlysinga skulle dei stenge menneske ute frå kyrkja, for å hindre at dei skulle verte frelst. Avlatshandelen fekk si stordomstid på 1200-talet, då Thomismen vart godteken som kyrkja sin filosofi.
Augustin laga ei syntese av kristendom og nyplatonisme. Sidan laga Thomas Aquinas (1225-1274 e.Kr.) ei syntese av aristotelisme og kristendom. Så antikk filosofi fortrengde evangelisk kristendom, derfor konkluderte dei med at Kristus var så streng. Antikk filosofi fortrengde sikkert Guds namn i jødedommen også, men det har ei historie som går lengre bak i tid en til antikken.
Guds plan med Israels-folket var å gjere namnet sitt kjent for alle folk.
Guds plan med Israel var å gjere namnet sitt kjent for alle folk, så dei skulle lære seg å dømme rett og verte frelste ved det namnet. Det blir sagt mange gangar i det gamle testamentet, til dømes når dei lovprisa Gud etter at dei hadde fått paktkista på plass i møte-teltet.
1.Krøn.16,1 Dei førte Guds paktkiste inn og sette henne i det teltet som David hadde reist for henne, og dei bar fram brennoffer og fredsoffer for Gud. 2 Då David var ferdig med å bera fram brennofferet og fredsofferet, velsigna han folket i Herrens namn. 3 Så delte han ut eit rundt brød, ei daddelkake og ei rosinkake til alle israelittane, til kvar mann og kvinne. 4 Han sette nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste, til å påkalla, takka og lovsyngja Herren, Israels Gud. 5 Asaf var den øvste av dei, etter han kom Sakarja, så Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je’iel, alle med harper og lyrer. Asaf skulle slå på symbalane, 6 og prestane Benaja og Jahasiel skulle ha som fast oppgåve å blåsa i trompetar framfor paktkista. 7 Den dagen sette David for første gong Asaf og brørne hans til å prisa Herren:
8 Pris Herren, kall på hans namn,
gjer gjerningane hans kjende blant folka!
9 Syng for han og spel for han,
syng om alle hans under!
10 Ver stolte over hans heilage namn!
Gled dykk i hjartet, de som søkjer Herren.
11 Spør etter Herren og hans makt,
søk alltid hans andlet!
12 Kom i hug det underfulle han har gjort,
teikna hans og lovene frå hans munn,
13 du ætt av Israel, hans tenar,
Jakobs søner, som han har valt ut.
14 Han er Herren vår Gud,
lovene hans gjeld over heile jorda.
15 Hugs hans pakt til evig tid,
ordet han gav, i tusen slektsledd,
16 pakta han gjorde med Abraham,
og eiden han svor til Isak.
17 Dette sette han opp som forskrift for Jakob,
som ei evig pakt for Israel.
18 Han sa: «Eg gjev deg landet Kanaan
til arv og eige.»
19 Der var de ein liten flokk,
få og framande.
20 Dei vandra frå folk til folk,
frå det eine riket til det andre.
21 Men han lét ingen få undertrykkja dei,
han refsa kongar for deira skuld:
22 «Rør ikkje dei som eg har salva,
gjer ikkje vondt mot mine profetar!»
23 Syng for Herren, all jorda!
Forkynn hans frelse frå dag til dag!
24 Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,
mellom alle folk om hans under!
25 For Herren er stor og verdig lov og pris,
verd å frykta meir enn alle gudar.
26 Alle gudane til folka er avgudar.
Det var Herren som skapte himmelen.
27 Høgd og herlegdom er framfor han,
makt og glans på hans heilage stad.
28 Gjev Herren ære, de folk og slekter,
gjev Herren ære og makt!
29 Gjev Herren den ære hans namn skal ha.
Kom fram for han med gåver!
Bøy dykk for Herren
i heilag prakt!
30 Skjelv for han, all jorda!
Verda står fast, ho kan ikkje rokkast.
31 Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla.
Dei skal forkynna mellom folka at Herren er konge.
32 Havet og alt som fyller det, skal brusa.
Marka skal jubla med alt ho ber.
33 Då ropar kvart tre i skogen av fryd
for Herrens andlet,
for han kjem for å dømma jorda.
34 Takk Herren, for han er god,
evig varer hans miskunn!
35 De skal seia: Frels oss, Gud, vår frelsar.
Sank oss inn og berg oss frå folka,
så vi kan prisa ditt heilage namn
og uredde lovsyngja deg.
36 Velsigna er Herren, Israels Gud,
frå æve til æve!
Og heile folket sa «amen» og prisa Herren.
Kvar den som kallar på Herrens namn skal verte frelst.
Kvar den som kalla på Herrens namn skulle verte frelst, i den nye pakta vart det heilt klart at det gjaldt heidningane også.
Rom.10,5 Moses skriv om den rettferda som lova gjev: Det mennesket som lever etter boda, skal ha liv ved dei. 6 Men den rettferda som kjem av tru, seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i din munn og i ditt hjarte. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. 10 Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal bli til skamme. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.
Israelsfolket var Guds kone, så ho skulle kalle han for sin mann.
Israels-folket var Guds kone, så hennar born skulle vere Guds born. Men det forstod ho ikkje, så ho byrja å dyrke Baál-gudane og slik vart ho ei hore. Så ho endåtil kalla Gud «min Baál». Det også betyr «min herre», men kva slags herre? Det er stor skilnad på slike herrar og å ha Israels Gud til Herre.
Hoseas.2,13 Eg vil straffa henne for dei dagane
då ho tende offereld for Baal-gudane,
pynta seg med ringar og smykke
og gjekk etter elskarane sine,
men gløymde meg,
seier Herren.
Gud tek Israel til nåde att
14 Difor vil eg lokka henne, føra henne ut i ørkenen og tala til hjartet hennar. 15 Der vil eg gje henne vingardane tilbake, og Akor-dalen skal bli ein port til von. Der skal ho svara som i ungdomsdagane, som då ho drog opp frå Egypt.
16 Og den dagen, seier Herren, skal ho kalla meg «Min mann». Ho skal ikkje lenger kalla meg «Min Baal». 17 Eg vil fjerna Baal-namna frå munnen hennar, dei skal ikkje nemnast med namn meir.
18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med villdyra på marka, fuglane under himmelen og krypet på jorda. Boge, sverd og krigsvåpen vil eg bryta sund og utrydda frå landet, og eg vil la dei bu trygt.
19 Eg vil binda meg til deg for alltid. Eg vil binda meg til deg i rettferd og rett, i kjærleik og miskunn. 20 Eg vil binda meg til deg i truskap, og du skal kjenna Herren.
21 Den dagen vil eg svara, seier Herren, eg vil svara himmelen, og han skal svara jorda. 22 Jorda skal svara kornet, den nye vinen og den fine oljen, og dei skal svara Jisreel.
23 Eg vil så henne ut i landet mitt og miskunna meg over Lo Ruhamá. Til Lo Ammí vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»
Dette er ein profeti om at Jesus gjer Faderen kjend for oss og at Jesu kyrkje er hans brud.
Evangeliet, vitskapen og rasjonaliteten.
Utviklinga av moderne vitskap byrja med astronomi allereie på slutten av 1400-talet, til dømes ved Nicolas Copernicus (1473-1543). Pionerane var kristne lærde menneske, dei kjende godt til både kristendomen og antikk filosofi. Galilei var til dømes overvelda av oppdagingane han hadde gjort og takka Gud for det. Likevel forfølgde den Katolske Kyrkja han. Då måtte det vere fordi dei gjennom den antikke filosofien hadde erstatta kristendomen med antikk mytologi.
Men så kom rasjonalistane med ein ny filosofi som høvde både med den nye naturvitskapen, metodane den brukte og kristendomen. Eg tenker, altså er eg, sa Descartes. Han var bevisst, derfor kunne han vere sikker på at han eksisterte. Så tenkte han seg ei bevisstheit, Gud, som eksisterte sjølv om menneske ikkje veit det, sjølv om menneske ikkje er bevist. Det vesentlege var altså ikkje å uttale ordet JHVH rett, men å forstå kva det betydde, «Eg Er» betyr «Eg Eksisterer»
Spinosa bygde vidare på Descartes filosofi og meinte at der er ei allmenngyldig sanning som set oss fri. Det finn vi hos mange filosofar tidlegare, til dømes Sokrates, dermed også Platon. Eg vi finn det i kristendomen.
Guds born, verte som born.
Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Berre slik kan vi komme inn i Guds rike, vi må vende om og verte som born for å komme inni det. Den som vil vere stor i Guds rike, må gjere seg liten som eit barn. Eit barn som stolar på Gud som sin far, at han elskar sitt barn og tek omsorg for det og gir det gode gaver. Den som soleis gjer seg liten som eit barn får oppleve at Gud er stor og gjer storverk med oss og det er det som gjer at han eller ho blir stor i Guds rike.
Når dei unge kjem opp i den alderen at ein gut vil finne seg ein kjæraste og ei kone og ei jente vil finne seg ein kjæraste og ektemann, vert det forventa at dei skal vere vaksne nok til det, men for mange betyr det at dei legg bak seg mykje av barnelærdomen dei fekk i den kristne forkynninga. Men i følge kristendomen skal vi halde fram med å leve i barnekåret hos Gud.
Gud skapte menneska i si likning, til mann og kvinne skapte han dei, han skapte mannen og han skapte kvinna til å vere ei hjelp for han. Så frelser han dei også, han frelser mann og han frelser kvinne, han frelser ein mann som ektemann og ei kvinne som kona hans. Dette stemmer både med naturvitskapen og med kristendomen.
Fridomen i barnekåret hos Gud inneber at vi kan komme til han med alle våre behov, han svarer oss ved sitt Ord og ved fylden av den Heilage Ande. At han gir oss det som kroppen treng, har også si naturlege forklaring, det strir altså ikkje mot den forklaringa at Gud gir oss det, men tvert om stadfester det og sannsynleggjer det. Det samsvarar med at jordiske foreldre har omsorg for sine born.
Motstanden frå slavedrivarane vert til rasehat.
No er det mange som ikkje vil godta dette, fordi dei vil gjere menneska til trælar frå dei er unge. Dei ser økonomisk vinning i det og høve til makt gjennom religionen og prøver å gjere politikk ut av det, i tråd med ein moral-filosofisk tradisjon. Den er fiendtleg til det åndelege livet i samfunnet med Gud, slik blir den også fiendtleg til det biologiske livet. Det er ein livsfiendtleg mørkemanns-filosofi.
Sidan vi ikkje er heilt villige til å verte salsvare, konkluderer dei med at vi ikkje er bra nok som salsvare, vi er ikkje bra nok som menneske, som mann eller kvinne, og det vert utvikla til ein raseteori. Kvinna har tydelegvis vore meir villig til å verte salsvare enn mannen, så det utartar seg som at den kvite mann ikkje er bra nok til å verte ektemann for den kvite kvinne. Dette er ein ny raseteori som langt på veg har vorte godteken av teologar, prestar, filosofar og politikarar.
Det har seg slik at når dei kristne forkynte evangeliet for heidningane, så kravde jødane at dei skulle la seg omskjere. Men Paulus sa at det ikkje var rett og forklarde det godt, omskjeringa i den gamle pakt er symbol på hjerteomskjeringa i Anden og den har vi fått ved å tru på Jesus. Det gjeld for både jødar og heidningar, så det er altså ikkje ved omskjering på kroppen. Ved å krevje at heidningane skulle omskjere seg, vart det lagt opp til ein ny raseteori og i Johannes Openberring er det tale om nokre som gav seg ut for å vere jødar, men som ikkje var det, men som var Satans Synagoge.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Djevelen prøver å få makt ved å freiste, men Kristus frelser oss og frir oss frå det. Han lærer oss å vende som og verte som born. Djevelens motstand utartar seg då som rasehat. Det samsvarar med at ormen si ætt som strir mot kvinna si ætt.