Bilde-tekst: Ramses 2, henta frå https://snl.no/Ramses_2 .
Innleiing.
Pyramidene i Egypt vart bygde ikring 2600- 1600 f.Kr. Dei står som monument over ein gammal «høgtståande kultur», men kor mange tenker over for eit meiningslaust slit det måtte vere for slavane å bygge dei? Dette var ein idiotisk og meiningslaus planøkonomi. Å bygge pyramider vart det slutt på omlag 100 år etter at jødane kom til Egypt. Når vi les i Bibelen om Josef i Egypt, er der sannsynlegvis ein samanheng. Han vart seld som træl og hamna urettmessig i fengsel, men så viste det seg at han kunne tyde draumar og fekk i oppgåve å tyde Faraos draum, at den varsla 7 gode år og 7 dårlege. Derfor rådde han Farao til å hamstre korn i dei 7 gode åra, så dei hadde til dei 7 uåra. Farao gav han oppgåva med å administrere det og vart med det den nest mektigaste mannen i Egypt, nest etter Farao. Dette er eit døme på Keynes planøkonomi, som om Josef fann den opp lenge før Keynes. Jødane var i Egypt i 4-500 år, 1700-1250 f.Kr og då vart dei trælka verre og verre.
I følgje historiske kjelder var Ramses 2 konge i Egypt ikring 1290-1225, altså på den tida Moses førde Israelsfolket ut frå Egypt. Så det ser ikkje akkurat ut til at han drukna i Raudehavet i lag med hæren sin. Han er ein av faraoane som fekk bygt mest, tempel og statuer av seg sjølv.
Etter at Gud hadde ført Israels-folket inn i landet som han hadde lova dei, vart det under kong David eit storrike. Son hans, kong Salomo fekk i oppgåve å bygge tempelet og det var fantastisk flått. Seinare vart landet hærteke av Babylonarane, tempelet vart nedrive og mesteparten av folket vart bortførde som slavar. Rett før dette profeterte Jesajas om at Gud legg ein grunnstein i Sion, ein hjørnestein til eit nytt tempel altså. Og den hjørnesteinen er Kristus. Dette vart det også profetert om når dei fekk kome attende til landet sitt og byrja å bygge oppatt tempelet. Øvstepresten og dei andre prestane var varselmenn om det som skulle komme (Sak.3).
Guds velsigning gir berekraftig økonomi, kvifor er det då så mykje krisemaksimering?
Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd og han fekk den lovnaden at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast. Det får vi oppfylt ved trua på Jesus. Gud er ånd og hans velsigning er åndeleg. Men det fører også til materiell velsigning, hans plan er å ta omsorg for oss som sine born og slik vil han ta omsorg for sine henders verk. Så det skulle vere ganske bra plan-økonomi, men det er ikkje alle tider vi forstår den planen, det er ikkje vi som legg planen, kanskje legg vi andre planar og finn at vi må endre planane våre. Men vi kan stole på Gud, han er ei trygg borg som vi kan ta tilflukt til.
Vi vår tid talar politikarar og massemedia om den eine krisa etter den andre, det verkar som dei treng ordet krise som eit utgangspunkt å argumentere utifrå. Det verkar som ein motsetnad mellom dette og vår tru på Gud og hans Ord, for med den trua har vi eit utgangspunkt å tenke utifrå, så vi taler Guds Ord.
Krisemaksimering går ut på å gi uttrykk for at ei krise er langt verre enn den er og dei radikale brukar krisemaksimering i politikken for å førebu revolusjon. Men det kan ofte ha meir for seg å bruke det om ein statleg planøkonomi som slår feil. I det siste har i alle falle ordet krise vorte brukt flittig, både av politikarar og massemedia og det inneber ein påstand om at den planlagde politikken og økonomien slo feil, det gjekk ikkje slik som dei hadde vona. Så spørst det om alternativet er noko betre!?
Dette er også eit filosofisk spørsmål, er menneske i stand til å tenke og planlegge sjølve og ta ansvar for seg sjølve og sin eigen økonomi? Kor mykje hjelp treng dei ved at andre tenker, planlegg og talar for dei? Den tradisjonelle moralfilosofien likar å påstå at vanlege folk er for dumme og for vonde til å tenke og leve som sjølvstendige menneske, derfor må dei vere trælar. Men evangeliet løyser dei frå den trældomen og lærer dei å tenke sjølvstendig. I tillegg får dei oppleve at Faderen har omsorg for dei. Derfor vert det krise for slik planøkonomi.
Krisemaksimeringa kan ha seg slik at der er så mange som står imot Guds frelseplan, det er ikkje lett å verte klok på. Kva kan vi gjere med det? Først og fremst vende oss til Kristus og ta parti med han og la han frelse oss.
Josefs økonomi i Egypt var som Keynes økonomi.
Gud sa til Abraham at folket hans kom til å verte trælar i eit anna land, før dei fekk ta i eige det landet som han lova dei. Det gjekk så til at Jakob fekk sonen Josef med Rakel, på sine gamle dagar og då vart det tydeleg at han heldt meir av han enn dei eldre brørne. Derfor vart dei hatige på han. Så fortalde han om to draumar han hadde fått og det gjorde at dei vart endå meir hatige på han. Nokre av halv-brørne hans ville drepe han, for å gjere draumane hans til skamme, men to av dei, Ruben og Juda, overtalte dei, så i staden selde dei han som selde han som træl og fekk faren til å tru at eit rovdyr hadde teke han, dei brukte kjortelen hans som «bevis». Men han hamna i Egypt.
1.Mos.39,1 Josef vart ført ned til Egypt. Og Potifar, ein egyptar som var hoffmann hjå farao og hovding over livvakta, kjøpte han av ismaelittane, som hadde hatt han med seg dit. 2 Men Herren var med Josef, så det gjekk han vel. Han vart verande i huset hjå den egyptiske husbonden sin. 3 Og då husbonden såg at Herren var med han og lét alt det han gjorde, lukkast, 4 vann Josef godvilje hjå han og fekk vera tenaren hans. Potifar sette han til å styra huset sitt og ha tilsyn med alt det han åtte. 5 Og frå den tid egyptaren hadde sett han over huset sitt og over heile eigedomen sin, velsigna Herren huset hans for Josef skuld. Herrens velsigning kvilte over alt det han hadde, både i huset og på marka. 6 Så lét han Josef rå over alt det han åtte. Når Potifar hadde han, gjorde han seg inga sut for noko anna enn den maten han åt.
Kona til Potifar la an på han, men han rømde. Så sa ho til mannen at han prøvde å voldta henne. Igjen vart kjortelen hans brukt som «bevis». No hamna han i fengsel. Men så viste det seg at han kunne tyde draumar og vart tilkalla for å tyde draumane til Farao.
1.Mos.41,1 To år etter hende det at farao hadde ein draum. Han tykte han stod nedmed Nilen. 2 Då steig det opp or elva sju kyr, fine å sjå til og godt i hold, og dei gav seg til å beita i elvegraset. 3 Etter dei kom det sju andre kyr opp or elva, stygge å sjå til og ringt i hold. Dei vart ståande attmed dei fyrste kyrne på elvebakken. 4 Og dei stygge, magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao.
5 Men så sovna han att og hadde ein draum til. No såg han sju tjukke, gode aks som voks på eitt og same strået. 6 Etter dei skaut det opp sju andre aks, som var tynne og svidne av austavinden. 7 Dei tynne aksa slukte dei sju tjukke, fulle aksa. Då vakna farao og skjøna at det var ein draum.
8 Men om morgonen hadde han slik uro i seg. Han sende bod etter alle spåmenn og vismenn i Egypt. Og farao fortalde dei draumane sine; men det var ingen som kunne tyda dei for han. 9 Då tok skjenkjarmeisteren åt farao til ords og sa: «Eg må minna om syndene mine i dag. 10 Farao vart ein gong harm på tenarane sine, meg og bakarmeisteren, og sette oss i varetekt hjå hovdingen over livvakta. 11 Ei natt drøymde vi, eg og han, og draumane våre hadde kvar si meining. 12 Der var vi saman med ein hebreargut, som tente hjå hovdingen over livvakta. Han fortalde vi draumane våre, og han tydde dei for oss; etter som kvar av oss hadde drøymt, tydde han dei. 13 Og så som han tydde dei for oss, så gjekk det. Eg fekk att stillinga mi, og bakaren vart hengd.»
14 Då sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og sleppte han ut or fengselet. Han raka seg og bytte klede, og så steig han fram for farao. 15 Då sa farao til Josef: «Eg har hatt ein draum, og det er ingen som kan tyda han. Men no har eg høyrt om deg at berre du høyrer ein draum, tyder du han med det same.» 16 Josef svara: «Eg rår ikkje for det. Gud vil nok gje eit svar som spår lukke for farao.» 17 Så sa farao til Josef: «Eg drøymde at eg stod nedmed Nilen. 18 Då kom det opp or elva sju kyr, feite og fine å sjå til; og dei gav seg til å beita i elvegraset. 19 Etter dei kom det opp sju andre kyr, som var tynne og magre og fælande stygge på skap. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt. 20 Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei sju fyrste, feite kyrne. 21 Men då dei hadde sett dei til livs, synte det ikkje på dei; dei var like stygge å sjå til som før. Då vakna eg. 22 Men eg sovna att, og drøymde at eg såg sju fulle og gode aks som voks på eitt og same strået. 23 Etter dei skaut det opp sju andre aks, turre og tynne og svidne av austavinden. 24 Dei tynne aksa slukte dei sju gode aksa. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne greia det ut for meg.»
25 Då sa Josef til farao: «Draumane åt farao har ei og same meining. Det Gud vil gjera, har han kunngjort for farao. 26 Dei sju gode kyrne, det er sju år, og dei sju gode aksa, det òg er sju år. Det er ein og same draumen. 27 Dei sju magre, stygge kyrne som kom opp etter hine, er sju år. Og det er dei sju tynne aksa òg, dei som var svidne av austavinden; det er sju uår som skal koma. 28 Det var det eg meinte då eg sa til farao: Det Gud vil gjera, har han synt farao. 29 No kjem det sju gode år i heile Egypt. 30 Men etter dei skal det koma sju uår, så all overfloda vert gløymd i Egypt, og uåra skal arma ut landet. 31 Ingen skal minnast overfloda i landet for den nauda som fylgjer; for ho vert ovhard. 32 Men når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud er fast rådd på dette, og at han vil gjera det snart. 33 No skulle farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt. 34 Og så skulle han setja inn tilsynsmenn utover landet til å krevja inn femteparten av grøda i Egypt i dei sju åra det er overflod. 35 Dei skal samla alle matvarene i desse gode åra som kjem, og lagra matkorn i byane og ta vare på det for farao. 36 Kornet skal vera til livberging for landet i dei sju uåra som kjem over Egypt, så folket ikkje går til grunne av svolt.»
37 Farao og alle mennene hans tykte godt om desse orda. 38 Og farao sa til mennene sine: «Skal tru vi finn ein mann som har Guds Ande som han?» 39 Så sa farao til Josef: «Sidan Gud har late deg få vita alt dette, finst det ingen så vis og vitug som du. 40 Du skal styra huset mitt, og det du seier, skal heile folket retta seg etter. Berre kongsstolen vil eg ha framom deg. 41 Sjå, eg set deg over heile Egypt,» sa farao til Josef. 42 Og farao tok seglringen av handa si og sette han på handa åt Josef. Så kledde han Josef i fine linklede og hengde ei gull-lekkje kring halsen hans. 43 Og han lét Josef køyra i den nest beste vogna si, og dei ropa «Abrek» for han. Såleis sette farao han over heile Egypt. 44 Og han sa til Josef: «Eg er farao. Ingen skal røra hand eller fot i heile Egyptarlandet utan at du vil det.» 45 Farao kalla Josef Safenat-Paneah og gav han Asenat til kone. Ho var dotter til Potifera, presten i On. Så tok Josef til å ferdast kringom i Egypt.
46 Josef var tretti år gamal då han steig fram for farao, kongen i Egypt. Og då Josef gjekk bort frå farao, fór han gjennom heile Egypt. 47 Jorda bar så det bogna dei sju åra det var overflod. 48 Og han samla allslags grøde i dei sju gode åra i Egypt og lagra henne i byane. I kvar by lagra han grøda frå markene der ikring. 49 Josef hauga opp korn i store mengder – som havsens sand – til dei gav opp å halda tal på det; for det var ikkje teljande.
50 Før det fyrste uåret kom, fekk Josef to søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On. 51 Den eldste kalla han Manasse. «For Gud har late meg gløyma all mi møde og heile mi ætt,» sa han. 52 Den andre kalla han Efraim. «For Gud har gjeve meg born i det landet der eg leid vondt,» sa han.
53 Så var dei til ende, dei sju gode åra i Egypt, 54 og dei sju uåra tok til å koma, som Josef hadde sagt. Det var naud og svolt i alle land; berre i Egypt fanst det mat. 55 Men snart tok alt folket i Egypt til å svelta, og dei ropa til farao etter brød. Og farao sa til dei: «Gå til Josef! Det han seier dykk, skal de gjera.» 56 Nauda breidde seg ut over heile landet. Då opna Josef alle lagra og selde korn til egyptarane; for nauda var hard i Egypt. 57 Og frå alle land kom det folk til Egypt og ville kjøpa korn hjå Josef; for nauda var hard over heile jorda.
Pengane er symbol for verdiar, tenker vi oss at dei er symbol på korn, innser vi at denne politikken høver med Keynes økonomiske lære. Men då må vi hugse på at den symbolske verdien kan variere, inflasjonen kan gjere pengane mindre verd. Det vesentlege vert å tenke på kva som er dei reelle verdiane. Energien i rekneskapet er fundamental, den er usynleg, men likevel reell.
I artikkelen
har eg skrive om planøkonomi, marknadsøkonomi og Keynes økonomi, spesielt for tida etter 1900. Også her har eg referert frå det gamle testamentet og så frå Jesu Bergpreike.
Israelsfolket vart slavefolk i Egypt.
Seinare vart Israels-folket eit slavefolk i Egypt, dei trælka for Farao og avgudane i Egypt.
2.Mos.1,8 Då kom det ein ny konge i Egypt, som ikkje visste noko om Josef. 9 Han sa til folket sitt: «Sjå, Israels-folket er større og sterkare enn vi. 10 Lat oss fara klokt fram, så dei ikkje skal auka endå meir! For kjem det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og fer frå landet!»
11 Så sette egyptarane futar over israelittane. Dei skulle plaga dei med tvangsarbeid. Israelittane laut byggja to byar med lagerhus for farao; det var Pitom og Ramses. 12 Men di meir egyptarane plaga dei, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, så egyptarane vart redde dei. 13 Dei nøydde israelittane til å træla for seg 14 og gjorde livet surt for dei med hardt arbeid i leirtaka og teglverka og med allslags jordarbeid. Alt dette trælearbeidet tvinga dei israelittane til å gjera.
15 Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearkvinnene – den eine heitte Sjifra og den andre Pua: 16 «Når de hjelper ei hebrearkone til å føda, skal de sjå etter i fødestolen. Er det då ein gut, skal de drepa han; er det ei jente, kan ho få leva.» 17 Men jordmødrene hadde age for Gud og gjorde ikkje som egyptarkongen sa; dei lét gutane leva. 18 Då kalla kongen jordmødrene til seg og sa til dei: «Kvifor gjer de dette og lèt gutane leva?» 19 Jordmødrene svara farao: «Dei hebraiske kvinnene er ikkje som dei egyptiske, dei er sterkare; før jordmora kjem, har dei fått barnet.» 20 Då gjorde Gud vel imot jordmødrene. Folket auka og vart svært talrikt. 21 Og fordi jordmødrene hadde age for Gud, gav han dei etterkomarar.
22 Då gav farao heile folket sitt dette påbodet: «Kvar son som vert fødd hjå hebrearane, skal de kasta i Nilen; men døtrene skal de la leva!»
Då vart Moses fødd, men han vart lagt i ei korg som flaut på Nilen. Dotter til Farao berga han, så han voks opp i Faraos hus. Seinare flykta han, men på sine gamle dagar kalla Gud han til å føre folket hans ut frå Egypt. Det var ein frigjerande bodskap til folket, men Farao gjorde trældomen hardare.
2.Mos.5,1 Sidan gjekk Moses og Aron fram for farao og sa: «Så seier Herren, Israels Gud: Lat folket mitt fara, så dei kan halda høgtid for meg i øydemarka!» 2 «Kven er Herren,» spurde farao, «sidan eg skal lyda han og la folket fara? Eg kjenner ikkje Herren og vil ikkje la Israel fara.» 3 Dei svara: «Hebrearguden har møtt oss. Difor vil vi fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud, så han ikkje skal koma over oss med pest eller sverd.» 4 Då sa egyptarkongen til dei: «Moses og Aron, kvifor dreg de folket bort frå det dei har å gjera? Gå til arbeidet dykkar!» 5 Og farao heldt fram: «De ser kor talrikt folket har vorte i landet no. Og så vil de lokka israelittane til å leggja ned arbeidet sitt!»
6 Same dagen gav farao futane og arbeidsformennene for folket dette påbodet: 7 «Heretter skal de ikkje gje folket halm til mursteinen, som de før har gjort. Dei skal sjølve gå og sanka seg halm. 8 Men de skal krevja like mykje murstein av dei no som før; de skal ikkje slå av på talet. For dei er late; difor skrik dei: Vi vil av og ofra til guden vår. 9 Legg tungt arbeid på karane, så dei har nok å gjera og ikkje høyrer på alt lygnsnakket!»
10 Då gjekk futane og arbeidsformennene ut og sa til folket: «Så seier farao: Eg gjev dykk ikkje halm lenger. 11 Gå sjølve og finn dykk halm kvar de kan! Men de slepp ikkje med mindre arbeid.»
12 Då spreidde folket seg ut over heile Egypt og sanka halmstrå til å ha i leira. 13 Men futane dreiv dei og sa: «Gjer arbeidet dykkar ferdig, fullt dagsverk kvar dag, som då de fekk halm!» 14 Og arbeidsformennene som futane åt farao hadde sett over israelittane, fekk hogg. Futane sa til dei: «Kvifor har de korkje i går eller i dag gjort ferdig så mykje murstein som de skulle, som før?»
15 Då gjekk arbeidsformennene og klaga til farao og sa: «Kvifor fer du såleis med tenarane dine? 16 Vi får ikkje halm, og likevel seier dei at vi skal laga murstein. Og så får vi hogg, endå det er dine folk som har skulda.» 17 Men farao sa: «Late er de, late! Difor seier de: Vi vil av og ofra til Herren. 18 Gå no og arbeid! Halm får de ikkje, men mursteinen skal de koma med, det fastsette talet.»
19 Arbeidsformennene skjøna at dei var ille farne då det vart sagt: «De får ikkje avslag i talet på murstein – fullt dagsverk kvar dag!» 20 Då dei kom ut frå farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på dei. 21 Dei sa til dei: «Gjev Herren må retta augo mot dykk og døma dykk fordi de har gjort farao og tenarane hans hatige på oss. De har gjeve dei sverd i hand til å drepa oss med.» 22 Då vende Moses seg atter til Herren og sa: «Herre, kvifor har du fare så ille med dette folket? Kvifor har du sendt meg? 23 Frå den stund eg gjekk fram for farao og tala i ditt namn, har han gjort vondt mot dette folket, og du har ikkje hjelpt folket ditt.»
2.Mos.5,6 Då sa Herren til Moses: «No skal du få sjå kva eg vil gjera med farao. Med mi sterke hand skal eg tvinga han til å la dei fara, ja, med mi sterke hand skal eg tvinga han til å driva dei ut or landet sitt.»
I følgje 2.Mos.1,11 Israelittane laut byggja to byar med lagerhus for farao; det var Pitom og Ramses vart jødane sette til å bygge to byar med lagerhus for farao; det var Pitom og Ramses.
Men Gud sende Moses for å frigjere dei. Først ville ikkje Farao la dei fara, men så gav han seg på det og let dei gå. Så angra han og sette etter dei med hæren sin, men det var Gud som laga det slik, for han ville vise si makt på Farao og heile hans hær.
2.Mos.14,1 Sidan sa Herren til Moses: 2 «Sei til israelittane at dei skal snu om og slå leir framfor Pi-Hakirot, midt for Ba’al-Safon, mellom Migdol og havet! Der skal de slå leir nedmed sjøen. 3 Så kjem farao til å tenkja at israelittane har villa seg bort i landet og ikkje finn ut or øydemarka att. 4 Og eg vil gjera han hard i hugen, så han set etter dei. Då skal eg visa mi guddomsmakt på farao og heile hans hær. Og egyptarane skal få kjenna at eg er Herren.» Israelittane gjorde som Herren sa.
5 Men då kongen i Egypt fekk vita at folket hadde rømt, snudde dei om, både han og mennene hans. «Kva er det vi har gjort,» sa dei, «vi som gav Israel fri frå arbeidet?» 6 Så spente han føre vogna si og tok hæren sin med seg. 7 Han tok seks hundre av dei beste vognene og alle dei andre vognene i Egypt, og djerve stridsmenn var det på dei alle. 8 For Herren gjorde farao, kongen i Egypt, hard i hugen, så han sette etter israelittane, då dei med fast vilje fór frå landet. 9 Egyptarane sette etter dei med alle vognene og hestfolket, ja, heile hæren åt farao, og nådde dei att bortmed Pi-Hakirot, der dei låg i leir nedmed sjøen, midt for Ba’al-Safon.
10 Då farao nærma seg, fekk israelittane sjå at egyptarane kom etter dei. Dei vart livande redde og ropa til Herren. 11 Og dei sa til Moses: «Fanst det ikkje graver i Egypt, sidan du har ført oss hit så vi skal døy i øydemarka? Kvifor har du ført oss bort frå Egypt og gjort dette mot oss? 12 Var det ikkje det vi sa til deg i Egypt: Lat oss få vera i fred! Vi vil tena egyptarane. Det er betre for oss, det, enn å døy i øydemarka.» 13 Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Stå berre fast, så skal de få sjå korleis Herren hjelper dykk i dag! For så som de ser egyptarane i dag, skal de aldri sjå dei meir. 14 Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.»
Gud frigjorde folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt og leie dei til det landet som han hadde lova dei. Der skulle han vere deira Gud og dei skulle vere hans folk.
Jødane var i Egypt i 4-500 år, 1700-1250 f.Kr. I følgje historiske kjelder var Ramses 2 konge i Egypt ikring 1290-1225, altså på den tida Moses førde Israelsfolket ut frå Egypt. Så det ser ikkje akkurat ut til at han drukna i Raudehavet. Vart han ikkje med hæren sin ut i det eller berga han seg ved å symje i land. Ein kan spekulere i det.
Slavesamfunnet Egypt.
Faraoane i Egypt hadde slavar i offentleg regi, med dei fekk dei bygt svære tempel og skulpturar av seg sjølve og gravkammer til seg sjølve, som var forma som svære pyramider.
Ramses 2.
Under Ramses 2 var Egypt ei stormakt. Han fekk bygt meir enn dei fleste faraoane, mange tempel og statuer av seg sjølv, så det ser ut til at han vart dyrka som ein gud. Han fekk bygt ein by som vart kalla Pi-Ramses, «huset til Ramses», det er vel den som er omtala i 2.Mos.1,11, der er det tale om to byar, Pitom og Ramses.
Sitat frå https://snl.no/Ramses_2 .
Militære konflikter
De første to tiårene av Ramses 2.s regjeringstid var preget av konflikter med hettittene om kontrollen over Syria. Høydepunktet kom i hans femte regjeringsår (1275 fvt.) hvor egypterne og hettittene møttes i et direkte slag ved Kadesh. To hettittiske spioner lurte Ramses inn i et stort bakholdsangrep, men han klarte til slutt å redde situasjonen ved at andre egyptiske troppestyrker kom til unnsetning. Slaget endte mer eller mindre uavgjort.
Slaget ved Kadesh er gjenfortalt i en omfattende tekst som ble hugget inn på veggene i flere egyptiske templer sammen med relieffer med avbildninger av slagscenene. Slaget ble fremstilt som en stor seier for egypterne, selv om Ramses 2. bare så vidt unngikk totalt nederlag.
Flere tekster og relieffer, blant annet i templene ved Abu Simbel og Beit el-Wali, omtaler krigshandlinger i Nubia, dog i generelle vendinger og uten referanser til spesifikke, daterte felttog.
Fredsavtale med hettittene.
Interne dynastiske splittelser blant hettittene, samt et økende press fra Assyria, førte til at hettittene og Ramses 2 inngikk en fredsavtale og allianse i det 21. regjeringsåret (1259 fvt.). Kopier av avtalene er funnet både i Egypt, blant annet på en stele i Karnak, og i Hattusa, den hettittiske hovedstaden, innskrevet på tre leirtavler. De to versjonene avviker noe fra hverandre, blant annet vedrørende hvem som først oppsøkte den andre parten for å skape fred. Avtalen er den eldste i verdenshistorien hvor innholdet er kjent.
Byggverk
Ingen annen farao har satt så tydelig spor etter seg når det gjelder byggverk og monumenter som Ramses 2.
De mest kjente er de to klippetemplene i Abu Simbel i Nubia. Det største tempelet er dedisert til Ptah, Amon-Ra, Ra-Harakhty og den guddommeliggjorte Ramses 2. Det berømte inngangspartiet er flankert av fire sittende kolosstatuer av Ramses 2. Det minste tempelet er tilegnet gudinnen Hathor og dronning Nefertari. Fra 1964 til 1968 ledet UNESCO et omfattende arbeid for å redde templene fra oversvømmelse på grunn av byggingen av Aswan-dammen. Templene ble saget fra hverandre og gjenoppbygget høyere oppe i terrenget.
Ramses 2. satte i gang omfattende byggearbeider i Teben. Tempelet i Luxor ble utvidet med en peristyl-gård og en pylon. I tempelet i Karnak fikk han fullført dekorasjonen av den store søylehallen som ble påbegynt av Sety 1. Det største byggverket til Ramses i Teben er kulttempelet på den vestre bredden av Nilen, også kjent som Ramesseum. Komplekset, som i dag er sterkt skadet, består av selve tempelet, et tempelpalass, et tempel dedisert til moren Tuya og store kornlagre.
I tillegg gjennomførte Ramses også byggearbeider i Abydos, Memfis og flere steder i Nubia, hvor det ble bygget templer blant annet ved Beit el-Wali, Gerf Hussein og Wadi el-Sebua.
Ramses 2. grunnla byen Pi-Ramses («huset til Ramses») og flyttet hovedsetet sitt dit. Byen lå nordøst i Nildeltaet, ved den moderne landsbyen Qantir. Hymner som er skrevet som lovprisninger til byen, beskriver at kongens palass var omkranset av templer viet Amon, Seth, Astarte og Wadjit. Arkeologiske og geofysiske undersøkelser har avdekket flere spor av kanaler, flere større bygninger som kan være palasser eller templer, et stort stallkompleks og et mulig boligområde. Nesten ingenting av byen er i dag synlig over bakken.
Ramses 2.s grav og mumie.
Ramses 2. døde i sitt 67. regjeringsår (1213 fvt.) og ble begravet i grav KV7 i Kongenes dal. Graven er en av de største i Kongenes dal, men er svært skadet. Dette skyldes både flere oversvømmelser og den dårlige kvaliteten på fjellet graven er hugget ut i. Av gravgodset er det kun funnet fragmenter. Ifølge en papyrus fra det 20. dynasti, ble graven plyndret allerede under Ramses 3.
Ramses 2.s mumie er blant de best bevarte av de kongelige mumiene fra Det gamle Egypt.
Mumien ble funnet i grav DB320 i Deir el-Bahri, hvor flere kongelige mumier ble flyttet og samlet i det 21. dynasti. Mumien hadde blitt svøpt på nytt og lagt i en trekiste gjenbrukt fra en annen begravelse. Ifølge en hieratisk påtegning på mumiebandasjene hadde mumien allerede blitt flyttet to ganger før den ble brakt til Deir el-Bahri.
Pyramidene.
Pyramidene i Egypt vart bygde ikring 2600- 1600 f.Kr. Det vart altså slutt på det omlag 100 år etter at jødane kom til Egypt.
Sitat frå https://snl.no/pyramidene_i_Egypt :
Pyramidene i Egypt er monumentale gravanlegg for konger i Det gamle Egypt. De ble bygd fra cirka 2600 fvt. til 1600 fvt. I alt er 138 slike byggverk kjent i Egypt.
…..
De første pyramidene, de såkalte trappetrinnspyramidene, dukket opp i det tredje dynasti (cirka 2592–2544 fvt.). Disse var massive, med kongens gravkammer hugd ut i grunnfjellet under pyramiden.
……
Å sette slavar til å bygge slike svære gravkammer, må vel vere noko av det mest meiningslause statlege planøkonomi som nokon gong har vore.
Fridom og rettferd i Israel, men så tok uretten overhand.
Eitt rike: Israel.
Gud hadde ein plan med Israels-folket og då vart det ofte ein konflikt i folket og ein konflikt med andre folk. Hans plan var å føre dei inne i det lova landet, det var den beste planen, vi kan kalle den plan A. Men sidan dei ikkje trudde på han, let han dei vandre ikring i 40 år først, til det kom ein ny generasjon. Det vert kalla ei øydemarks-vandring, vi kan kalle det plan B. Han hadde omsorg for dei då også, men det var ikkje den beste planen.
Når dei kom inn i det lova landet, skulle lova sikre rettferd og dei skulle ikkje verte trælar, for Gud hadde då fria dei frå trældomen i Egypt. Det kunne likevel hende at det gjekk så dårleg med nokon av dei at dei vart trælar, men kvart sjuande sabbatsår (79 år) skulle slike slavar frigjerast og då kunne dei ta att jorda på odelen.
Kong David sin politikk var å verne den einskilde mot urett. Der kunne vere mange som prøvde å gjere armingen sine planar til skamme, men hos Gud fann han livd. David såg seg sjølv i den rolla og vart ein stor konge men den politikken, å verne den einskilde mot dei som la vonde planar. Under han vart Israel ei stormakt.
Salme.14,1 Til korleiaren. Av David.
Dåren seier i sitt hjarta:
«Det er ingen Gud.»
Vonde og stygge er deira gjerningar,
det finst ikkje ein som gjer godt.
2 Frå himmelen skodar Herren
ned på menneska.
Han vil sjå om det finst nokon vitug,
nokon som søkjer Gud.
3 Alle er komne på avveg,
alle er dei vonde.
Det finst ikkje éin som gjer godt,
ikkje ein einaste.
4 Skjønar dei då ingen ting,
desse ugjerningsmennene?
Dei sluker mitt folk,
som ein et opp brød,
og kallar ikkje på Herren.
5 Men dei skal skjelva av redsle,
for Gud er med den rettferdige ætt.
6 Gjer berre stakkarens plan til skammar!
Hjå Herren finn han livd.
7 Å, gjev det må koma
frelse for Israel frå Sion!
Når Herren vender lagnaden for sitt folk,
skal Jakob jubla og Israel gleda seg.
Son hans, kong Samuel, fekk i oppgåve å bygge Herrens tempel. Då la han pliktarbeid på dei andre folka, men jødane fekk leiar-stillingar.
1.Kong.9,20 Alle som var att av amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje var av Israels ætt, 21 etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde makta å bannstøyta dei, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag. 22 Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hoffmenn, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket hans. 23 Arbeidsformennene åt Salomo var fem hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med det folket som gjorde arbeidet.
To riker, Israel og Juda.
På sine gamle dagar var ikkje Salomo lenger så heilhjarta med Herren. Når son hans, Rehabeam, skulle ta over, fekk han berre den sørlege delen, med mindre enn halve folket, men med Jerusalem som hovudstad, det vert kalla Juda. Det gjekk så til, at folket kravde at han skulle lette børene som Salomo hadde lagt på dei og det til tross for at han ikkje la slavearbeid på jødane. Rehabeam gjekk ikkje med på dette, men sa at han ville drive dei endå hardare. Derfor vart riket delt, men det var også fordi Gud laga det slik. Det nordlege riket kan vi framleis kalle Israel, det fekk Samaria til hovudstad. Jeroboam vart konge der, men han sette opp to gullkalvar, ein i Betel og ein i Dan og sa at dette var gudane som førde dei ut frå Egypt. Etter kvart gjekk det slik at kongane vende seg bort frå Herren i begge rika, men i Juda var det nokre som vende tilbake til han. Då mista dei etter kvart makta si, først fall Samaria, så Jerusalem.
Før Samarias fall profeterte Jesajas om at den einskilde leid urett, sanninga er fallen på torget. Så profeterte han om at Herren stilte seg i den situasjonen som den einskilde som leid urett, som ved eit justismord, det er ein profeti om at Jesus vart hendretta.
Jesajas.59,1 Sjå, Herrens hand er ikkje så kort
at han ikkje kan frelsa,
og hans øyra ikkje så tunghøyrt
at han ikkje kan høyra.
2 Nei, det er misgjerningane dykkar
som skil mellom dykk og dykkar Gud.
Syndene dykkar løyner hans åsyn,
så han ikkje høyrer dykk.
3 Hendene dykkar er tilsølte med blod
og fingrane flekka med skuld,
lippene dykkar talar lygn,
og tunga mumlar svik.
4 Ingen stemner til doms med rette,
og ingen fører sak på ærleg vis.
Dei lit på fåfengd og talar lygn,
dei ber på urett og føder vondskap.
5 Dei klekkjer ut orme-egg
og vev spindelvev.
Den som et deira egg, må døy,
og knuser du eit, kjem det fram ein orm.
6 Deira vevnad duger ikkje til klede,
ingen kan kle seg med det dei lagar.
Det dei gjer, er vondskaps gjerning,
valdsverk kjem frå deira hender.
7 Dei er snare på foten til det som er vondt,
og snøgge til å renna ut skuldlaust blod.
Alle deira tankar er vonde,
der dei fer, er herjing og øyding.
8 Freds veg kjenner dei ikkje,
det finst ingen rett i deira spor.
Dei går på krokete stigar,
og ingen som ferdast der, veit av fred.
9 Difor er retten langt borte frå oss,
rettferda når oss ikkje.
Vi ventar på ljos, men sjå, det er mørkt,
på solskin, men ferdast i skugge.
10 Vi trivlar langs veggen som blinde,
vi trivlar som folk utan augo.
Vi snåvar på ljose dagen
som om det var skumring,
i vår beste alder er vi som døde.
11 Vi gryler alle som bjørnar
og klynkar og klagar som duer.
Vi ventar på rettferd, men ho kjem ikkje,
på frelse, men ho er langt borte frå oss.
12 Du ser at våre synder er mange,
våre brot vitnar imot oss.
Ja, våre synder veit vi om,
våre misgjerningar kjenner vi:
13 Vi har reist oss mot Herren,
har fornekta han
og gått bort frå vår Gud.
Vi har tala om vald og fråfall
og mumla fram svikefulle ord
som var avla i hjarta.
14 Difor er retten unnatrengd,
rettferda står langt borte.
På torget er sanninga fallen,
og det rette vinn ikkje fram.
15 Truskapen er borte,
og den som held seg frå vondskap,
vert plyndra.
Herren såg – og det var vondt i hans augo –
at det ikkje var retten som rådde.
16 Han såg at ikkje ein steig fram,
og undra seg over
at ingen førte hans sak.
Då kom hans arm han til hjelp,
hans rettferd stødde han.
17 Han tok rettferd på seg til brynje
og sette frelseshjelm på sitt hovud.
Så kledde han seg i hemnens klednad
og sveipte om seg brennhug til kappe.
18 Han løner folk etter det dei har gjort,
med harme mot uvener, hemn over fiendar;
jamvel mot øyar og strender
gjer han attergjeld.
19 Dei skal ottast Herrens namn i vest
og hans herlegdom i aust.
For han kjem som ein veldig flaum,
som Herrens storm driv fram.
20 Han kjem som utløysar for Sion,
for dei som snur om frå synd i Jakob,
lyder ordet frå Herren.
21 Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.
Kongen i Samaria og kongen i Damaskus budde seg til krig mot Juda, men Gud sende sin profeten Jesajas til Judakongen og profeterte om Samarias fall. Så profeterte han om at ei jomfru skulle verte med barn og føde Immanuel, Jesus altså (Jesajas.7,14). Men det ligg då langt lengre framme i tid. Det tyder på at der var ei liknande konflikt i landet og folket når han vart fødd.
Dette har eg skrive om her:
Eitt mindre rike med eit mindre tempel.
Samaria fall for Assyria (716) og Jerusalem fall for Babylonia (575). Seinare fekk dei komme attende til landet sitt og Gud sa til dei gjennom sine profetar, at dei skulle byrje å bygge tempelet. Då ville han velsigne dei, så dei fekk meir att for arbeidet sitt heime med seg sjølve.
Dette forstår vi ikkje og det gjorde nok ikkje dei heller, så det var ikkje noko dei tenkte ut og planla, men dei trudde Gud og gjorde slik som han sa og så opplevde dei det.
Haggai.2,1 Den 21. dagen i den sjuande månaden kom Herrens ord ved profeten Haggai, og det lydde så: 2 Sei til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og til dei som er att av folket:
3 Er det enno nokon att av dykk som har sett kor herleg dette huset var før? Og kva tykkjer de om det no? Ser det ikkje smått ut?
4 Men no, ver frimodig og sterk, Serubabel!
lyder ordet frå Herren.
Ver frimodig, Josva Jehosadaksson,
du øvsteprest!
Ver frimodig, alt folket i landet!
lyder ordet frå Herren.
Gå og arbeid, for eg er med dykk!
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
5 Den lovnaden gav eg dykk
då de drog ut or Egypt.
Og min Ande bur imellom dykk.
Ver ikkje redde!
6 For så seier Herren, Allhærs Gud:
Endå ein gong, om ei lita stund,
vil eg skaka himmel og jord,
havet og det turre land.
7 Eg skjek alle folkeslag,
så skattane deira kjem hit.
Og eg fyller dette huset med herlegdom,
seier Herren, Allhærs Gud.
8 Sølvet er mitt, og gullet er mitt,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
9 Dette nye huset skal verta
herlegare enn det førre,
seier Herren, Allhærs Gud.
På denne staden vil eg gje fred,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
….
18 Legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter, frå den 24. dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd! Legg merke til 19 om såkornet framleis er i kornkummen, og om vintreet og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis er utan frukt.
Frå i dag vil eg velsigna.
Gud sa han var med dei og Immanuel betyr nettopp det, Gud med oss. Dette var ikkje god planøkonomi fordi dei planla det, men fordi Gud planla det.
Jesus er hjørnesteinen til eit nytt tempel, som Gud skaper og bygger.
Jesajas profeterte om at Gud ville legge ned ein hjørnestein til eit nytt tempel.
Jesajas.28,11 Ja, gjennom folk med stammande lipper
og med framandt tungemål
skal han tala til dette folket,
12 han som sa til dei:
«Her er staden
der dei kan slå seg ned.
Lat den trøytte få ro,
her kan han kvila.»
Men dei ville ikkje høyra.
13 Så skal då Herrens ord
for dei verta «bod på bod,
krav på krav,
litt her og litt der!»
Når dei går, skal dei snåva,
detta bakover og skamslå seg,
gå i snara og verta fanga.
Hjørnesteinen på Sion
14 Så høyr då Herrens ord, de spottarar
som rår over folket i Jerusalem!
15 De seier: «Vi har gjort ei pakt med døden,
ein avtale med dødsriket.
Når flaumen kjem veltande,
skal han ikkje nå oss.
For vi har gjort lygn til livd
og løynt oss bak svik.»
16 Difor, så seier Herren vår Gud:
Sjå, eg legg ein grunnstein på Sion,
ein velprøvd stein,
ein dyrverdig, grunnfast hjørnestein.
Den som trur, tek det med ro.
Underleg er Herrens gjerning
17 Eg vil gjera rett til mælesnor,
rettferd til loddsnor.
Hagl skal sopa bort lygnlivda,
vatn skal skylja vekk deira gøymsle.
18 Den pakt de har med døden,
skal setjast ut av kraft,
avtalen med dødsriket
skal ikkje stå ved lag.
Når flaumen kjem veltande,
skal han slå dykk ned.
Den hjørnesteinen er Jesus og det er eit åndeleg tempel.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Byggesteinane i dette tempelet er menneske som er fødde på nytt, av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Når vi kjem til han, den levande steinen, vert vi som levande steinar oppbygde til eit tempel i Anden. Dei kristne skulle vere ei kvar menneskeleg ordning undergjevne, men så skaper Gud ein orden i kyrkjelyden også, den er verdifull for oss og vert avgjerande. Det er ved at vi trur på Kristus og lyder han.
Rom.6, 12 Lat då ikkje synda rå i den dødelege kroppen dykkar, så de gjev etter for lystene i denne kroppen. 13 Og byd ikkje lemene dykkar fram til teneste for synda, som våpen for uretten. Men byd dykk sjølve og lemene dykkar fram til teneste for Gud, som våpen for det som er rett. For de var døde og har fått liv. 14 Synda skal ikkje vera herre over dykk. For de er ikkje under lova, men under nåden.
15 Kva skal vi då seia? Skal vi synda sidan vi ikkje er under lova, men under nåden? Langt ifrå! 16 Veit de ikkje at når de byd dykk fram som slavar for nokon og lyder han, då er de verkeleg slavar under den som rår over dykk? De blir anten slavar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd. 17 Men Gud vere takk! De som før var slavar under synda, har no av hjartet vorte lydige mot den læra som de vart overgjevne til. 18 De vart sette fri frå synda og er slavar for rettferda – 19 eg bruker eit bilete frå dagleglivet sidan de er veike, av kjøt og blod. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for det ureine og det urette, og det førte berre til urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for rettferda, så de kan bli heilage. 20 Medan de var slavar under synda, var de frie frå det som er rett. 21 Kva slags frukter hausta de av det? Slike som de no skammar dykk over, for dei fører til døden. 22 Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud, og frukta er eit liv i helging, og det fører til evig liv. 23 For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.
Ef.5,14 Difor segjer skrifti: Vakna, du som søv, og statt upp frå dei daude, og Kristus skal lysa for deg. 15 Sjå difor til korleis de kann ferdast varleg, ikkje som uvise, men som vise, 16 so de kjøper den laglege tidi; for dagane er vonde! 17 Ver difor ikkje uvituge, men skyna kva Herrens vilje er! 18 Og fyll dykk ikkje av vin, som det er skamløysa i, men vert fyllte med Anden, 19 so de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng og leikar i dykkar hjarto for Herren, 20 og alltid takkar Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn, 21 og er kvarandre undergjevne i otte for Kristus! 22 De konor, ver dykkar eigne menn undergjevne som Herren! 23 For mannen er hovudet for kona, liksom Kristus er hovudet for kyrkja, han som er frelsar for lekamen sin. 24 Men liksom kyrkja er Kristus undergjevi, so skal og konone vera mennene sine undergjevne i alle ting. 25 De menn, elska konone dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, 26 so han kunde helga henne, med di han reinsa henne ved vassbadet i ordet, 27 so han sjølv kunde framstella kyrkja for seg i herlegdom, utan flekk eller rukka eller noko slikt, men so ho kunde vera heilag og ulastande. 28 Soleis skyldar mennene å elska konone sine som sine eigne lekamar. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv; 29 for aldri hev nokon hata sitt eige kjøt, men han føder og fjelgar det, liksom Kristus gjer med kyrkja; 30 for me er lemer på hans lekam. 31 Difor skal mannen skiljast med far og mor og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt. 32 Denne løyndommen er stor – men eg tenkjer på Kristus og kyrkja. 33 Men de og skal elska, kvar si kona som seg sjølv, og kona skal hava age for mannen.
1.Kor.12,1 Når det gjeld Andens gåver, brør, vil eg ikkje at de skal vera utan kunnskap om dei. 2 De veit at då de var heidningar, vart de dregne til dei mållause avgudane og førte hit og dit. 3 Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: «Forbanna er Jesus!» Og ingen kan seia: «Jesus er Herre!» utan i Den Heilage Ande.
4 Det er skil på nådegåver, men Anden er den same. 5 Det er skil på tenester, men Herren er den same. 6 Det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, han som verkar alt i alle. 7 Hjå kvar einskild gjev Anden seg til kjenne, så det vert til gagn. 8 Ved Anden vert det gjeve den eine å forkynna visdom; ein annan får ved den same Ande å tala kunnskap. 9 Éin får ei serskild trusgåve ved den same Ande, ein annan får den nådegåva å lækja ved den eine og same Ande, 10 og éin får kraft til å gjera mektige gjerningar. Éin får den gåva å tala profetisk, ein annan gåva å prøva ånder, éin får tungetale av ulikt slag, ein annan å tyda tungetalen. 11 Alt dette verkar den eine og same Ande, som deler ut sine gåver til kvar einskild, som han vil.
12 For liksom lekamen er éin, endå han har mange lemer, og alle lemene er ein lekam, endå dei er mange, såleis er det med Kristus òg. 13 For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin lekam, anten vi er jødar eller grekarar, trælar eller frie; og alle fekk vi éin Ande å drikka. 14 For lekamen er heller ikkje ein lem, men mange.
Kvifor raseteorier?
Immanuel, Gud med oss, «Gott mit uns».
Immanuel betyr «Gud med oss» og er namnet som er brukt om Jesus i ein profeti, at han skulle verte fødd av ei jomfru (Matt.1,23). Sidan vart det brukt av nazistane under andre verdskrig, på beltespenna til soldatane stod der «Gott mi tuns», «Gud med oss». Så vi må sjå det på grunnlag av kyrkjehistoria i Tyskland, fyrst det Tysk-Romerske keisarriket (962-1806), så reformasjonen.
Dei kalla det for det tredje riket, tanken var visst at først kom Faderens rike, så Sonens rike og så riket til den Heilage Ande. Men det var helst i forkant av krigen at der var slike tankar om det tredje riket, for det var litt usikkert kva som kom til å verte det fjerde. Då måtte det vel vere ved å vise til profetien i Daniels bok om dei store verdsrika, så det tredje riket var Persarriket. Det hadde sitt opphav i Iran, så herskarane der måtte vere ariar. Så det er altså opphavet til teorien om den ariske rase. Men det er då heilt skrullete å kalle europearar for ariar.
Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Ariere :
Arier (sanskrit: Ārya, «nobel», gammelpersisk: aryan, «iraner») er en betegnelse med ulik betydning i moderne historie og vitenskap, men brukes særlig som samlebetegnelse på folkeslag som snakker indoeuropeiske språk i India og Iran.
Tidligere var arier de folk som snakket persiske språk. I dag betegner arier forfedrene til de iranske folkene som snakker persiske språk og som innvandret til det midt-østlige subkontinentet fra Iran i eldre tid. De kalte seg også arier de indoeuropeiske gruppene som rundt 2000–1500 f.Kr. flyttet inn i nåværende Iran, Afghanistan, Armenia og Nord-India, mest sannsynlig fra det nordøstlige Europa og Russland. Navnet Iran betyr «ariernes land». I India fantes det en nomadegruppe som kalte seg selv ārya. Ifølge eldre raselære var ariere en stamme fra menneskerasen kaukasoid. Andre stammer fra rasen kaukasoid er germanere og slavere.
……..
Persarkongen Kyros let jødane far heim att til landet sitt og det same gjaldt dei andre folka som hadde vorte bortførde til Babylonia. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Det er han som er Immanuel.
Så her er noko som skurrar i nazistane si lære. Kva har europearar felles med arier? Dei som forskar på religions-historie hevdar det ser ut til at mange religionar stammar frå ein felles indo-europeisk religion.
Dette har eg skrive meir om her:
Å påstå at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, men må gå via paven, prestane og helgenane strir mot Paulus si lære om at Guds nåde er nok for oss, det blir som med dei uvituge brurmøyane som ikkje hadde med seg nok olje til lampane sine. Kristus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ord han har tala til oss er ånd og liv. Det vert symbolisert i nattverden.
Men det verkar som nazistane erstatta dette med å byrje å tale om den ariske rase, men det ligg då eigentleg fjernt frå den germanske rase. Som om den ikkje var bra nok og derfor måtte dei tenke seg noko arisk som ideal. Dette er då det reidige tullball.
Dersom vi i staden trur at Guds nåde er nok, så vi får komme til Kristus slik som vi er, ja vel, så gjer vi det. Då er germanarane bra nok slik som dei er, det er gotarane og folket i Norden også.
Ein ny raseteori.
Ved det teologiske fakultet i Oslo har dei drive med religionsforsking som tydeleg vis er som når kvinna let seg forføre til å ete av kunnskapstreet. Strategien er å forføre kvinna for så å bruke henne til å lokke mannen med. Så det skal resultere i at mannen vert dømd til døden. Så det er hensikta med at dei har avvist evangelisk kristendom.
Denne «forskinga» har visst vorte utvida til kvinneforsking og sidan til kjønnsforsking som har engasjert fleire fakultet, men ikkje realfag, til tross for at det er biologien som gir den vitskaplege forståinga for kva kjønn er for noko. Den «kunnskapen» dei soleis får, gjev dei visst uttrykk for gjennom slikt som «Pride», «avkoloniserings-aktivismen» og kva meir?
Men saka er den at dei har utvikla ein ny raseteori med rasehat mot den kvite man, som om han ikkje skulle vere bra nok som ektemann til den kvite kvinna. Men det er altså fordi dei har vraka Kristus, som om han ikkje er bra nok for dei. Så dei vil erstatte han med noko anna.
Dette er også eit angrep på Noreg som sjølvstendig nasjon, soleis vert det argumentert for å styrke ein overnasjonalitet på kostand av nasjonaliteten. Så det er med slike oppfatningar dei vil ha oss inn i EU. Då kan det samanliknast med korleis nazistane under andre verdskrig samla saman unge kvinner med lyst hår frå landa som dei okkuperte.
Gud er ånd og han vekker menneske opp til liv i samfunn med seg. Men der er ein moralfilosofisk tradisjon som er fiendtleg til det, slik som det viste seg ved syndefallet. Ironisk nok kan historia framstillast slik at moralfilosofane ville nekte mannen å få seg ei kone. For dei var som hallikar som ville selje kvinnene som horer og så tente dei godt på horehusa sine. Men så vart dei sosialiserte, så staten skulle få inntekta av dei. Så slo moralfilosofane til på nytt nekta mennene å få bruke dei som horer, men staten skulle krevje horeløn likevel, gjennom skattar og andre avgifter. Soleis vart fiendskapen til det åndelege livet i samfunnet med Gud til fiendskap mot det biologiske livet.
Evangeliet skulle forkynnast til alle folkeslag. Så kvifor rase-teorier?
Evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag, det er til alle, slik er det felles. Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte fødde på nytt, av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Deter frå himmelen. Slik er det likt for alle, sjølv om vi elles er ulike. At vi er ulike som individ og som ulike folk med ulike tungemål, har si naturlege forklaring, så vi gjer rett i å forklare både likskap og ulikskap med naturfag. Men den Anden og det livet som Jesus gir oss frå himmelen kjem i tillegg til det. Gud og hans Ord er mest fundamentalt, på evangeliets grunnvoll vert vi forsona med Gud, så vi får fred med han. Det gir grunnlag for fred mellom menneske og mellom ulike folk.
Jesus profeterte likevel om at det kom til å verte krig. Den naturlege forklaringa er motsetnadar mellom ulike folk, fordi dei er ulike og har motstridande interesser. Ulike religionar har også vore årsak til krig og er det framleis. Men det har seg likevel slik at der er ein samanheng mellom eit folk makt-interesser og religionen, så det blir politikk ut av det.
Men legg merke til at i dei to raseteoriane som eg nemnde ovanfor, er det likevel noko som ikkje stemmer med at dette skulle vere representativt for folket, for den einskilde mann og kvinne, at det skulle ivareta deira interesser. Forklaringa på det er framleis at i middelalderen vedtok den Katolske Kyrkja at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte.
Jesus har planar med meg.
Jesus har planar med meg. Det har den vonde også, han er i verda. Men Jesus har gitt meg den Heilage Ande frå himmelen, så han som bur i meg er større enn han som er i verda.
Ein bodskap som kom gjennom tyding av tungetale hausten 1995:
«…… med en gang du ser på de stengte dører. Men du skal vite, når dører lukkes igjen for deg, så står jeg med nye muligheter, jeg vil åpne nye dører for deg, sier Herren.
Difor ønsker jeg av deg at du vender deg mot et nytt mål, de muligheter som stiller åpen, sier Herren. Studer mitt ord og se hvilke velsignelser jeg har gitt deg der. Åpne deg for meg i bønn og lovprisning slik at jeg kan få legge ned i deg den velsignelsen som jeg ønsker å gi deg, sier Herren. Jeg har noe å gi deg, det er for deg.
Ja, bli stille for meg sier Herren. La meg få fylle dine tanker og ditt sinn. La mitt ord få gjennomsyre deg, slik at du får tenke mine tanker, sier Herren. Jeg har nye veier for deg. Og du skal få se at jeg har planer for deg, for din familie, for menigheten, for din omgangskrets. Du skal få være med på det. Midt i velsignelsen skal du stå og nyte det, sier Herren.»
Bodskapen 8.12.1999:
«Eg har talt til deg, sier Herren, fordi eg er glad i deg. For du er dyrebar i mine øyne. Fordi du er akta høyt og eg elsker deg. Derfor har eg gitt mitt ord, for eg ønsker at du skal leva nær meg. Eg ønsker ikkje ein gang at den nest beste planen skal bli nådd med livet ditt. Men eg har en fullkommen hensikt og eg har ein fullkommen plan. Og eg ønsker at nettopp du skal få lov til å vandra i den planen. Få oppleve at eg leder deg, eg tar hånd om deg. Og husk på, mitt elskede barn, når du følger meg, så går eg foran deg. Eg bruker ikkje slepp-kjeppen for å piska deg framover, slik at du skal tene meg i angst og i beven. Men eg ønsker også at du skal få lov til å oppleva at eg møter deg slik at du kan ha ærefrykt for meg. Og slik at du kan bøya ditt ord- eller din- ditt liv under mitt eget ord. Så fordi du vet at det er gitt deg fordi eg har ein plan, eg har ein lengsel, eg har ein hensikt og eit formål, og det er barnets sanne vel, aleina. Gi akt på mitt ord, la det få vera rettesnor for livet ditt. Og det er veien til velsignelse, det er veien til frigjørelse. Det er veien for eit liv i trivsel og eit liv i etterfølgelse og tjeneste. Og eg ønsker ikkje at fiendens planer skal bli nådd i livet ditt. Eg ønsker å velsigna deg for at du skal vera til velsignelse.
Derfor skal du heller ikkje trekka deg undan formaningane i mitt ord. Du skal få lov til å gi akt på de, for de er gitt for å hjelpa deg, de er gitt for å løfta deg. Og flytt ikkje heller mitt Ords grense-skille. Eg har satt de der for at eg ønsker de skal stå der. Og når du respekterer mitt ord, bøyer deg i ydmykhet under mitt eget ord, i staden for å begynna å diskutera det og bøya det og lena deg imot det, for å få skyva det ut, så la grense-skillene stå der eg har satt de. Så skal du få oppleva at -, at du ikkje taper på det, men du vinner på det. Søk først mitt rike og min rettferdighet, så skal du få oppleve at om du kan synest du taper på det, så skal du alikevel oppleva at e -, eg vil gi deg alt det du trenger til. Eg har omsorg for deg. Når enn du følger meg, på mitt Ords vei, så er det eg som den gode hyrde som tar ansvar for deg. Når du går dine egne veier, så må du ofta ta ansvar for dine egne valg. Men når du lar meg få leda deg, så skal du vite at eg har full oversikt. Eg er der, eg tar ansvar for deg, eg hjelper deg. Eg gir deg kraft til å stå. Og eg har også seierskraft for deg, mitt elskede barn. Og du skal også sleppa å -, å sjå tilbake på e-, episoder og ting som har skjedd i ditt liv, der du kom utav sporet og utav veien. Eg vil igjen ta meg av deg. Min hånd, den er rakt ut. Eg har løfta deg inn igjen. No skal du få glemma det som er bak, så skal du få tøya deg ut etter det som er fram-forbi, og så skal eg gi deg ein lengsel etter å fylla deg med mitt ord. Og ikkje berre lesa det og fylla deg med det, men også la det få bli fyrlyset på veien din. La det få lysa deg framover, la det få væra det som avgjør dine valg, når du står ved eit veiskille. Kva seie Herrens ord. Og eg vil gi deg råd ved mitt øye. Og eg vil leda deg framover. Og eg har underfulle planar med deg. Eg vil ha deg i den beste planen for livet ditt. Eg hadde også ein plan med mitt folk Israel fordum, at de skulle få dra inn i landet, men de valgte en annen vei. Eg tok meg også hånd om de gjennom ørkenen, de manglet intet, deres klær ble ikke utslitt, deres føtter ble ikke hovne. Men allikavel, så var det ikkje min fullkomne plan. Og alt dette er skrevet dere til lærdom, for at eg ønsker at dere skal få følga og koma i den beste planen, med min fullkomne plan i min fullkomne vilje. For det er der du trivest, det er der du får lov til å bruka den utrustning eg har gitt deg. Og det er der du skal også oppleva å blomstra, ikkje berre blomstra, men bæra moden åndens frukt, sier Herren. Eg har gitt ditt ord (meininga må sikkert vere “mitt ord”), fordi eg er glad i deg. For eg vil fylla deg og møta deg og velsigna deg og bruka deg. Amen. Amen i Jesu navn.»
Jesus sa at eg skulle blomstre og bere fullmoden frukt, han har sagt eg skal blomstre for han på ein ny måte, det har eg skrive om her:
Bodskapen 18.3.2018:
«For det er eg, Herren, som har kalla dykk ved namn og de er mine. Og det er eg, Herren sjølv, som er profetrøysta. Så lytt ikkje til den kvar profetrøyst i denne tid, men gå inn i skriftene som eg, Herren, har innblest og inspirert mine tenarar, og du skal få lov til å finne alt kva du treng å vite. Derfor så skal du ikkje gå til verken høgre eller til venstre, men du skal sjå på meg og du skal stole på at eg har sagt og talt, ja, det skal eg og utføre. Fordi eg kan ikkje seie ein ting og ikkje gjere det. Men eg, Herren, eg vil seie og eg vil gjere det. Og når eg har sagt det i mitt Ord, så vil eg, Herren, trå til og fullføre min plan med mi menigheit, som eg, Herren, har planta på denne stad. Og menneske skal sjå det og dei skal forstå det, at dette er ikkje menneskeverk, men det er eit verk av meg, seier Herren. For eg er Herren som byrja og eg skal fullføre.
Ja, for eg ser over den ganske jord, for å kraftig støtte den som har eit heilt hjarte med meg. I dag så er det mange menneske som har vanskar med å kunne tru at eg er miraklenes Gud. For dei høyrer så mangt og mykje som ikkje stemmer overeins med mitt Andens inspirerte Ord, men når eg, den Heilage Ande, bringer deg ord ifrå heilagdomen, og du opnar opp ditt hjerte og du seier: «takk skal du ha, Jesus, for at alt ditt, det er mitt», ja, så vil eg, Herren, drive plagene bort. Eg, Herren, vil forsørgje deg, eg, Herren, er din rådgjevar, eg, Herren, er din Fredsfyrste, eg, Herren, tek hand om deg og heile ditt hus, for eg, Herren, eg er den allmektige og eg står bak mitt Ord. Så stol på mitt Ord og hald fast ved mitt Ord, så vil eg, Herren, eg skal fullføre alle mine planar, all min herlegdom, det skal skje, for det er Herren, som har talt.»
Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus set dei fri, så dei får leve i fridomen i barnekåret hos Faderen, dei lever i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans born, og får oppleve at han elskar dei og har omsorg for dei som sine born. Soleis må vi vende om og verte som born, for å komme inn i Guds rike. Jesus har planar med meg og med sin kyrkjelyd og eg forstår det slik at kyrkjelyden er Jesu brud og det betyr at kvinnene i kyrkjelyden lever i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone og det betyr at han gir meg ei kone som lever i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Så Kristus elskar henne gjennom meg, som si brud og slik elskar eg henne som mi brud. For Jesus lever i meg.
Krisa for planøkonomien ber preg av smålighet.
Bygge på evangeliets grunnvoll. Styresmakta også! Eller ein annan plan?
På evangeliets grunnvoll får kvar einskild av oss nåde og så får vi bygge vidare på den grunnvollen. Då må vi hugse på at den er meir fundamental enn det som vert bygt opp på den og at vi må gjere det som Guds medarbeidarar. Det er om å gjere å bygge med noko som er verdifullt og varig og Gud kan skape noko som står til evig tid, ved at han frelser menneske for æva og gir dei evig liv.
Etter at kristendomen vart legalisert i Romarriket, var det ikkje lenge før den vart gjort til statsreligion. Det betydde at den også ville bygge på evangeliets grunnvoll. Men med påstanden om at der ikkje finst nokon annan veg til frelse enn gjennom kyrkja, så var dei i ferd med å miste forståinga for at grunnvollen er meir fundamental enn det som vert bygt på den. Slik prøvde dei geistlege og styresmakta å få meir og meir makt gjennom kyrkja, på kostand av den einskilde, så det vart til at kyrkja vedtok at vanlege folk ikkje kunne be til Kristus direkte, men måtte gå via paven, prestane og helgenane. Paven, prestane, munkane og nonnene måtte leve i sølibat. Det vil seie at dersom nokon gifta seg, så kunne dei ikkje lengre be til Jesus.
Dette må då vere ei fullstendig missforståing av Immanuel-teiknet.
Josef og Maria var trulova og så vart ho gravid som jomfru og fødde Immanuel, «Gud med oss». Dei kalla han Jesus, det betyr «Jahve er frelse». For kvar den som kallar på Herrens namn skal verte frelst, så dette kom no som eit bønnesvar både for dei og for mange andre heilt vanlege menneske. Gjetarane på marka og dei tre vise menne frå austerlanda var dei første som fekk høyre den glade bodskapen, frå Josef og Maria og englane.
Men her blir det klart at paven, prestane, styresmakta og den lærde overklassa hadde ein annan plan enn den frelsesplanen Gud hadde i evangeliet. Det er tydeleg også i vår tid at der er ei såkalla lærd elite som har ein alternativ plan, for den einskilde, for kyrkja, samfunnet og staten. Det er ikkje lett å verte klok på. Men vår metode er framleis å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Slik får vi klårleik i det.
Salme.73,16 Så tenkte eg etter, ville skjøna dette.
Det var pinefullt å sjå,
17 heilt til eg gjekk inn i Guds heilagdom;
då skjøna eg kva framtid dei får.
18 Ja, du fører dei ut på glatte vegar,
du får dei til å falla og bli knuste.
19 Brått går dei til grunne,
det er slutt, dei endar i redsle.
20 Dei er som ein draum når ein vaknar.
Du foraktar synet av dei
når du reiser deg, Herre.
21 Så lenge eg var beisk i hjartet
og det stakk i nyrene,
22 var eg dum og visste ingen ting,
som eit fe var eg mot deg.
23 Men eg blir alltid verande hos deg,
du har gripe mi høgre hand.
24 Du leier meg med ditt råd,
og sidan tek du imot meg i herlegdom.
25 Kven har eg elles i himmelen?
Når eg er hos deg, har eg ikkje glede i noko på jorda.
26 Om kropp og hjarte forgår,
er Gud for evig mitt hjartans berg og min del.
27 Dei som held seg borte frå deg, går til grunne,
du gjer ende på alle som er utrue mot deg.
28 Men for meg er det godt å vera nær Gud.
Eg har teke mi tilflukt til Herren Gud.
Eg vil fortelja om alle dine gjerningar.
Gjenfødinga. Mi sak.
Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born. For å sjå Guds rike og komme inni det, må vi verte fødde på nytt av vatn og Ande, det som er født av Anden er ånd. Vi må verte som born, for å komme inn i det. Eit lite barn er heilt avhengig av kjærleik og omsorg frå sine foreldre og det gir seg tillitsfullt til dei og stolar på at dei vil gi det den kjærleiken og omsorga som det treng.
Sidan eg var ung har eg bedt Jesu gi meg ei frelst kvinne til kone og då treng eg å gjere meg liten som eit barn som stoler på foreldra sine slik, tru at han vil gi meg henne som resultat av frelsa og gjenfødinga. I tru og tillit til Kristus skal eg feste blikket mitt på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.
Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Ved trua på Jesus fekk eg visdom frå Gud i hjertet. Når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne i matematikk. Når eg byrja på gymnaset byrja eg å gå på møte i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg gjennom tyding av tungetale. Og det har han halde fram med sidan.
Når eg bad han om å gi meg ei frelst kvinne til kone, hang det også saman med at eg forstod korleis livet var og at eg trengde hjelp i form av ei frelst kone. Det hang også saman med at eg såg det som mi oppgåve å leve for Kristus, så eg trengde ei frelst kvinne til å hjelpe meg i den oppgåva. Dette stemmer med:
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Det oppfattar dei «tradisjonelle moralfilosofane» tydeleg vis som krise for den tradisjonelle planøkonomien og det viser misunninga og småligheita i den, at dei ikkje vil godta at eg skulle vere vitug og forstandig nok til å legge ein god plan for mitt liv og mi framtid og heller ikkje vere vitug og forstandig nok til å forstå og lære realfag. Når eg ville ha meg ei frelst kvinne til kone, så var deira plan med henne noko heilt anna, i staden for å verte til hjelp for meg, når eg trengde henne, skulle ho kjempe imot meg, så med henne skulle dei kjempe imot meg og mi sak. Men korleis blir det då med deira forhold til Kristus?
Eg skal i alle fall halde fram med å vende meg til Kristus og la han ta seg av den saka for meg, han har sagt at han er den som tek seg av mi sak.
3 Comments