Imperium og nasjonal frigjering 1. Israel og jødedommen, Hellas og hellenistisk tid.

Innleiing.

Delstaten Aten inkluderte Attika og øya Salamis. Her fekk småbønder og leiglendingar hjelp frå  kjøpmenn og handverkarar, som hadde hatt økonomisk framgang og ville ha meir politisk makt. Adelen gav opp og Solon fekk diktatorisk makt i 594 f.Kr. Han tok bort all gjeld på jord, så småbønder kunne halde fram eller få att gardane sine og det vart forbode å gjere ein mann til træl etter gjeld. For å svekke det gamle fødsels-aristokratiet, delte han folket inn i fire klasser og alle fekk vere med i folketinget. Det skulle gi lover og velje embetsmenn. Domsmennene skulle ha domsmakta, dei vart tekne ut ved loddtrekning mellom alle frie menn. Råde på Areopagos skulle ha kontroll med styret og hindre ulovlege og altfor radikale vedtak.

Dette kan samanliknast med Odelslova i Israel, klassekampen i Romarriket, oppretting av folketribunen i 133 f.Kr. og at Julius Cæsar tok makta i 45 f.Kr.

Næringslivet og politikken i Israel.

Dommar-tida.

I byrjinga hadde ikkje Israel nokon konge, ikkje noko sentralt styre, anna enn presteskapet (1200-1010 f.Kr.). Vi kan samanlikne det med ein republikk, men folket dreiv då ikkje med politikk og der var ikkje stormenn som naturleg utmerka seg som politiske leiarar. Andre folk trengde inn i landet og fortrengde dei og Gud forklarde det med at dei vende seg bort frå han, men då såg dei seg nøydde til å vende seg til han og rope om hjelp. Då reiste han opp ein dommar som han leia og som leia dei i striden mot fienden. Det skjedde mange gangar inntil dei kravde ein konge. 

Feil konge?

Då let han dei først få ein slik konge som dei ville ha, det var Saul. Men fungerte i byrjinga, men så gjekk det dårleg og Gud valde ut ein konge etter sitt hjarte, det var David. Det gjekk bra. Likevel fall han i synd, men han audmjuka seg for Gud, vedkjende de si synd og bad om nåde og tilgjeving. Så Gud sa om han seinare også, at han var ein mann etter sitt hjerte.

Kong David, ein mann etter Guds hjerte.

Under kong David (1000-965 f.Kr.) vart Israel ei stormakt i Midt-Austen, som rådde over landet heilt frå Middelhavet til Eufrat. Kong David var også profet og han profeterte om Messias, han er kongars konge og øvsteprest etter Melkisedeks vis, men ikkje på levittisk vis altså.

Salme 110,1 Ein Davids-salme.
        Herren seier til min herre:
        «Set deg ved mi høgre hand
        til eg får lagt dine fiendar
        til skammel for dine føter!»
     2 Frå Sion retter Herren ut
        din mektige kongsstav.
        Ver herre mellom dine fiendar!
     3 Ditt folk møter viljug fram
        den dagen du mønstrar din hær.
        I heilagt skrud kjem din ungdom til deg
        som dogg ut or morgonrodens fang.
     4 Herren har svore og angrar det ikkje:
        «Du skal vera prest til evig tid
        på Melkisedeks vis.»
     5 Herren er ved di høgre side,
        han knuser kongar på sin vreidedag.
     6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,
        hovdingar knuser han vidt over jord.
     7 Kongen drikk or bekken ved vegen,
        difor lyfter han hovudet høgt.

Kong Salomo.

David var ein krigar-konge og han sikra makta si og makta til son sin, kong Salomo (965-926 f.Kr.), så han vart ein mektig konge i ei fredeleg tid. Derfor fekk han oppgåva med å bygge tempelet.  No var israelarane soldatar og administratorar, medan andre gjorde pliktarbeid, som trælar. Når tempelet skulle byggast, leigde han handverkarar frå utlandet.

1.Kong.9, 10 Då dei tjue åra var lidne som Salomo hadde brukt til å byggja dei to husa, templet og slottet, 11 gav han Hiram, kongen i Tyrus, tjue byar i Galilea. For Hiram hadde hjelpt han med sedertre, sypresstre og gull, så mykje han ville ha. 12 Men då Hiram kom frå Tyrus og skulle sjå på dei byane han hadde fått av Salomo, lika han dei ikkje. 13 Han sa: «Kva er dette for byar du har gjeve meg, bror?» Og han kalla dei Kabul-landet, som dei heiter den dag i dag. 14 Hiram hadde sendt kongen hundre og tjue talentar gull.
    15 Såleis hadde det seg med det pliktarbeidet som kong Salomo sette i gang då han skulle byggja Herrens hus, sitt eige hus, Millo og murane kring Jerusalem, Hasor, Megiddo og Geser: 16 Farao, kongen i Egypt, hadde gjort ei hærferd og teke Geser. Han hadde brent byen og drepe kanaanearane som budde der. Sidan hadde han gjeve byen i medgift til dotter si, som vart gift med Salomo. 17 Salomo bygde opp att Geser, og like eins Nedre Bet-Horon, 18 Ba’alat og Tamar i øydemarka der i landet, 19 alle byane han hadde lagerhus i, dei byane han hadde vognene og hestane sine i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde over.
    20 Alle som var att av amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje var av Israels ætt, 21 etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde makta å bannstøyta dei, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag. 22 Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hoffmenn, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket hans. 23 Arbeidsformennene åt Salomo var fem hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med det folket som gjorde arbeidet.
    24 Så snart dotter til farao hadde flytt opp frå Davids-byen til det huset han hadde bygt åt henne, gjekk han i gang med å byggja Millo.
    25 Tre gonger om året bar Salomo fram brennoffer og måltidsoffer på det altaret han hadde bygt for Herren, og han brende røykjelse for Herrens åsyn. Så bygde han templet ferdig.
    26 Kong Salomo bygde òg skip i Esjon-Geber, som ligg ved Eilat, på Sevsjø-stranda i Edom. 27 På desse skipa sende Hiram nokre av mennene sine som var sjøfolk og kjende havet, av stad saman med mennene åt Salomo. 28 Dei fór til Ofir og henta gull, fire hundre og tjue talentar, som dei hadde med seg heim til kong Salomo.

Kong Salomo fekk seg også mange utanlandske koner, dei klarde å vende hjartet hans bort frå Herren. Dei dyrka avgudane og han laga offerhaugar til dei. Gud sa det til han, men han audmjuka seg likevel ikkje for Herren, slik som David hadde gjort. Han la ikkje ned desse offerhaugane og dei vart ikkje nedlagde under seinare kongar heller. Sjølv om mange av kongane vende om til Herren og søkte han, så gjorde dei ikkje noko med dette. Dette var byrjinga på nedgangstida for Israel.

1.Kong.11,1 Kong Salomo hugla mange framande kvinner forutan dotter til farao – kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet.  2 Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine.» Desse kvinnene heldt Salomo seg til, og han elska dei.  3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg.  4 Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore.  5 Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane.  6 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og fylgde ikkje trufast Herren, som David, far hans, hadde gjort.  7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane.  8 Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.
     9 Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger 10 og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. 11 Og Herren sa til han: «Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine. 12 Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå. 13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»

Israel og Juda.

Etter kong Salomo vart Israel delt i eit Nord-Rike, som framleis vart kalla Israel, med hovudstad i Samaria, og eit Sør-Rike som vart kalla Juda, med hovudstad i Jerusalem, med kongar av Davids ætt. Assyrarane hærtok Israel og Samaria fall i 722 f.Kr. Babylonarane hærtok Juda og Jerusalem fall i 587 f.Kr. Folket vart bortførde som slavar, berre nokre få vart att.

Eitt Israel utan konge.

I Persartida fekk dei komme tilbake til landet sitt og det same gjaldt dei små nabofolka deira også. Dette var altså nasjonal frigjering og det er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag.

Gud talte til dei gjennom sine profetar igjen og fekk dei til å bygge oppatt tempelet og murane krig Jerusalem og prestetenesta kom i stand igjen. Det var ein liten nasjonalstat utan konge, men dei hadde den persiske storkongen over seg, liksom dei små nabofolka deira.

Næringsliv og politikk i Hellas.

Kreta og Mykene som førande byar i Egearhavs-kulturen.

Etter år 2000 f.Kr. fekk Kreta ei stordomstid i Egearhavs-kultueren, den fekk sitt høgdepunkt rundt 1600, men like etter 1500 gjekk den under i ei naturkatastrofe, vulkanøya Thera eksploderte, det vart jordskjelv, ei 30 m høg flodbølge og oskeregn.

No vart Mykene på Peloponnes senter i kulturen. Kring 1200 f.Kr. kom ei folkevandring av dorarar, frå lengre nord på Balkan, inn i Hellas og Vesleasia. Det vart krig og uro og Mykene vart herja og brend. Attika slapp unna og tok over førarskapen, folket der var jonarar.

Republikkar og koloniar.

Hellas var eit for ein stor del eit øysamfunn, på fastlandet var det høge fjell som avgrensa regionar, så det vart småkongar som regjerte kvar sin region. Delstatane innførde republikk, berre Sparta heldt fast på kongestyret. Det var rike jordeigarar som tok over styret etter kongane, etter kvart klarde dei å ta over meir og meir jord, slik at tidlegare småbønder vart fattige leiglendingar. For å hjelpe dei, vart det sett i gang koloniseringstiltak (750 f.Kr.), som skaffa både råstoff og marknad for vareproduksjon. Kring 550 f.Kr. låg der greske koloniar langs kysten av både Middelhavet og Svartehavet. Dei viktigaste var Bysants, Napoli, Syrakus og Marseilles.

Omorganisering i Aten.

Delstaten Aten inkluderte Attika og øya Salamis. Her fekk småbønder og leiglendingar hjelp frå  kjøpmenn og handverkarar, som hadde hatt økonomisk framgang og ville ha meir politisk makt. Adelen gav opp og Solon fekk diktatorisk makt i 594 f.Kr. Han tok bort all gjeld på jord, så småbønder kunne halde fram eller få att gardane sine og det vart forbode å gjere ein mann til træl etter gjeld. For å svekke det gamle fødsels-aristokratiet, delte han folket inn i fire klasser og alle fekk vere med i folketinget. Det skulle gi lover og velje embetsmenn. Domsmennene skulle ha domsmakta, dei vart tekne ut ved loddtrekning mellom alle frie menn. Råde på Areopagos skulle ha kontroll med styret og hindre ulovlege og altfor radikale vedtak.

Dette kan samanliknast med Odelslova i Israel, klassekampen i Romarriket, oppretting av folketribunen i 133 f.Kr. og at Julius Cæsar tok makta i 45 f.Kr.

Sparta.

Bystaten Sparta famna om Lakonia og etter kvart ein tredjedel av Peleponnes. Herskarane der var dorarar som var komne i den doriske folkevandringa og dei kua det opphavlege folket med hardstyre, så dei vart liveigne jordarbeidarar. Dei vart styrde av rådet, som var to kongar og 28 menn over 60 år, valde av folketinget på livstid. 

Sitat frå https://snl.no/Sparta :

Etter dorernes innvandring på 1000-tallet fvt. la Sparta langsomt under seg resten av Lakonia, og etter langvarig krig i perioden cirka 635–615 ble også nabolandskapet Messenia underlagt Sparta. Territoriet omfattet dermed 40 prosent av Peloponnes. I løpet av de følgende 200 år ble Sparta den dominerende staten på Peloponnes; noe før år 500 ble statens lederposisjon formalisert i det peloponnesiske forbund.

Sparta spilte sammen med Athen en viktig rolle under perserkrigene, men kom deretter i stadig sterkere motsetningsforhold til det demokratiske og ekspanderende Athen. Det var åpne fiendtligheter i perioden 460–446 og full krig i perioden 431–404 (den peloponnesiske krig). Etter seieren var Sparta i noen tiår den dominerende makten i Hellas. Dette var delvis i forståelse med Perserriket, og etter tapet mot Theben ved Levktra i år 371 gjenvant Sparta aldri sin styrke.

hellenistisk tid isolerte byen seg, og det ble gjort noen interessante forsøk på sosiale reformer. I romersk keisertid ble Sparta relativt velstående, noe ruinene viser. Byen ble ødelagt av visigoterne under Alarik i år 395 evt. Fra bysantinsk tid stammer klosterbyen ved Mistra, noen kilometer mot vest.

Dei joniske byane på vestkysten av Vesleasia. Milet.

Det økonomiske og kulturelle senteret i heile den greske verda var dei joniske byane på vestkysten av Vesleasia. Milet var den rikaste og mektigaste. Kring 550 f.Kr. tok persarane desse byane, men let dei ha eit visst sjølvstyre. Kring 500 f.Kr. gjorde dei opprør og fekk hjelp frå Aten, men opprøret vart slege ned, Milet vart herja og brent, folk vart drepne eller selde som slavar.

Deretter vart Aten den førande greske byen og dette området vart stridens kjerne i persarkrigane, det vart gjerne omtala som koloniar. Legg merke til at dei sju kyrkjelydane i Johannes Openberring 3-4 låg i dette området.

Sitat frå https://snl.no/Milet :

Milet var en gresk oldtidsby på Lilleasias vestkyst, på en halvøy sør for den nåværende tyrkiske byen Söke. Byen ble antagelig grunnlagt i begynnelsen av mykensk tid, omkring 1500 fvt., og ble raskt den ledende joniske byen.


arkaisk tid (700–500-tallet fvt.) var Milet det største og fornemste kultursentrum i den greske verden; filosofene ThalesAnaximander og Anaximenes levde og virket der. Byen ble berømt for sin ullindustri, og sin betydelig sjøfart. Milet anla også flere kolonier ved Svartehavets kyster. Byen kom under persisk overhøyhet i 547, og ledet det joniske opprør (500–494) som ble knust. I 133 fvt. kom Milet under Roma.

Forbindelsen med havet ble stadig vanskeligere på grunn av slam-avleiringer fra elven Maiandros, og opphørte til slutt helt. I bysantinsk tid gikk byen til grunne. Det finnes ruiner av monumentale bygninger. Mest berømt er det veldige Apollontempelet et stykke utenfor byen, se Didyma.

Persar-krigane.

Persarane tok dei joiske byane på vest-kysten av Vesleasia, fårst i 550, så i 500. Persarkongen Dareios ville straffe Aten for å ha hjelpt desse byane i opprøret, så i 490 sende han ein flåte over havet til Attika, men den vart slegen ved Maraton. I 480 kom persarkongen Xerxes men ein hær over Hellespont, gjennom Trakia og Makedonia, medan flåten følgde kysten. Dei sigra ved Termopylene, Aten og Akropolis vart herja og brent. Men i sjøslaget ved Salamis tapte dei og persarkongen tok røminga med ein del av hæren. Resten av storhæren vart slegen året etter.

Sparta trekte seg då ut av krigen, dei sa seg nøgde seg med førarskapen i Peleponnes-sambandet. Men Aten fekk førarskapen i eit samband av dei greske byane kring Egear-havet og i 450 vann dei over persarane både til sjøs og på land og persarane måtte gje frå seg dei hellenske byane på vestkysten av Vesleasia.

Stordomstida i Aten, med demokrati, Periklestida.

Medlemmane i sjøsambandet skulle stille med skip og mannskap eller betale ein krigsskatt til øya Delos. Etter kvart valde dei fleste å betale skatt og let Aten bygge skipa. Aten tente godt på det og nytta inntekta til å bygge opp att byen.

Perikles var  i 30 år, frå 460 den fremste statsmannen, i mange år var han leiar for strateg-rådet. Demokratiet vart gjennomført grundigare enn nokon gong. Det var framleis fire klasser, men no var det all slags eige som talde med, det var då mange som hadde tent seg rike på handverk og handel og som derfor ville ha politisk makt. (Dette kan vi samanlikne med byrjinga på den franske revolusjon). Rådet på Areopagos fekk ikkje meir å seie, all makt vart lagt til folketinget, som gav lover og kontrollerte embetsmennene. Doms- og embetsmennene vart uttekne ved loddtrekning, ut frå synet at alle borgarane var jamgode. I brodden for styret var 9 arkontar, det var i namnet dei høgste embeta, men ingen frå fjerde klassa kunne få eit slikt embete. Berre dei ti strategane vart valde og dei kunne veljast mange år på rad. Dei var hærfærarar og ordna med pengestellet og utanrikspolitikken. Dei var i røynda dei viktigaste statsembetsmennene. Heile Attika med Aten var inndelt i ti fylke.

Peleponnes-krigen.

Aten var med sitt demokratiske styre eit «moderne» samfunn som dreiv med industri (handverk), handel og sjøfart. Sparta var eit aristokratisk og konservativt jordbruks-samfunn, som stod i motsetnad til Aten både med næringsliv, styremåte og livssyn. Byane i sjøsambandet var missnøgde med at Aten hadde teke frå dei fridomen og ville ha hjelp frå Sparta til å verte frie. Korint var den verste konkurrenten til Aten i handelen og søkte derfor hjelp hos Sparta.

I 431 sende Sparta ei hær nord til Attika. Perikles ville ikkje ta eit avgjerande slag, men let folk komme innom langmurane og sende ein flåte sørover, for å herje Peloponnes. Men så vart ein stor del av folket tynte av pest, Perikles var eitt av offera. Atenarane tapte både til sjøs og til lands og i 404 rykte spartanarane inn i Aten. Dei måtte rive ned langmurane, gje frå seg flåten og gje opp det demokratiske styret.

Denne krigen var ei katastrofe for heile Hellas, inkludert Sparta, sjølv om dei vann.

Det sosiale samhaldet vart øydelagt.

Sofistane var dei lærde, til tross for at dei meinte det ikkje var noko som var allmenngyldig rett og sant, dei var korrupte kverrulantar. Det gjorde sitt til at det atenske sjøsambandet forfall innafrå, i bystatane heldt Folkepartiet med Aten, aristokratane heldt med Sparta. Begge partia skaffa seg lett hjelp når dei ville gjere statskupp, og mange ulykker kom over bysamfunna av dette. Det vart ein konkurranse om å vinne diskusjonen, same kva metode dei brukte, utan omsyn til kva som var rett eller sant, den politiske diskusjonen degenererte til primitiv sjølvhevding, så folk endåtil gav orda ny tyding, for å hevde seg sjølve og si meining.  Styre låg i hendene på griske politikarar som berre tenkte på seg sjølve og partiet. Når dei med urett og vald hadde vunne makta, kunne dei tilfredsstille partihatet. Menneskekjærleik fanst ikkje, begge partia forfølgde dei som heldt seg utanfor den politiske striden, av di dei ikkje unnte dei å vere i fred.

Dette førde til demoralisering, det opne og ærlege som særmerker ein bra mann, vart det drive ap med og snart fanst det ikkje meir. Mistru og vondskap stod høgare i kurs. Ikkje noko ord var så pålitande at det kunne føre til forsoning, ingen eid så sterk at han kunne binde.

Dette er nokså fritt gjengjeve etter Tukydid. Herodot vert rekna for far til sogeskrivinga, Tukydid er grunnleggaren av vitskapleg sogeskriving. Han søkte forklaring på krigen i menneskenaturen og la vekt på å vere objektiv og upartisk, sjølv om han var med i peloponeskrigane som strateg.

Sofistane og Sokrates og den filosofiske og politiske diskusjonen.

Sofistane var dei lærde, dei var samfunnsvitarar med kosmopolitisk innstilling, dei var juristar og journalistar som meinte der ikkje var noko objektiv sanning. Der fanst ingen absolutt moral som menneska kunne dømmast etter. Denne læra verka nedbrytande på moralen og kunne skape omsynslaus egoisme. Dei var korrupte pratmakarar og tente godt på det. Det gjorde sitt til at det sosial samhaldet i det atenske sjøsambandet vart øydelagt.

Sokrates meinte derimot at det finst ei allmenngyldig sanning, omgrep som ærlegdom, rettferd og djervskap er objektive og gjeld for alle. Kunnskap og tenking gjer at menneske kan vite kva som er rett og gale og det fører til rett handling.

Etter Peloponnes-krigen såg alt til å gå i oppløysing. Sofistane fekk skulda fordi dei hadde brote ned moralen hos dei unge med læra si. Mange trudde eller lest som dei trudde at Sokrates var sofist og laut stå for folkedomstolen, klaga for å øydelegge ungdommen og ikkje tru på dei offisielle gudane. Så han vart dømd til døden, men det var eit justismord.

Derfor trekte Platon seg attende og filosoferte. Aristoteles vart opplærd av Platon og Aleksander den Store vart opplærd av Aristoteles.

Filip av Makedonia og Aleksander den Store.

Hellas vart herja av pest, partistrid og borgarkrig, Men Filip av Makedonia fekk meir og meir makt, utan å møte skikkeleg motstand la han under seg Nord-Hellas, ved Kaironeia kom der til eit avgjerande slag i 338. I Korint møtte han utsendingar frå alle dei greske statane, med unntak av Sparta. Her fekk han godkjend planen om krig mot Persia. Rett etterpå vart han myrda. Son hans Aleksander den Store tok over og i 334 gjekk han over Hellespont med ein utvald hær frå Makedonia og Hellas.

Aleksander hadde gode statsmannsevne og hadde sans for kulturverdiar, så han var tolerant overfor den lokale religionen. Han var interessert i vitskapleg forsking og hadde med seg ein stab av vitskapsfolk, så herferdene hans var også vitskaplege ekspedisjonar.

Selevkide-riket og Maccabearane.

Historia.

I den hellenistiske tida vart prestetenesta i Jerusalem eit stridens eple. Antiokus 4. Epifanes kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs også med prestetenesta i Jerusalem. Sitat frå https://snl.no/selevkidene :

Selevkidene er navnet på en herskerslekt som i hellenistisk tid var herskere over store deler av Midtøsten. Deres stamfar, Selevkos 1 Nikator, var en av Aleksander den stores generaler. Etter Aleksanders død i 323 fvt. ble det store riket hans delt mellom hans tidligere generaler, de såkalte diadokene. Selevkos 1 tok herredømme over Babylonia og etter hvert også over Syria. Selevkidene bidro til å spre greske ideer og levemåter til store områder i Midtøsten.

I slaget ved Ipsos i 301 fvt. tok Selevkos 1 også makten over Lilleasia. Et forsøk på å erobre Aleksanders hjemland, Makedonia, ble hindret ved at Selevkos selv ble myrdet. Hans etterkommere fortsatte erobringene østover og i sin største utstrekning omfattet Selevkideriket områdene helt fra Bosporus i vest til elven Indus i øst.

Selevkidene lå også i stadig krig om områdene langs kysten av Middelhavet med ptolemeerne, etterkommere av generalen Ptolemaios 1 , som var den som styrte Det gamle Egypt etter Aleksanders død. Eiendomsretten til disse områdene vekslet flere ganger. Selevkidene drev her en intens og brutal helleniseringsprosess, også i de jødiske områdene. Mest kjent er deres harde styre i Jerusalem, under Antiockhos 4 Epifanes, som førte til den jødiske oppstanden under Juda Makkabeeren og hans brødre, de såkalte makkabeerkrigene.

Etter hvert mistet selevkidene provinsene lengst i øst til parterne og i vest til romerne. Selve Syria, der selevkidene beholdt sin makt lengst, ble romersk provins under generalen Pompeius den eldre i år 63 fvt.

Profetien.

Dette vart det profetert om i Daniels bok.

Dan.11, 21 I hans stad skal det koma ein usling. Han er ikkje etla til konge, men kjem uventa og riv til seg kongedømet med list. 22 Hærstyrkar vert bortsopte og knuste framfor han – like eins han som vernar pakta. 23 Etter at han har gjort samband, fer han med svik. Han dreg ut, og med lite folk vinn han herredømet. 24 Uventa gjer han innfall i dei grøderikaste bygdene i landet og gjer slikt som korkje fedrane hans eller deira fedrar har gjort. Gods som han har røva og teke, strøyer han ut til folket sitt. Han legg planar om åtak på festningsbyane; men det varer berre ei tid.
    25 Så samlar han alt sitt mot og all si makt mot kongen i sør og kjem med ein stor hær. Kongen i sør bur seg òg til krig med ein stor og mannsterk hær. Men han kan ikkje stå seg, for det vert lagt vonde planar mot han. 26 Dei som et ved hans bord, bryt hans makt. Hæren hans vert bortsopt, og mannefallet er stort. 27 Begge kongane har vondt i tankar. Dei sit ved same bord og talar lygn. Men planane deira lukkast ikkje. For enden kjem fyrst til den fastsette tid. 28 Medan han er på heimveg med mykje gods, legg han planar mot den heilage pakta. Etter å ha sett dei i verk fer han attende til landet sitt.
    29 Til fastsett tid dreg han mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist. 30 For skip frå vest kjem mot han. Då misser han motet, snur om og lèt harmen sin gå ut over den heilage pakta. Så vender han tilbake og merkar seg dei som har svikta denne pakta. 31 Hærstyrkar som han sender ut, vanhelgar heilagdomen, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen. 32 Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med sleipe ord. Men det folket som kjenner sin Gud, står fast og viser det i gjerning. 33 Dei vituge i folket hjelper dei mange til skjøn. Men ei tid vert dei offer for sverd og bål, fangenskap og plyndring. 34 Medan dei er i trengsle, får dei litt hjelp. Men mange som sluttar seg til dei, er ikkje ærlege. 35 Nokre av dei vituge kjem i trengsle, så dei vert skirsla og reinsa og tvegne til endetida. For enno er det ei stund att til den fastsette tid.
    36 Kongen skal fara fram som han vil. Hovmodig som han er, opphøgjer han seg over alle gudar, og mot Den Høgste Gud talar han uhøyrde ord. Han har framgang til dess forbanninga tek slutt. For det som er fastsett, må fullførast. 37 Han bryr seg ikkje om sine fedrars gudar og heller ikkje om grumguden åt kvinnene eller nokon annan gud. Han gjer seg sjølv større enn dei alle. 38 I staden ærar han borgguden. Ein gud som fedrane hans ikkje kjende, ærar han med gull og sølv, edle steinar og andre dyre ting. 39 Folket åt ein framand gud gjer han til mannskap i borgene. Dei som dyrkar denne guden, viser han stor ære. Han set dei til å råda over mange og skifter ut jord til dei som løn.
    40 I endetida skal kongen i sør støyta saman med han, og kongen i nord skal storma fram mot han med vogner og hestfolk og mange skip. Han dreg inn i land etter land og fer over dei som ein flaum. 41 Han dreg inn i det fagre landet, og mange tusen skal falla. Men desse skal sleppa unna hans hand: Edom og Moab og dei fremste av ammonittane. 42 Han retter handa ut mot land etter land, og heller ikkje Egypt skal gå fri. 43 Han får makt over alle løynde skattar, gull og sølv og alle dyre eigneluter i Egypt. Jamvel libyarane og nubiarane må fylgja han. 44 Då skal rykte frå aust og frå nord skræma han, og han tek ut i stor harme, vil rydja ut mange og via dei til døden. 45 Han set opp kongsteltet sitt mellom havet og det fagre, heilage fjellet. Men så ber det mot slutten med han, og det er ingen som hjelper han.

Zevs var ein av dei greske gudane, at han no skulle vere den einaste guden og alle skulle dyrke han og ingen annan gud, det var noko nytt. Legg merke til at dei som dyrka denne guden gav kongen stor ære, han sette dei til å råde over mange og skifta ut jord til dei som løn. Så dei skulle verte jordeigarar og eit nytt aristokrati altså.

Historia i 1. Maccabearbok.

Maccabear-brødrene leia jødane i frigjeringskampen og dei gjorde vennskaps-avtale med Roma og Sparta, for romarane var allereie vidgjetne og spartanarane ætta frå Abraham og var i slekt med jødane.

1.Macc.12,1 Da Jonatan så at tiden arbeidet for ham, valgte han ut noen menn som han sendte til Roma for å stadfeste og fornye vennskapet med romerne.  2 Også til Sparta og andre steder sendte han brev med samme innhold.

     3 Da sendemennene kom til Roma, trådte de fram for senatet og sa: «Øverstepresten Jonatan og det jødiske folk har sendt oss for å fornye det tidligere vennskapet og forbundet med dere.»

     4 Romerne gav dem brev til myndighetene på hvert sted om at de skulle hjelpe dem videre på reisen, så de kunne dra tilbake til Judea i fred.

     5 Det følgende er en avskrift av brevet som Jonatan skrev til spartanerne:

     6 «Øverstepresten Jonatan, folkets eldsteråd, prestene og resten av det jødiske folk hilser sine brødre spartanerne.

     7 For lenge siden ble det sendt et brev til øverstepresten Onias fra deres daværende konge Areios om at dere er våre brødre, slik det fremgår av den vedlagte avskriften.  8 Onias gav sendemannen en ærefull velkomst og tok imot brevet, som inneholdt en uttrykkelig erklæring om vennskap og forbund.  9 Selv om vi i og for seg ikke har bruk for dette, siden vi henter vår styrke fra de hellige bøker som vi eier, 10 tillater vi oss likevel å sende bud for å fornye vårt brorskaps- og vennskapsbånd, så vi ikke skal bli helt fremmede for dere; for det er gått mange år siden dere sendte oss budskapet. 11 I alle år siden har vi stadig nevnt dere når vi bærer fram offer og når vi ber, både på høytidene og de andre høvelige merkedagene, slik det er rett og riktig å huske på brødre. 12 Vi gleder oss over deres makt og ære. 13 Men selv har vi vært rammet av mange trengsler og mange kriger, og kongene omkring oss har gått til angrep på oss. 14 Vi har likevel ikke villet bry dere og de andre forbundsfellene og vennene våre med disse krigene, 15 for vi har hjelpen fra Himmelen å støtte oss til. Slik er vi blitt berget fra fiendene våre, mens de er blitt ydmyket.

    16 Vi har nå utpekt Numenios, sønn av Antiokos, og Antipater, sønn av Jason, og sendt dem til Roma for å fornye vårt gamle vennskap og forbund med romerne. 17 Vi har pålagt dem å reise til dere også for å bære fram vår hilsen og overbringe dere dette brevet om fornyelsen av våre brorskapsbånd. 18 Vi ber dere derfor om å gi oss svar på dette.»

    19 Dette er teksten til brevet som ble sendt Onias: 20 «Areios, spartanernes konge, hilser øverstepresten Onias. 21 Det er kommet for dagen et dokument som viser at spartanerne og jødene er brødre, og at de begge stammer fra Abraham. 22 Når vi nå har fått vite dette, ber vi om at dere skriver og forteller oss hvordan det står til med dere. 23 Vårt svar til dere vil være dette: Deres buskap og eiendom er vår, og vår er deres. Vi har gitt våre sendemenn ordre om å gjøre nærmere rede for dette.»

Maccabear-brødrene vart etter tur øvsteprest som leia folket i frigjeringskampen. Den siste av dei heitte Simeon og folket gjorde avtale med han om at han og ætta hans skulle ha øvsteprest-tenesta og samtidig vere deira hovding, inntil det stod fram ein sann profet.

Sitat frå 1.Macc.14,28

         «Den 18. elul i året 172, som er år 3 under Simeon, øversteprest og høvding over Guds folk, 28 ble det kalt sammen en rådsforsamling av prester og folk, folkets ledere og landets eldste. Der ble følgende kjensgjerninger lagt fram:

    29 I en tid da landet stadig var utsatt for krig, tok Simeon, sønn av Mattatja, av slekten Jojarib, og brødrene hans på seg det farefulle oppdrag å verge folket mot dets fiender, for at helligdommen og loven fortsatt skulle bestå; og de vant stor ære for sitt folk. 30 Jonatan samlet folket og ble deres øversteprest; så gikk han til sine fedre. 31 Fiendene deres satte seg fore å trenge inn på deres landområde for å herje landet og krenke helligdommen. 32 Da stod Simeon fram og kjempet for sitt folk. Han brukte store summer av egne midler til å utstyre folkets stridsmenn med våpen og betale dem lønn. 33 Og han befestet byene i Judea og grensebyen Bet-Sur, hvor fiendene tidligere hadde et våpenlager. Så la han en vaktstyrke av jødiske menn der. 34 Han befestet også Jaffa ute ved havet og Geser ved grensen mot Asjdod, hvor fiendene holdt til før. Simeon lot jøder bosette seg der, og skaffet til veie alt som var nødvendig for at de kunne bo der. 35 Da folket så Simeons troskap og tenkte på den ære han ønsket å vinne for sitt folk, gjorde de ham til sin høvding og øversteprest. Dette gjorde de som takk for alt han hadde utrettet, og på grunn av den rettferd og troskap han alltid hadde vist mot sine landsmenn. Han hadde på alle måter søkt å opphøye sitt folk.

    36 I hans tid og under hans ledelse lyktes det å drive hedningfolkene ut av landet, også dem som holdt til i Jerusalem. De hadde bygd seg en borg i Davids-byen, og derfra foretok de stadig streiftog og gjorde området omkring helligdommen urent. Deres virksomhet var en grov krenkelse av stedets hellighet. 37 Simeon lot jøder slå seg ned i borgen og befestet den for å kunne forsvare landet og byen, samtidig som han gjorde murene omkring Jerusalem høyere. 38 Kong Demetrios stadfestet ham derfor i øversteprestembetet 39 og gjorde ham til en av sine Venner og viste ham stor ære. 40 For han hadde hørt at også romerne hadde erklært jødene for sine venner, forbundsfeller og brødre, og at de hadde gitt Simeons sendemenn en ærefull mottagelse.

    41 På bakgrunn av de kjensgjerninger som her er nevnt, har jødene og deres prester gjort dette vedtak: Simeon og hans ætt skal i fremtiden være deres høvdinger og øversteprester, inntil det står fram en sann profet. 42 Simeon skal være deres øverstkommanderende, med rett til å utpeke ledere for de offentlige arbeider, for landdistriktene, våpenmateriellet og festningsanleggene, 43 og han skal ha ansvaret for templet. Han skal adlydes av alle. Alle kontrakter i landet skal utstedes i hans navn, og han skal kle seg i purpur og bære gullspenne.

    44 Ingen av folket eller prestene skal ha lov til å oppheve noen av disse bestemmelsene; heller ikke skal de ha lov til å si imot det som måtte bli påbudt av ham, holde en sammenkomst i landet uten hans tillatelse, kle seg i purpur eller feste på seg gullspenne. 45 Den som handler i strid med disse bestemmelser eller opphever noen av dem, skal være straffskyldig.

    46 Hele folket vedtok å gi Simeon fullmakt til å handle i samsvar med disse bestemmelsene. 47 Simeon gav dette sin tilslutning og sa seg villig til å være øversteprest, hærfører og styresmann for jødene og presteskapet, og å være alles beskytter.»

Opphavleg skulle ikkje øvstepresten vere konge, kongen skulle ha ein heilt annan funksjon enn den levittiske øvstepresten. Men David profeterte om at Messias var hans konge og han skulle vere øvsteprest etter Melkesedeks vis.

Periodar i den greske antikken.

Den greske kulturen hadde lenge ikkje noko sentralt politisk styre. Det kan samanliknast med Israel i dommartida.

Sitat frå https://snl.no/Den_greske_antikken :

På 1000-tallet fvt., ved overgangen fra bronsealder til jernalder, forsvant den mykenske kulturen i Hellas. I de følgende århundrer oppstod den styreformen som ble den normale i klassisk gresk tid og fortsatte som lokal styreform til antikkens slutt, nemlig bystaten (gresk: polis). Bystaten bestod av et sentrum med en større eller mindre samlet bebyggelse og et omland med dyrket mark og utmark/allmenning. En vanlig polis var ikke særlig stor, kanskje noen hundre kvadratkilometer.

Bystatene oppstod først i Lilleasia omkring år 800 fvt. Derfra spredte systemet seg raskt til de sørlige og østlige delene av Hellas og til oversjøiske områder da koloniseringen tok til omkring 750. I de nordlige og vestlige delene av Hellas var det få bystater. Der det ikke var bystater, ble det gjerne dannet løsere stammeforbund (ethne).

Enhver koloni hadde sin moderby og kunne i sin tur sende ut kolonier og selv bli moderby, men koloniene var nesten alltid politisk selvstendige.

Den greske antikkens historie kan deles inn i tre hovedperioder; arkaisk tid (cirka 800–480 fvt.), klassisk tid (480–323 fvt) og hellenistisk tid (323–3O fvt.).

Arkaisk tid (cirka 800–480 fvt.) var preget av bystatenes fremvekst, der det før kun var småkongedømmer og høvdinger. Hellas fikk på ny et skriftspråk, fjernhandel, befolkningsøkning og monumentalbygninger, etter de såkalte «mørke århundrene» i kjølvannet av den mykenske kulturens fall rundt 1150 fvt.

Perserkrigene markerer overgangen til klassisk tid (480–323 fvt.), hvor Sparta og Athen står frem som de ledende statene i Hellas. Etter flere kriger og innbyrdes strid ble bystatene svekket. I 338 ble statene i Hellas (unntatt Sparta) undertvunget av kong Filip av Makedonia. Med hans sønn Aleksander den stores død i 323 begynte den hellenistiske tid. Denne løp frem til om lag år 30 fvt., da det siste hellenistiske riket, Egypt, ble underlagt Romerriket.

Antikkens Hellas var politisk sterkt splittet. Flere hundre små bystater over et tidsrom på mange hundre år skapte ingen enhetlig politisk kultur. Det fantes allianser og militære forbund, men politisk samling til én stat var aldri på tale. Men grekerne var likevel klar over at de kulturelt og politisk hadde mye til felles, ikke minst fordi de levde i den spesielle formen for bystat som man kalte polis. I snevreste forstand var polis et kollektiv av menn med borgerrett (ikke kvinner, barn og ufrie). Ideelt sett hadde hver polis autonomi (frihet og egne lover) og autarki (kunne klare seg med egne ressurser). I realiteten var de fleste underlagt en hegemon (gresk leder/ veiviser) og drev omfattende handel med andre bystater for å få tilgang på de varene de trengte.

Der hvor fulle politiske rettigheter ble forbeholdt et mindretall av rike, ble styreformen kalt oligarki (styre av få); der hvor alle borgerne hadde (tilnærmet) like rettigheter, ble den kalt demokrati (styre av folket) eller isonomi (lik andel i styret).

Korinth var en av statene som hadde et sterkt oligarki. I Sparta utgjorde fullborgerne en liten del av den totale befolkningen. Statens militære behov var en overordnet faktor, og forfatningen endret seg lite etter 500-tallet.

Athen utviklet et demokrati i klassisk tid. Det var flere poleis med demokratisk styreform, deriblant Syrakus på midten av 400-tallet fvt., men det er bare athenernes demokrati vi kjenner godt fra kildene. Athen innførte demokratiet i 507 fvt., og det var bakteppet for en kulturell blomstringstid som har preget Europa frem til i dag. Demokratiet overlevde en rekke oligarkiske kupp og fortsatte i modifisert form fram til romertiden.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s