Vikingane var handelsreisande i Aust-Europa og fekk kristendomen på kjøpet. Ukraina-krigen. Kva er framtidsutsiktene?

Viking-ferdene på elvane i Aust-Europa.

Frå den baltiske kysten sigla vikinga opp elvane i Russland og det var ikkje mange kilometrane dei måtte drage skipa over land, for å komme inn i Dnjepr, som renn sørover til Svartehavet. I St.Petersburg sigla vikingane opp elva Neva til Ladogasjøen, herifrå sigla dei opp elva Volkhov, sør til Novgorod (Holmgard). Lengre sør i Østersjøen sigla dei opp elvane Dvina, Njemen og Wisla. Frå alle desse fire elvane kom dei seg over i elva Djnepr.

Donau er Europas nest lengste elv, den renn ut i Svartehavet. Det gjer også Europas tredje lengste elv, Dnepr. Den renn frå Smolensk i Russland, mot sørvest, gjennom Kviterussland, gjennom Kiev i Ukraina og renn ut i Svartehavet aust for Odessa. Nord for Kiev er Dnepr utvida til ein innsjø og elva Pripjat renn også inn i den innsjøen, frå Polen, Kviterussland og gjennom Ukraina. Ved Milograd kjem der ei side-elva Bjarezina frå nordvest, frå ein innsjø som heiter Palik. Nord for Smolensk kjem side-elva Reka Khmost inn frå nord-vest. Lengre nord kjem sideelva Vop inn frå nord-vest. Ved Ust´e kjem side-elva Vjazma inn frå aust. Med ei lita side-elv frå aust er den forbunden med ei breiare elv med same namn: Reka Luzhnya. På kartet ser det ut til at Dnepr byrja ved Istok Dnepra Reki, men så er der eit merke i kartet litt lengre vest som er kalla «Source of Dnepr River». Dette er vest for Moskva.

Elva Svir renn ut i Ladagosjøen lengre nord, frå Onegasjøen. Gjennom elvar/kanalar og innsjøar er denne forbunden med ein stor innsjø langt nord for Moskva. Herifrå renn elva Volga mot søraust, til Nizjnij Novgorod. Lengre sør vert Volga utvida til ein avlang innsjø og i sørenden av den ligg Volgograd. Her er det ikkje langt over til elva Don, som renn ut i Svartehavet rett aus for Krim. Volga er Europas lengste elv og den renn ut i det Kaspiske hav. I Stalintida vart det bygt kanalar og sluser, så det går an å sigle frå Austersjøen inn i Volga og komme ut i Svartehavet.

På Dnepr kom vikingane seg heilt til Gardarriket og vidare til Miklagard (Konstantinopel). På kartet er ikkje Svir teikna inn som ei reiserute, men når dei kom seg inn i Dnepr, kunne dei seile nordover, nord om Moskva og Jaroslav og her kom dei seg inn i Volga og kunne følge den vidare heilt til det Kaspiske hav eller dei kunne komme seg over i Don og følge den til Svartehavet. Dei var handelsreisande og tente godt på handelen. Dette var først og fremst svenske vikingar.

Kampen for tilværet og evangeliet om Kristus.

Livet er ein kamp for tilværet, også for menneska, men det er skilnad på metodene i krig og i fredstid. Dette ser vi også i det Gamle Testamentet. Kongerike oppstod og kriga mot andre rike og rike gjekk under. Sjølv om dei dyrka avgudane, hevda Gud at det var han som gjorde sitt verk. Han let profetane sine profetere om ein glade bodskap som skulle forkynnast for alle folkeslag. Under keisar Augustus kom der ei fredeleg tid i Romarriket og då nytta Gud høvet til å sende Son sin for å forkynne den glade og frigjerande bodskapen om Guds rike, den skulle forkynnast for alle folkeslag og metodene var fredelege.

Jesus profeterte om at det kom til å verte krig, rike skulle reise seg mot rike. Det kan vi no lese om i historia og høyre om i vår samtid. Men dei som trur på han skulle likevel ikkje verte så opptekne av det, men forkynne evangeliet for alle folkeslag. Det er det verda framleis treng. Dersom nokon vil vite kva kristendom er for noko, så er det berre å høyre forkynninga, lese i det nye testamente og sjå det på bakgrunn av det gamle testamentet. Testamente ja! Og ein skal ikkje endre på eit testamente, det er ikkje lovleg.

Korleis vart Noreg kristna?

Kristendomen er ein bodskap om fred og fridom, evangeliet er ein glade bodskap. Og kristendomens metode er fredelege. Så spørst det berre om den vert trudd. Men dette handlar om ei anna sak også, der vikingane brukte sine metode. Raidet på klosteret i Lindisfarne er rekna for å vere starten på vikingtida og det var eit angrep på forholdsvis uskuldige og verjelause folk, men er ikkje rekna for å vere særleg representativt for vikingane. Dei var tapre krigarar og når dei inngjekk avtale om å verje eit land, så var dei pålitelege.

Harald Hårfagre samla Noreg på slutten av 800-talet. Det var ei politisk viktig hending, med konsekvensar for ettertida, sjølv om det var eit lite rike og straks vart oppsplitta. Omlag hundrede år seinare prøvde danske-kongen Svein Tjueskjegg å legge under seg både Noreg og England og han sende ein flåte nordover langs vestlandet, den herja, men Håkon Sigurdson Ladejarl og son hans Eirik Håkonson vart varsla ved leidangen og samla ein flåte og vann over dei i slaget ved Hjørungavåg på Sunnmøre. Seinare prøvde Olav Tryggvasson og Olav Haraldson å samle eit mykje større Noreg til eitt rike, ved hjelp av kristendomen. Då er det viktig å ha klart for oss kva dei politiske motsetnadane bestod i og å forstå kva betydning kristendomen fekk.

Danskekongen prøvde å få makta over både Noreg og England, medan han var oppteken av å vinne makta i England prøvde Olav Tryggvasson å samle Noreg, ved hjelp av kristendomen, seinare prøvde Olav Haraldson det også, medan danskekongen var oppteken av å sikre makta si i England. Det var eit politisk maktspel som gjorde at Olav Haraldson fall på Stiklestad. Trønderane vann i slaget ved Stiklestad, men danskane hausta fruktene. Knut den Mektige sette inn sonen sin, Svein, til lydkonge i Noreg, sjølv om han var berre eit barn, så det vart under formyndarskap til mora, den angelsaksiske Ælfgifu, som nordmennene kalla Alfiva. I staden for å styre gjennom jarlane. Nordmennene fekk merke at dei var komne frå aksen til elden. Danskane innførde nye lovbod, skattar og tyngsler som var uhøyrde for dei. Normennene vart så missnøgde med dette at Alfiva og son hennar måtte røme frå landet. Og folket hadde vorte så opplyste om kristendomen at det førde til kristninga av folket og landet. Det verka til å samle folket og dei rika som Olav Tryggvason og Olav Haraldson samla var mykje større enn det riket som Harald Hårfagre samla. Kristendomen er ein fredens bodskap som gjorde vikingane fredelegare og vart med det i stand til å semjast i større samfunn.

Dette kan de lese meir om her: https://value-and-entropy.com/2022/06/21/samlinga-av-noreg-slaget-ved-hafsfjord-hjorungavag-svolder-og-stiklestad-kva-betydning-fekk-kristendomen%ef%bf%bc/

Gardariket, Novgorod-riket og Russland.

Khagan var det tyrkisk-arabiske ordet for herskarane på dei russiske steppene og vikingane presenterte seg for dei som khaganar. Men dei vart kall rus, truleg av å ro og av Rotslagen i Sverige, for dei var folket som rodde. Så Gardariket vart kalla Kiev Rus, herav Russland og Kviterussland.

Vikingen Rurik grunnla Gardariket, gjennom sonen Igor vart han ættefar til dynaastiet som herska i Moskva. Sitat frå https://snl.no/Kievriket :

«Riket» var til å begynne med bare et løst forbund av østslaviske stammer, holdt sammen av fyrstene i Kiev, Oleg (Helge) til 912 og Igor (Ingvar) i 912−945. De var i likhet med størsteparten av hirden (druzjina) av skandinavisk herkomst. Dynastiet skal være grunnlagt av Igors far Rjurik (Rørek), og hersket i Russland helt til 1598. Herskerne begynte snart å bruke slaviske navn, i annen halvdel av 900-tallet også sine slaviske undersåtters språk.

…..

I Jaroslavs tid besøkte hele tre norske konger Rus-riket og oppholdt seg ved hans hoff: Olav den hellige i 1028−1030, Magnus den gode i 1028−1035 og Harald Hardråde, som giftet seg med Jaroslavs datter Ellisiv (Elisabet).

Jaroslav delte sitt rike mellom sønnene, men gav den eldste forrangen med Kiev som residensstad. Meningen var å forhindre familiefeider og splittelse av riket, men selv om Kievs primat i den første tiden i hvert fall teoretisk ble respektert, forhindret ikke dette at etterkommerne stadig førte krig mot hverandre. Dette vanskeliggjorde et effektivt forsvar mot polovetserne, som behersket steppen i sør og hindret handelen med Bysants.

Et fyrstemøte i 1097 delte riket «for evig» mellom fyrstene som arvelig eiendom; Kiev-fyrsten skulle bare ta seg av felles interesser. «Rus» var nå et fyrsteforbund, og hirdkasten utviklet seg raskt til en adel av storgodseiere (bojarer). Kievs Vladimir 2 Monomakh klarte for en kort tid å påtvinge de andre fyrstene sin vilje, men etter hans død kom det igjen snart til feider, selv om en slags enhet fortsatte å være det politiske ideal frem til 1169.

Opphav til tre stater

Kievriket tilhører historisk ikke bare det moderne Russland, men også Ukraina og Belarus, som var deler av det sentrale Kievriket. De er i dag selvstendige stater, og byen Kyiv/Kiev er hovedstaden i Ukraina.

Russiske historikere omtaler ofte Kievriket som «den gammelrussiske staten» og regner Kyiv/Kiev som Russlands første hovedstad. Men Kievriket var verken storrussisk, ukrainsk eller belarusisk, fordi slike moderne nasjonale identiteter ennå ikke eksisterte. Samtidig var Kievriket utvilsomt opprinnelsen til alle de tre statene.

Under mongolinvasjonen fall Moskva og vart lydrike under det mongolske storriket, men «Rjurik-dynastiet» heldt fram og med tida klarde dei å frigjere seg frå det.

Tartarane pressa mot Gardariket frå sør og så kom mongolinvasjonen. Men nord for Kiev og vest for Moskva var Novgorod (Holmgard) eit handelsknutepunkt og vart soleis ein mektig by som vart hovudstad i eit Novgorod-rike, det var republikk. Men under mongolinvasjonen kom både Ukraina og Novgorodriket i klemma mellom det mongolske stor-riket og det Polsk-Litauiske riket, så Ukraina inngjekk i det Polsk-Litausike riket.

Sitat frå https://snl.no/Ukraina :

Tatarer invaderte området i 1237 og Kyiv ble ødelagt i 1241. På 1300-tallet ble tatarene presset tilbake av storhertugdømmet Litauen og kongeriket Polen. I 1569 kom mesteparten av dagens Ukraina under Polen-Litauen og den gamle adelen ble fortrengt av polske stormenn.

Ukrainske kosakker ledet striden mot det polske herredømmet, og et opprør ledet av hetman Bohdan Khmelnytskyj i 1648 førte til at det ble dannet en de facto uavhengig ukrainsk stat. I 1667 måtte Polen avstå Ukraina øst for Dnepr til Russland. Etter delingene av Polen (1772–1795) og erobringen av Krim-khanatet ble Ukraina delt mellom Russland og Østerrike.

I 1917 ble Ukraina en autonom republikk under tysk beskyttelse. Et ukrainsk sentralråd utropte 22. januar 1918 Ukraina som en selvstendig stat. Etter Tysklands nederlag i første verdenskrig var det borgerkrig i Ukraina i to år før landet ble erobret av bolsjevikene.

—–

Novgorod-riket søkte også allianse med dette riket. Men fyrsten i Moskva kalla seg ein storfyrste som gjorde krav på Novgorod-riket og det enda med at tsar Ivan «den grusome» brende ned Novgorod.

Sitat frå https://snl.no/Ivan_4._den_grusomme :

«Ivan 4. den grusomme var storfyrste av Moskvariket fra 1533 og russisk tsar fra 1547 til 1584. Han var den første storfyrsten av Moskva som lot seg krone til tsar.

Som tsar oppløste Ivan rådet av bojarer (Russlands høyadel), og opprettet i stedet et nytt råd av betrodde personer. Han opprettet Russlands første fast organiserte infanteriavdelinger, strelitsene, og erobret etter hvert flere områder som tidligere hadde vært underlagt mongoler og tatarer. Ivan følte seg forfulgt av adelen og presteskapet, og i 1564 fikk han delt riket i to, med en «privat» del der han fikk ubetinget makt til å gjøre opp med fiendene sine. Til denne jobben brukte han sitt hemmelige politi, kalt opritsjniker, som i syv år herjet rundt og terroriserte og drepte folk samt utslettet flere byer.»

Rurik-dynastiet varde til 1598. Ivan den Grusome gifta seg med Anastasia, dotter til Roman Jurjevitsj, som vart ættefar til Romanov-dynastiet som tok over. Det ætta frå Rjurik på kvinnesida og er i nær slekt med det tyske fyrstehuset Holstein-Gottorp.

På 1600-talet vart tsar Peter den Store så interessert i den moderne vitskapen og rasjonelle system og dermed så vestleg orientert at han endåtil flytte hovudstaden frå Moskva til St. Petersburg.

Ukraina-krigen sett i historisk samanheng.

Ved samanbrotet av Sovjetunionen og Aust-blokka vart mange nasjonar sjølvstendige. Vi kan forklare det både med den frigjerande bodskapen i evangeliet og vestleg fridoms-filosofi. EU er ei samanslutning av slike statar, der dei har vorte samde om fri handel, fri ferdsel av varer og tenester, arbeidskraft også, så det vert fri ferdsel av menneske. Så spørst det om menneske soleis vert handelsvare, meir og meir som trælar. Men den problemstillinga er så fundamental, at det er så visst ikkje avgrensa til EU. Dette problemet treng uansett den fundamentale løysinga evangeliet om Kristus gir oss.

Ukraina vart sjølvstendig ved samanbrotet av Sovjetunionen. Sidan har EU og Nato utvida austover og Ukraina viste interesse for å verte med i både EU og Nato. Derfor gjekk Russland til krig mot Ukraina. Motsetnaden mellom den ortodokse kyrkje og den katolsk kyrkje er då fundamental og den historiske bakgrunnen for det, var at Romarriket vart delt i Aust-Romarriket og Vest-Romarriket. Dette har eg sett i historisk samanheng her: https://value-and-entropy.com/2022/06/23/ukraina-krigen-sett-i-historisk-samanheng-fra-ein-nordisk-synsstad/ .

Men denne motsetnaden mellom aust og vest er vel ikkje så viktig for oss her i Norden?! Nordiske vikingar reiste i vikingferd både i Aust-Europa og Vest-Europa og fekk gode kontaktar og fekk kjennskap til kristendomen, og slik vart dei kristna. Og kristendomen har den eigenskapen at den skaper gode relasjonar mellom folk.

Norden og våre nære nabo­statar i sør og vest er protestantiske, så det er nok ein grunn til at dette skilje ikkje har ikkje så stor betydning for oss. Sidan vi er protestantiske skulle vi ha forstått at evangeliet er ein frigjerande bodskap som skal forkynnast for alle folkeslag. Då gjer vi rett i å forkynne det først for oss sjølve. Så er det om å gjere å forkynne det for dei som enno ikkje har høyrt det. Og det er nærliggande å forkynne det for våre nære nabo-folk, både i Vest-Europa og i Aust-Europa. Først fekk vi den åndelege velsigninga ved trua på Kristus og den bringer vi med glede vidare. Så kom moderne vitskap og teknologi og det vart til velstand, så den materielle velsigninga kom etter den åndelege velsigninga og det er vel ikkje noko i vegen for at vi kan bringe den vidare også, etter den åndelege velsigninga.

Men dersom nokon erstattar denne frigjerande bodskapen med noko anna, så erstattar dei også velsigninga med forbanninga. Og det tydeleg vis mange politikarar i den vestlege verda som soleis har slått seg på galeien, med «brød og sirkus» i staden for rasjonell tenking.  Slik prøver dei å rive ned og øydelegge samfunnet og nasjonalstaten, både i Norden og i EU. Dette er lureri og mange vert lurte, både i Norden og i Vesten elles og det kan vel gå slik, at når Aust-Europeiske statar vert vestleg orienterte, gjennom EU, så vert dei også lurte. Dei vert med på galeien med å bryte ned samfunnet.

Folket i Ukraina kjempar for sitt nasjonale sjølvstende og får mykje sympati frå det norske folk, også på venstresida. Men dei har no i lag tid kjempa for å bryte nede nasjonalstaten, så det betyr no at til tross for at folket i Ukraina kjempar for sitt nasjonale sjølvstende med livet som innsats, så vert dei lurte.

Rasistiske Vesten?

Russarane med Putin i spissen kritiserer den vestlege fridomen og påstår at Vesten er rasistisk/fasistisk. Det er ikkje lett å få det til å gå saman, men der er ein filosofisk tradisjon av ytterleggåande frigjering, med umoral, vert brukt som argument for diktatur og slik vert mange menneske lurte.

Vi kan sjå det i historisk samanheng, men kva med tankar i tida. Kvinna skulle frigjere seg frå mannen og det er spesielt den kvite kvinna som skal frigjere seg frå den kvite mannen, som om han ikkje er bra nok for henne. Så vert det endåtil påstått at han er rasistisk, men er det noko som er rasistisk i dette, så er det no nettopp påstanden om at han ikkje er bra nok for henne. Så dette er den nye raseteorien. Kvinnerørsla forkynte sitt mannshat allereie på slutten av 1970-talet og no har det altså vorte til eit religiøst rasehat, som strir både mot kristendomen og naturvitskapen.

Men det er då vanskeleg å forstå krigen i Ukraina som ein rasekrig, det er då den kvite mann som krigar mot den kvite mann, så slik sett verkar det temmeleg meiningslaust, menneske vert til kanonføde. Det får meg til å tenke på at kvinna let seg dåre og forføre ved syndefallet og så lokka ho mannen sin med seg og derfor vart han dømd til døden. Det er historia som gjentek seg, det er lett å bruke den forklaringa. Det er nok riktig, men kva så? Det er no vel litt rart om ikkje mannen skal verte opplærd til å svar for seg, til sitt eige forsvar? Det var no nettopp det den kristne opplæringa skulle ta sikte på. For alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, han snakkar med oss og vi snakkar med han og ber om gode gåver. Og han lærer oss opp så vi vert i stand til å svare for oss overfor verdslege autoritetar.

Evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag. Kan «Vesten» framleis leie utviklinga vidare?

Folket i Europa, den kvite mann og kvinne, vart velsigna på grunnlag av evangeliet om Kristus. Rundt 1600 e.Kr. byrja utviklinga av moderne vitskap i Vest-Europa, så kom moderne teknologi og det førde til ei velstandsutvikling. Dette er typisk for vestleg kultur.

Tidlegare hadde det vore fiendskap og krig mellom Moskva og det Polsk-Litauiske riket, men på 1600-talet vart tsar Peter den Store så interessert i moderne vitskap og rasjonelle system derfor så vesteleg orientert at han flytte hovudstaden frå Moskva til St. Petersburg. Mange filosofar har trutt og meint at sanninga skal setje oss fri, dette finn vi også i den rasjonelle filosofien på denne tida (jfr. Spinosa), det høver med moderne vitskap og det høver med kristendomen; Kristus er Guds Ord, vi treng at den Heilage Ande openberrar det for oss, så vi innser at Kristus er Sanninga som set oss fri.

Det starta i Vest-Europa og er typisk for vestleg kultur, men Aust-Europa vart no med på dette, så vi kan også kalle det Europeisk kultur. Og den spreidde seg vidare også. Ja, kvifor ikkje? Bibelens Gud er den rettmessige Gud for alle folkeslag, så evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag. Når vi då forkynner evangeliet for andre folkeslag, er det vel ikkje så rart om moderne vitskap og teknologi følgjer med. Først fekk vi den åndelege velsigninga, så den materielle velsigninga. Då kan det vel verte slik for dei andre folkeslaga også, at først får dei den åndelege velsigninga, ved trua på Kristus. Så kjem den materielle velsigninga etterpå, vel og merke med moderne vitskap og teknologi, slik som hos oss. Her er også eit poeng med å utvikle ny teknologi som høver med det naturmiljøet dei lever i og dei behova dei har.

Men dersom vi erstattar evangeliet om Kristus med noko anna, så lurer vi for det første oss sjølv, dernest lurer vi andre som vi liksom skulle forkynne evangeliet for.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s