Marknads-økonomi og slave-handel? Keynes blandingsøkonomi.

Sukkot, haust-takkefest og oktoberfest. Kva med ein fest på ein marknads-plass?

 Jødane har sin lauvhytte-fest (Sukkot), der dei bygger seg lauhytter (Sukkot), slik feirar dei at Gud leia dei ut frå Egypt til det lova landet, for då budde dei i lauvhytter. Den er kombinert med ein innhausting-fest som markerer slutten på drue-hausten og landbruks-året og var også kombinert med ei pilgrimsferd til Jerusalem. Sukkot varer vel ei veke i månadsskiftet september/oktober, slik at der er ein sabbat i forkant og ein i etterkant av festen. https://snl.no/l%C3%B8vhyttefesten

Amerikanarane byrja med ein hausttakkefest i lag med fredelege indianarar og det vart etter kvart tradisjon, den vart til ei langhelg på fire dagar, frå fjerde torsdagen i november til og med søndag. https://no.wikipedia.org/wiki/Thanksgiving

 Tyskarane har sin oktoberfest i Wien, den byrja med bryllaupet til Bayerns kronprins Ludwig og prinsesse Therese, 12. oktober 1810. Dei kongelege baud inn til fest og sidan har det vorte tradisjon og vert kalla verdens største folkefest, ein festival som pågår i 16 dagar før første søndagen i oktober. Det vert brygga eit spesielt øl til festivalen. I dei siste åra har det vorte oktober-fest andre plassar også. https://no.wikipedia.org/wiki/Oktoberfest

Korleis hadde det vore å kombinere hausttakkefesten med ein marknad, til dømes i ein liten landsby, der bønder og andre lokale næringsdrivande fekk komme inn med varene sine og selje dei? Vel, noko av desse hausttakkefestane er kopla til jødedommen og kristendomen, så det minner meg om at Jesus reinsa tempelet og sa til jødane at dei skulle ikkje gjere huset til Faderen om til ein marknads-plass. Så det må vi altså skilje.

Hageby og kolonihage som beredskap.

Historie.

Under andre verdskrig fekk vi sjå kor sårbart næringslivet og handelen var for krig og katastrofe. Det vart mangel på matvarer i butikkane og det ramma byfolk særleg hardt. Heldigvis hadde dei i Oslo kolonihagar som hadde vore laga på byrjinga av 1900-talet, så det var mange byfolk som hadde slike kjøkkenhagar https://oslokolonihager.com/kolonihagene-i-oslo/ . Ullevoll hageby vart laga i 1915-22, det var bustadblokker for småkårsfolk og arbeidarar, med store nok tomt til at dei kunne ha sin eigen hageflekk. Men det vart etter kvart middelklassa som flytta inn og no er bustadane forholdsvis dyre https://no.wikipedia.org/wiki/Ullev%C3%A5l_Hageby .  

Arbeidarane og andre byfolk gjorde det i grunnen godt i mellomkrigstida, medan bønder, fiskarar og skogsarbeidarar vart fattige. Men under krigen vart det mangel på varer i butikkane, så då kom desse kolonihagane vel med. Men det vart for lite, så byfolk for ut på landsbygda for å kjøpe seg mat. Men det var mangel på handelsvare her også og tyskarane kravde sitt av bøndene, så mange av dei hadde ikkje mykje til overs, som dei ville eller kunne selje. Byfolk hadde gjerne nok med klede, så dei prøvde å bytte bort klede for mat. Mange byfolk leigde seg ein liten jordlapp som dei dyrka opp, men avlingane vart ofte skuffande. Nokre hadde der gris, høns eller kanin også. Alt dette resulterte i at bønder, skogsarbeidarar og fiskarar forbetra økonomien sin i forhold til industriarbeidarar, så dei ikkje lengre var fattige samanlikna med byfolket.

Vår tid.

Noreg har ein stor eksport-industri, så vi er svært avhengige av internasjonal handel og den er sårbar for pandemi, krig, ulykker, uår og katastrofe. Så kva med beredskapen av dei viktigaste varene, mat, klede og brensel? Kvifor ikkje anlegge kolonihagar i vår tid også?

Eg reiste tilbake til Oslo i 2009 og gjekk på møte i dFEF. Ei eldre kvinne i kyrkjelyden inviterte meg heim og så inviterte ho meg til hytta si i Sogn Hagekoloni også. På knapt ein halvtime kom ho seg bort ifrå storby-strøket og inn i landleg idyll, så det vart som ferie i helgane og midt i veka også, sidan ho var pensjonist. Her var både busker og mindre plantar, eg hugsar ikkje så mykje av kva ho dyrka, men det er vel vanleg at dei har både frukt-tre, bærbusker, prydtre og grønsaker her. Det var tydeleg at ho treivst med å vere der. Her hadde ho straum og vatn og ein liten kjøkkenkrok, så ho kunne lage seg mat, ho serverte kaffi og kaker ute i sola. Her hadde ho det skikkeleg koseleg.

I det siste har småbruk vorte slått saman til større og større driftseiningar, gjerne ved at ein bonde driv mange småbruk. Nokre småbruk vart fråflytta og så kjem der bustadfelt med små tomter rundt om i kommuna. Men kva med beredskapen? Kjem det då ei vanskeleg tid der handelen kollapsar, til samanlikning med krigen, så vert det endå fleire som får det vanskeleg slik som byfolket under krigen.

Ut på landsbygda er der mykje dyrkbar jord å ta av, også til byggefelt, så tomtene burde vere større, med plass til plen og prydbusker, ein liten kjøkkenhage, frukt og bærhage eit lite drivhus. Så komposterer dei matavfallet i lag med hageavfallet. Så kan folk eksperimetere litt sjølve med kor mykje forskjellige nyttevekstar dei får til å vekse. Eit slik hobby-arbeid kan vonleg verte lærerikt for borna. Det kan sette dei på ideen om å dyrke noko som er meir uvanleg på våre kantar, når dei vert voksne. No er det allereie mange byggefelt med små tomter, ja vel, men så kan vi vel supplere med hagekoloniar då.

Og kva med alle matvarene som butikkane kastar? Kan det ikkje brukast til dyrefor heller? Både det og matavfall frå hushaldningane kan vel brukast til grisemat? Så det er berre å bygge ein liten grisefjøs uti i ei utmark, med mykje lyng og eine, gjerde den inne og la grisane gå inn og ut som det passar seg. Dei likar å grave i jorda og gnage røter og dei gjødslar jorda, så etter ei tid kan vi kanskje plante der noko meir verdifullt.

Vanylven som døme.

Eg er oppvoksen i Vanylven kommune. Gamlevegen gjekk gjennom kommunesenteret Fiskå, men nye-vegen vart lagt tett utanfor sentrum, detter er typisk. No vart sentrum liggande mellom fjorden og vegen, på den andre sida av vegen er det flat mark opp mot fjellfoten, her vart det byggefelt med små tomter. Det er praktisk og funksjonelt, men lite utsikt.

Lenger utover på nordsida av fjorden er Nordstranda, det er ei solrik strand der terrenget skrånar opp til fjellfoten. Her er det eit byggefelt med langt betre utsikt. Lengre ute kjem Hakkalestranda, 10-20 km frå Fiskå. Her også heller terrenget opp til fjellfoten, her er det utsikt mot havet og øyane også, med solnedgang i havet om sommarane. Her er mange hyttefelt, også som rorbuer, det er mange som soleis satsar på turisme både på fastlandet og ut på øyane. I Sandvika er det ei flott badestrand og marina. Her ligg Hakkalegarden, dei har satsa stort på open gard, men mange forskjellige slags dyr, så det er ein liten dyrepark. Eit ypperleg tilbod for barnefamiliar. Så det hender folk lengre inn i kommuna tek seg bilturar ut her, for å besøke Hakkalegarden eller sjå på solnedgangen. Mykje folk kjem langvegs ifrå og det er mogleg å overnatte på ein liten campingplass nede ved sandstranda.

Her er mange småbruk som ikkje er i bruk, så eg meinar det hadde vore ypperleg å lage byggefelt med kolonihagar her. Det kunne gjerne vere i kombinasjon med ein campingplass, med felles sanitæranlegg. Folk kunne velje sjølve om dei ville ha der hytter også, alt etter kor langt dei har å reise. Så det kunne verte attraktivt for folk både i kommuna og nabokommuner.

Kristus er Sanninga som set oss fri. Så vi kan takke han for moderne vitskap.

Gud frigjorde folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt og førde dei til det lova landet, der skulle han vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Han ord var som såkorn som han sådde i hjertets jord, han dyrka hjertets jord, vatna, planta og sådde, så deira liv vart som ein velvatna hage. Og dei skulle dyrka jorda, så den bar grøde til gagn for dei sjølve. Slik var velsigninga.

Men når dei vende seg bort frå han, fekk dei merke forbanninga i staden. Andre kom og røva og øydela og til slutt vart landet deira hærteke og dei vart bortførde som slavar. Det same skjedde med nabofolka deira, men etter ei tid fekk dei koma attende til landa sine. Dette er førebilete på evangeliet som skulle forkynnast for alle folkeslag. Dei kom i gang med prestetenesta, bygde oppatt tempelet og murane kring Jerusalem og fekk med ein gong merke velsigninga igjen. Dei skulle dyrke jorda og sjølve få nyte fruktene av det.

Likevel vart det profetert om den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Så sauehandlarane selde dei til trældomen og døden og tente seg rike på det. Folk trælka under avgudar laga av stokk og stein, men Bibelen kalla dei for Lygna. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt syndeoffer tok han bort synda ein gong for alle. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud. Kristus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Rundt år 1600 e.Kr. byrja utviklinga av moderne vitskap, så kom moderne teknologi også og med den kom velstand. Det høver med at Kristus er Sanninga som set oss fri og det høver med at Faderen har omsorg for oss som sine born, så vi gjer rett i å takke Faderen og Sonen for det (Op.4,9.. & 5,9..). Vi vart velsigna ved trua på Kristus, først med åndeleg velsigning og så med materiell velsigning. 

Israels-folket, eit frigjort folk som vart trælar.

Gud frigjorde folket sitt frå trældomen under gudane i Egypt og førde dei til det lova landet, der skulle han vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Det var også eit økonomisk poeng i dette, så om det gjekk så dårleg økonomisk for nokon at dei vart trælar, så skulle dei frigjevast etter sju år og ta tilbake jorda si på odelen.

Under kong David, ikring 1000 f.Kr, vart dei til eit stor-riket som strekte seg heilt til Eufrat.

Salme.128. Ein song til festreisene.
        
          Sæl er den som fryktar Herren
          og går på hans vegar.
          
     2 Du får nyta frukta av ditt strev.
          Sæl er du, det skal gå deg vel.
          
   
  3 Kona di er som ein fruktbar vinstokk inne i ditt hus,
          borna er som unge oliventre rundt bordet.
          
     4 Ja, slik blir ein mann velsigna
          når han fryktar Herren.
          
     5 Herren velsigne deg frå Sion
          så du får nyta Jerusalems lukke alle dine dagar!
          
     6 Måtte du sjå born av dine born!
          Fred over Israel!

Men sidan byrja dei å dyrke gudane til nabo-folka, Baál-gudane, men då gjekk det nord og ned. Gud sende til dei to store profetar, Elia og så Elisja, deretter kom profeten Amos, ikring 760 f.Kr. Han kom med skuldingar både mot dei og nabo-folka deira. Han skulda Israels-folket for å vere uærlege i handel og selje den fattige.

Amos.2, 4 Så seier Herren:
          Tre ugjerningar av Juda, ja, fire
          – eg held det ikkje tilbake!
          For dei forakta Herrens lov,
          dei heldt ikkje hans forskrifter.
          Løgner førte dei vill,
          løgner som fedrane følgde.
          
     5 Eg sender eld mot Juda,
          han skal øyda borgene i Jerusalem.
          
     6 Så seier Herren:
          Tre ugjerningar av Israel, ja, fire
          – eg held det ikkje tilbake!
          For dei sel den rettferdige for pengar,
          den fattige for eit par sandalar.
          
     7 Dei trakkar hovudet til dei svake ned i støvet
          og trengjer hjelpelause bort frå vegen.
          Ein mann og far hans går til same jenta
          så mitt heilage namn blir vanhelga.
          
     8 Dei breier seg på pantsette klede
          attmed kvart altar.
          Vin teken i bøter
          drikk dei i huset til sin Gud.

Amos.5, 4 For så seier Herren til Israels hus:
          Søk meg, så skal de leva!
          
     5 Søk ikkje til Betel,
          gå ikkje til Gilgal,
          far ikkje til Beer-Sjeba.
          For Gilgal skal drivast i eksil,
          og Betel skal bli til inkjes.
          
     6 Søk Herren, så skal de leva!
          Elles kjem han som eld over Josefs hus,
          han øyder,
          og det er ingen i Betel til å sløkkja.

     7 Dei gjer retten til malurt
          og kastar rettferda til jorda.
          
     8 Han som skapte Sjustjerna og Orion,
          han som gjer dødsskugge om til morgon
          og dagen til svarte natt,
          han som kallar på vatnet i havet
          og auser det ut over jorda,
           Herren er namnet hans.
          
     9 Han som lèt øyding lyna over borga;
          øyding kjem over festninga.
          
    10 Dei hatar den som hevdar retten i porten,
          og avskyr den som talar sant.
          
    11 De trakkar småkårsfolk ned
          og krev korn i avgift av dei.
          Difor:
          De har bygd hus av hoggen stein,
          men skal ikkje få bu i dei.
          De har planta herlege vinmarker,
          men får ikkje drikka vinen.
          
    12 For eg kjenner til dykkar mange brot
          og dei tallause syndene dykkar,
          de som forfølgjer rettferdige,
          tek stikkpengar
          og driv fattige vekk frå porten.
          
    13 Difor teier den kloke i denne tida,
          for det er ei vond tid.

Amos.8, 4 Høyr dette, de som trakkar fattige ned
          og gjer ende på dei hjelpelause i landet!
          
     5 De seier: «Når er nymånefesten over,
          så vi kan selja korn,
          og sabbaten til ende,
          så vi kan opna kornsalet?
          Då gjer vi målet for lite
          og prisen for høg
          og fuskar med falske vekter.
          
     6 Då kjøper vi småkårsfolk for pengar,
          ein fattig for eit par sandalar,
          og sel avfallskorn!»
          
     7 Herren har svore ved Jakobs byrgskap:
          Aldri skal eg gløyma
          noko av det dei har gjort!
          
     8 Må ikkje jorda skjelva for slikt,
          så alle som bur der, sørgjer?
          Ja, må ho ikkje fløyma som Nilen,
          stiga og siga som elva i Egypt?

Gud straffa Israelsfolket fordi dei vende seg bort frå han, så dei ikkje fekk nyte fruktene av arbeidet sitt med å så og hauste og plante vingardar.

Men så vende han lagnaden deira og berga de ifrå den straffa.

Amos.9,11 Den dagen reiser eg opp att
          Davids falne hytte.
          Rivnene murar eg att,
          og det som ligg i røys, reiser eg opp att.
          Eg byggjer henne som i gamle dagar,
          
    12 så dei kan ta resten av Edom i eige
          og alle dei andre folkeslaga
          som namnet mitt er nemnt over,
          seier Herren, som gjer dette.
          
    13 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
          då den som pløyer, tek att den som haustar,
          og den som trakkar druer, tek att den som sår.
          Druesaft skal drypa frå fjella
          og fløyma frå alle høgder.
          
    14 Då vil eg venda lagnaden for Israel, folket mitt.
          Dei skal byggja opp att nedrivne byar og bu i dei.
          Dei skal planta vinmarker og drikka vinen.
          Dei skal stella til hagar og eta frukta.
          
    15 Eg plantar dei i deira eiga jord,
          aldri meir skal dei rykkjast opp
          av den jorda eg har gjeve dei,
          seier Herren din Gud.

Samaria fall i 722 f.Kr og Jerusalem i 575 f.Kr. Både Israelsfolket og nabofolka deira vart bortførde til Babylonia. Under Persarkongen Kyros fekk dei komme attende til landa sine og det er førebilete på den glade bodskapen som skulle forkynnast for alle folkeslag. Israelsfolket byrja å bygg oppatt tempelet og muren kring Jerusalem, profetane Sakarja og Haggai oppmuntra dei til det. Profeten Sakarja sa at øvstepresten Josva og dei andre prestane som gjorde tempelteneste var førebilete på det som skulle komme, han skulle sjå fram til at Guds tenar, Renning skulle koma, det er Kristus. Så dei var førebilete på prestetenesta i den nye pakta, det vesentlege nye med den, er at Kristus med eitt syndeoffer har teke vekk synda ein gong for alle. Serubabel leia byggearbeidet og Sakarja profeterte at det skulle ikkje skje med makt eller kraft, men ved Gudes Ande (Sakarja 3-4). Dette får vi vite meir om i 1.Pet.2,1-10.

Men Sakarja profeterte også om ei vond tid som skulle komme, då den Duglause Hyrdingen skulle gjæte slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Så dei var ikkje ferdige med det problemet enno, for ei tid skulle det tvert om verte verre. I den gresk-syriske tida, under Antiokus 4. Epifanes vart det horribelt. Men det gjentek seg seinare også, først ved avlatshandelen i den Katolsk Kyrkja og sidan ved storstilt slavehandel under imperialismen.

Israels-folket dyrka himmelhæren, sola, månen, stjernene og planetane og avgudar laga av stokk og stein. Men Guds profetar sa til dei at dei gudane som ikkje skapte himmel og jord, ikkje er gudar. Gudane laga av stokk og stein, ser ikkje, høyrer ikkje og gjer ikkje noko som helst. Der er ikkje ånd i dei og folk har ikkje noko gagn av dei. Dei som lagar dei og dyrkar dei kastar vekk tid, krefter og pengar på det som ikkje er noko verdt. Desse avgudane er Lygna. Men som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud, så vi skal tilhøyre han og leve for han. Kristus er livet og han gir oss liv, så vi skal leve for han.

I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og øyde og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatna. Då sa Gud at det skulle verte lys og så vert det lys. Gud talte og det skjedde, han gjorde sitt verk ved sitt Ord og sin Ande. Han som sa at lys skulle skina fram or mørket, han har også lete det skina i våre hjarto. Han gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande. Gud skapte alt ved sitt Ord. I opphavet var Ordet og Ordet var hos Gud og Ordet var Gud (Joh.1).  Kristus er Guds Ord, i han er det live og livet er lyset til menneska. Så han er lyset i opplysningstida også. Kristus forkynte evangeliet om Guds rike, detter er så fundametalt at han kunne seie at den som ikkje er med han, er imot han, den som ikkje sankar med han, spreier. Den smale vegen og den tronge porten fører til livet, den breie vegen og den vide porten fører til fortapinga. Nokon kompromissets veg finnest ikkje.

Verte framandgjorde for marknadskreftene eller forstå korleis dei arbeider.

I den vestlege verda vart velferdssamfunnet utvikla ved Keynes blandingsøkonomi, det vart ei suksess, Norden er eit godt døme på det. Men det passar ikkje heilt med dei marxistiske prognosane, «velferdssamfunnet» er noko nytt i forhold til dette, så kva vil dogmatiske marxistar gjere med det? I følgje marxismen levde menneska opphavleg i eit klasselaust samfunn, så kom slavesamfunnet, deretter føydalsamfunnet, så kapitalismen og så skulle kommunismen komme til slutt, eit klasselaust samfunn igjen, det skulle veret styrt av proletariatets diktatur. Likevel har  radikale attpå til kjempa imot ei slik utvikling, for å prøve å innføre proletariatets diktatur på eit tidlegare stadium og det har til no vist seg å verte ein «renessanse» for slavesamfunnet. Ein kan påstå at slavedrivarane snylta på slavane og føydalsamfunnet utvikla seg til at adelen snylta på dei som den skulle verje. Så påstår dei at kapitalistane snylta på arbeidarane også. Med ein liknande tankegang går det an å utvikle velferdssamfunnet til eit snylte-samfunn, så både nasjonalstaten og velferdssamfunnet kollapsar, enn om det kan gå slik som Marx tenkte seg. Men framandgjeringa er vesentleg i den «prognosa» og det betyr no at arbeidarane og folk flest ikkje forstår seg på korleis produksjonen fungerer. Derfor forstår dei seg ikkje på korleis økonomien fungerer heller. Men dette er då ikkje å verte opplyste! Så folk vert lurte og det har skjett i mange samfunn. Det som trengs i staden er folkeopplysning.

Det minner også om at ormen lokka Eva med at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei verte liksom Gud og kjenna godt og vondt. Så med ein slik kunnskap moraliserer dei over marknadskreftene og påstår dei ikkje har gjort noko godt. Som om marknadskreftene er ein person, ein gud, ei religiøs myte?

Oddvar Nordli påstod at marknads-kreftene ikkje løyste sosiale problem, men tvert om skapte mange sosiale problem. Men kva er marknadskreftene? Dette minner om den marxistiske framandgjeringa, arbeidarane var så framandgjorde overfor produksjonsmidla, at dei ikkje lengre forstod seg på korleis varene vart til. Så både fabrikkeigarane, produksjonsmidla og varene som vart produserte, vart som gudar for dei.

Men kva er marknads-kreftene for noko? La oss tenke oss ein marknad i ein liten lands-byde, der bøndene kjem med varene sine om hausten. Nokre sel billige plommer og vert tidleg ferdig og får fare heim. Nokre sel dyrare plommer og må vente til langt ut på ettermiddagen, før dei er ferdige. Men så går rykta om prisen på plommer, så seljarane finn ein gjennomsnittleg pris og justerer prisen deretter. Slik verkar marknadskreftene og slik får dei ein marknadspris. Det som er mest avgjerande her, er kva folket vil ha og kva dei er villige til å betale for det, slik er det kjøpars marknad. Vi kan godt kalle det fridom og demokrati, men det er i grunnen sjølvsagt i eit kvart samfunn, det ville i alle fall vere svært så rart om so ikkje var tilfelle.

Kanskje er der også nokon som sel heimestrikka gensarar. Folk likte dei og fleire ville ha seg slike genserar, men det vart fort utselt. Då var det fleire som byrja å strikke, nokre kjøpte seg strikkemaskiner så dei kunne strikke meir, dei la seg opp lager gjennom vinteren og neste haust var ver mykje meir genserar på marknaden. Dette viser igjen betydninga av kjøpars marknad, fleire ville ha seg gensarar, derfor vart det produsert fleire, så fleire fekk kjøpe seg gensarar. For å få råd til å kjøpe dei, fann dei kanskje ut at det vart viktig for dei å produsere noko som folk trengde, så dei ville vere villige til å betale for det.

Så lenge vanlege folk er ærlege om kva dei treng, så dei prioriterer å bruke pengar på det dei treng mest, så vil dette tilfredsstille deira materielle behov og løyse deira sosiale problem. Korleis kan nokon påstå noko anna?

Keynes økonomiske modell i Tyskland og i Noreg og i Marshall-planen.

Korleis kunne Tyskland klare å reise seg slik i etterkant av dei harde 30-åra. Det vert hevda at det var ved Keynes økonomiske modell, det er ei blanding av marknadsøkonomi og planøkonomi, ved at staten går aktivt inn for å motverke store konjuktur-svingingar. Staten skal spare pengar i oppgangstid og bruke pengar på statlege prosjekt i nedgangstid, for å få hjula i økonomien i sving igjen. Og det var nettopp det nazistane gjorde, men dei statlege prosjekta var vesentleg våpenproduksjon.

Under dei harde 30-åra var det mange på venstresida i Noreg som ville ha revolusjon, men så kom krigen og den var ruinerande for alle. Men arbeidarrørsla med Arbeidarpartiet la seg på ein moderat klassekamp, Gerhardsen-regjeringa følgde Keynes økonomiske modell. Kjøpekrafta auka litt etter litt og slik kom hjula i det økonomiske livet i sving igjen. Slik verka Marshall-hjelpa i Vest-Europa, slik verka den tilbake på amerikansk økonomi også og førde dermed til økonomisk oppgang i heile den vestlege verda. Den moderate klassekampen var ei viktig drivkraft i framveksten av Romarriket og det kan vi no seie at den har vore i Vest-Europa i den siste tida også.

Dette var å bruke marknadskreftene til gagn for heile folket, korleis kan då nokon påstå at dei ikkje har løyst noko sosialt problem. Så Gerhardsen-regjeringa nytta marknadskreftene til å utvikle ein velferdsstat, steg for steg, og den politikken fortsette etter hans regjeringstid. Oljeindustrien vart nye utfordringar for denne politikken, men styresmaktene klarde å. føre ein politikk som gjorde at vi som folk og nasjon vart med i olje-eventyret og tente på det. Då vart det også klart at oljearbeidarane måtte moderer sin lønnskrav og styresmaktene måtte vere forsiktig med å bruke «olje-pengar» i samfunnet, heller spare til seinare bruk i samsvar med Keynes økonomiske modell.

Det blir likevel heilt feil å påstå at det var berre Arbeidarpartiet som skapte velferdsstaten, endåtil utan å bruke marknadskreftene og tvert om framstille marknadskreftene som noko vondt som dei måtte motarbeide. Ei slik framstilling er reinspikka tøv. I ein kvar situasjon spørst det kva vi gjer ut av den og slik spørst kva vi sjølve vil nytta marknadskreftene til også. Om vi forstår oss på dei, slik at vi veit å nytte det til vårt eige beste. Vi kan konkludere med at marknadskreftene verkar til å tilfredsstille folkets behov, om dei berre får virke rett og det er ved at vanlege folk får erkjenne kva som er deira behov og handle deretter. Det er no nettopp slik vi får tilfredsstilt dei materielle behova og soleis får vi løyst dei sosiale problema. Og det er no bra det vel?

Verte framande for Gud eller verte hans born?

Jesus sa at vi skulle ikkje bekymre oss for mat og kle, Gud kler graset og gir fuglane mat, så han vil gi oss også mat og klede. Det er no naturleg for graset og fuglane, ja, så er det naturleg for oss også. Dei arbeidde ikkje, skal ikkje vi heller arbeide då? Vi skal ikkje bekymre oss. Men vi skal søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det.

Er det ikkje slik marknadskreftene også verkar då? Rett nok må vi arbeide for å tene pengar. Når vi då er i stand til å betale for det vi vil ha, så vil marknadskreftene virke slik at det som vi treng vert produsert. Rett nok talte Jesus om at fuglane og graset ikkje arbeider, men Gud gav dei det som dei trengde likevel. Han talte i grunnen om noko meir fundamentalt, det var naturen som verka slik og den var då skapt av Gud.

At ein mann vil ha seg ei kone og ei kvinne vil ha seg ein mann er vel også inkludert då, det er inkludert i Guds rike, for det var då han som skapte menneska slik (1.Mos.2), så dette også handlar om korleis naturen verkar. At mannen og kona hans har omsorg for kvarandre og borna sine, i ekteskapet og familielivet, er inkludert i Faderens omsorg for oss som hans born, slik har han omsorg for sine henders verk.

Etter syndefallet gøymde Adam og Eva seg for Gud med dårleg samvit. Dei hadde altså fått ein tankegang som ikkje samsvara med å leve i samfunn med Gud som hadde skapt dei. Menneska vart framande for han, så dei ikkje kjende han lengre, det også kan vi kalla framandgjering. Dette ser vi også hos jødane i den gamle pakta, men Gud ville gjere ei ny pakt med dei, slik at dei alle skulle kjenne han.

Jer.31,31 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
        då eg gjer ei ny pakt
        med Israels ætt og Judas ætt,
    32 ei pakt som er annleis
        enn den eg gjorde med fedrane deira,
        den gongen eg tok dei i handa
        og førte dei ut or Egypt,
        den pakta med meg som dei braut,
        endå eg var deira rette herre, seier Herren.
    33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera
        med Israels-folket i dagar som kjem,
        lyder ordet frå Herren:
        Eg vil leggja mi lov i hugen deira
        og skriva henne i hjarta deira.
        Eg vil vera deira Gud,
        og dei skal vera mitt folk.
    34 Då skal ingen lenger
        læra sin neste og sin bror
        og seia: «Kjenn Herren!»
        For dei skal alle kjenna meg,
        både små og store, seier Herren.
        For eg vil tilgje deira misgjerning
        og aldri meir koma deira synd i hug.

Kor fundamentalt vart norsk politikk endra på slutten av 1970-talet?

Noreg har alltid vore ein stor sjøfartsnasjon med mykje handel og vi har fått store eksportnæringar. Så vi kan trygt seie at vi har brukt marknadskreftene til å bygge landet. Men det fungerer ikkje til å bortforklare at det er norsk menn og kvinner som har bygt det med sitt arbeid. Det fungerer igjen ikkje til å bortforklare at det er Gud som har bygt det ved sitt Ord og sin Ande. Men vi gjer rett i å kvile på grunnlag av det Gud har gjort, både med skapinga og frelseverket og ære våre foreldre og våre forfedre for det dei har gjort.

Arbeidarrørsla med Arbeidarpartiet har no æra arbeidaren for den jobben dei gjer og kravt at dei skal ha «skikkeleg» betalt for det. Men på 1970-talet vart det protestert mot Bibelens lære om at Gud skapte kvinna til å vere ei hjelp for mannen og dette bryt med korleis vårt samfunn har vorte oppbygt. Det bryt med den kjærleiken Gud har til oss i Kristus, det bryt med mannens kjærleik til kvinna som får han til å jobbe for henne også og det bryt med at ho svarar på hans kjærleik med kjærleik. Så det bryt med deira kjærleik og omsorg for sine born. Så dei ikkje lengre er i stand til å bygg opp samfunnet slik som før.

Kva er alternativet? Ho sel seg som hore og ventar seg at han skal kjøpe henne som hore, så han sel seg som horekunde. Ho snyltar på han og han utnyttar henne. Den såkalla kvinnefrigjeringa og politiseringa av kvinna verkar då slik at han framleis må betale for henne, som ei hore, men han får ikkje noko att for det. For dei har begge vorte trælar og andre stikk av med pengane deira. I tillegg brukar dei pengar på slik som dei ikkje treng og som ikkje verkar til å bygge landet. Dermed brukar dei ikkje lengre marknadskreftene til å bygge landet slik som før. Dei blir lurte.

Tidlegare las prestane velsigninga og dei aller fleste politikarane sa seg samde. Men no seier dei noko anna i staden og kva er det? Forbanninga!? Kven som seier det først og kven som jattar etter, kan ein no lure på. Men det viktigaste for folket er å velje velsigninga.

Slavesamfunnet og den vonde naturen.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord. Han er allmektig, rettferdig, heilag og god. Han skapte menneska til slutt og konkluderte med at alt han hadde skapt var godt, så han kvilte den sjuande dagen etter alt sitt verk.

Men menneska vende seg bort frå han og vart trælar under sine avgudar og slik fekk dei ein vond natur. Så det heng saman, sidan menneska vart dumme og vonde, fann dei ut at dei trong avgudar laga av stokk og stein, så dei kunne vise til, for å holde folket saman og ordne samfunnet. Men trældomen under slike gudar gjorde at dei også vart dumme og vonde. Dette problemet finn vi også i antikk filosofi og det var ikkje så lett å hanskast med, nei.

Dette problemet møtte Jesus og disiplane hans på også, og då vart det svært så avslørande korleis dette utarta seg. Paulus var ein ivrig farisear som forfølgde dei kristne, men Kristus openberra seg for han frå himmelen og spurde han kvifor han forfølgde han. Det vart eit tankekors for han at han som tilhøyrde den lærde overklassa, med tradisjonar frå Moses og profetane, hadde teke så grundig feil. Han forklarde det med den vonde naturen, som gjorde at han vart dåra. Og så forklarde han det med at han var seld som slave, utan at han var klar over det. Dette forklarar han for oss i Romarbrevet.

Paulus forkynte evangeliet både for jødane og for heidningane, men fekk motstand frå jødane, fordi dei kravde omskjeringa. Men omskjeringa i den gamle pakt er symbol for hjerteomskjeringa i den Heilage Ande og den har vi fått ved trua på Kristus. Derfor treng vi ikkje verte omskorne på kjøtet.

Paulus var seglmakar og prøvde å livnære seg med det, medan han forkynte evangeliet. Så fekk han merke at i dei kristne kyrkjelydane kom der forkynnar som gjorde teneste for betaling. Han gleda seg likevel over at evangeliet vart forkynt, men så varsla han kyrkjelyden om at kom «grådige ulvar» inn mellom dei. Kristus er den Gode Hyrdingen, han er overhyrdingen, så hyrdingane må tene han. Men dei grådige ulvane har motsatte motiv. Dette minner også om det som vart profetert om den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11).

I tru bar Abel fram eit betre offer enn Kain og Gud velsigna han. Då vart Kain så misunneleg og harm at han slo han i hel. Jesu blod talar betre enn Abels blod (Heb.11,4 & 12,22-24). Apostelen Johannes sa at vi må ikkje vere slik som Kain, han som hata bror sin og drap han. Det er den gamle, vonde naturen som er slik, men den nye naturen er slik som Abel, han bar fram eit betre offer og Gud velsigna han. Kristus har bore fram det beste offeret for oss, med eitt syndeoffer tok han bort synda ein gong for alle. Når vi tek imot den nåden Gud gir oss på det grunnlaget, så er det vårt syndeoffer og det er bra nok. Så vi treng ikkje bere fram noko anna syndeoffer i tillegg til det. Om nokon byrjar å tenke slik og prøve på det, kan det fort verte som å gå Kains veg og det endar ikkje bra.

I middelalderen vedtok leiinga i den Katolske Kyrkja at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, så dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Då vart avlatshandelen, skriftestolane og gapestokkane innførde og det som verre var følgde. Då kan dette forklarast som at det var Kain (Kain-naturen) som vart misunneleg på Abel (Abel-naturen), så han fortrengde Abel for å ta over Guds-tenesta, det vart som om han slo i hel Abel, for å ta over. Slik prøvde dei også å ta fortrenge og erstatte den levittiske prestetenesta i Selevkide-riket. Den var førebilete på prestetenesta i den nye pakta og i middelalderen prøvde dei å fortrenge og erstatte den også. Det var ein fornya versjon av den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Sauene vart selde til trældom og til døden og sauehandlarane tente seg rike på det. Kven var så saue-handlarane i middelalderen? Det måtte vel vere adelen, godseigarane, grevane og vasallane, dei som liksom skulle verne folket. Medan kyrkjeadelen fungerte som den Duglause Hyrdingen som gjette sauene for dei.

Det tradisjonelle moral-filosofiske poenget her er at den adelege overklassa ville framstille seg som så mykje vitugare enn underklassa at den skulle tenke og tale, medan underklassa måtte teie stilt og høyre etter, dernest knapt noko få høyre noko vitug og verte opplyste. For overklassa trong dei berre til å arbeide for seg og gå i krigen for å forsvare seg og landet sitt. I den siste tida er det rart korleis denne haldninga dukkar opp att i dei utrulegaste samanhengar, at det er ei såkalla lærd overklasse som skal tenke og tale i staden for deg. Men det har seg nok slik at kvinnerørsla protesterte mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette har dei så gjort politikk ut av. Forklaringa på dette er nok framleis at den Duglause Hyrdingen gjeter slaktesauene for sauehandlarane, så dei vert selde til trældomen og til døden. For nokon tener seg framleis rike på det.

Å forklare dette ved å samanlikne med Kain som vart misunneleg på Abel og la han for hat og slo han i hel, det er ei psykologisk forklaring. Så vi kan godt samanlikne med psykologien, med psykoanalysa. Freud refererer til ei antikk myte om ein gutunge som heitte Ødipus, som vart adopterte bort frå foreldra. Når han som ung mann kom attende til heimstaden sin, kjende han ikkje att foreldra sine. Han kom i krangel med faren og drap han og sidan gifta han seg med si eiga mor. Når han oppdaga at det var foreldra hans, vart det noko til styr, ho drap seg sjølv og han blinda seg sjølv. Sigmund Freud refererte til dette når han definerte den ødipale fase, når ein gutunge er 3-5 år og nyleg avvend, vil han lett oppfatte faren som ein konkurrent om mora.

Men når vi er opplærde i den kristne trua, så skulle ikkje dette verte noko stort problem. Det store problemet som vi møter på, er når Kain-naturen vert misunneleg på Abelnaturen. Apropos ødipus-komplekset utartar dette seg heller slik at adelen og kyrkjeadelen vert misunnelege på både faren og sonen og oppfattar dei som konkurrentar.

Kyrkjeadelen vert som den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for  sauehandlarane, resten av Adelen vert som sauehandlarane som selde dei til trældomen og døden og tente seg rike på det. Det er ei vidareføring av slavesamfunnet, sett frå deira synspunkt kan det kallast snyltesamfunnet.

Når ein ung mann kjem opp i den alderen at han vil ha seg ein kjæraste og ei kone, er det nok mange som oppfattar det som motstridane interesser mellom seg og Kristus, det kan forklarast med kyrkjehistoria og den moralfilosofiske tradisjonen og med motsetnaden mellom det åndelege og det materielle. Som om Kristus er deira rival til samanlikning med den ødipale fase. Eg vil likevel hevde at dette er ei misforståing eller mangel på forståing og åndeleg innsikt. For Kristus døde i staden for oss, slik forsona Gud verda med seg. Så på det grunnlaget kan vi få harmoni mellom hjerte og hjerne, kropp og sjel, åndelege behov og materielle behov. Men vi må prioritere det åndelege, vi må søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det.

Dette skulle høve bra med realfag og moderne teknologi. For her undersøker vi den fysiske naturen og prøvar å forstå den med usynlege idear som ikkje er avgrensa av den fysiske naturen som vi observerer. Det viser seg også ved at vi konstruerer og produserer heilt nye varer.

Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande. Gud er ånd og Gud er kjærleik, han har vist oss sin kjærleik ved at Kristus døde i staden for oss, for å sone vår synd. Vi tek imot hans kjærleik i trua på Kristus og får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Vi elskar fordi han elska oss fyrst. Kristi kjærleik til oss er som eit frieri, han elskar si kyrkje som si brud og som hans brud svarar ho til hans frieri, så ho svarar på hans kjærleik med kjærleik. Dette er fundamentalt for kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, for ekteskap og familieliv. Så eg hevdar vi gjer rett i å svare ja på dette frieriet, slik at det vert grunnleggande når ein mann vil fri til ei kvinne, for han skal vite å vinne seg ei kone i helging.

Eg vil seie det slik at når eg var ung, merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var fødd i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Seinare, når eg byrja å lese meir i Bibelen, oppdaga eg at det høvde med Paulus si lære. Det høver også med det som står skrive i Heb.3-4 om at ordet ved trua smeltar saman med oss, slik får vi komme inn til Guds kvile.

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og han gjer framleis sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, i samsvar med 1.Mos.2, slik bygger han framleis samfunn av menneske, for han er den same no. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Gud skaper oss i han og slik gjer han noko nytt. Gud er ånd og Gud er kjærleik, han er kjærleiken mellom oss, også mellom mann og kvinne, så han skaper ekteskap og familieliv, bygger kyrkjelyd og samfunn.

Ved barnedåpen i kyrkja talar prestane fagert om at Jesus velsigna småborna og sa til disiplane sine at dei skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Menneska må vende om og verte som småborn for å komme inn i det. Så gjer presten avtale med dei om at borna skal opplærast i den kristne trua. Slik stiller dei seg i den posisjonen at dei skal lære menneska det mest fundamentale. For Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så han og hans Ord, hans Ande og hans rike er det mest fundamentale. Det er på sett og vis ein svært så opphøgja og suveren posisjon å lære andre dette, men gang på gang har det vis seg at dei nyttar den posisjonen til å lære folk noko anna i staden. Så folk vert lurte. Den sanne og levande Gud gjer sitt verk med sitt Ord og sin Ande, å erstatte hans Ord med noko anna er som erstatte han med ein avgud laga av stokk og stein, sanninga vert erstatta av løgn, det som ekte vert erstatta av noko kunstig, dei kunstige gudane har ikkje Ande, dei tenker og talar ikkje, dei gjer ikkje noko som helst og dei som lagar dei og dyrkar dei har ikkje noko gagn av dei, så dei kastar vekk tid, krefter og pengar på noko som dei ikkje har noko igjen for. Det einaste dei har igjen for det er at nokre få kan snylte på andre gjennom religionen.

Og i det siste har det visst kome eit nytt slags adelskap og kyrkje-adel, som er misunnelege på både far og son og som er misunnelege på både Faderen og Sonen. Så dei ærar ikkje Faderen og Sonen for skapinga og frelsa (jfr. 3. bodet), men tvert om fornektar Faderen og Sonen. Det er Antikrist som er på ferde altså. Så dei ærar ikkje far og mor for det dei har gjort for dei, ærar ikkje våre foreldre og forfedre for det samfunnet dei har bygt opp. Dei bortforklarar det med å påstå at dei har snylta, som om samfunnet har vorte oppbygt ved å snylte. Så brukar dei det som argument for at dei også skal snylte og mange andre skal snylte saman med ei, ja, for det er då slik samfunnet har vorte oppbygt og det vil dei halde fram med. Men det som soleis er på gang, er nok heller at denne verda går sin undergang i møte. Og menneske treng å verte frelste ved trua på Kristus.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning.

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning. Ja, eg velsigna Kristus og blir dermed velsigna, så eg blir til velsigning og seier velsigninga, for mine næraste, mitt folk og mitt land og det betyr framleis å komme inn i samfunnet med Gud (jfr. 1.Mos.2), så vi opplever og erkjenner at Herren er vår Gud, vi erkjenner det, seier det og takkar han som vår Gud og takkar han for frelsa han har gitt oss i Kristus. Han er Gud for den kvite mann, så med Guds velsigning og hjelp har den kvite mann bygt opp eit betre samfunn med store verdiar, med god hjelp av kona også.

Bibelens Gud er den rettmessige Gud for alle folkeslag, så evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag. Når vi då forkynner evangeliet for andre folkeslag, er det vel ikkje så rart om moderne vitskap og teknologi følgjer med. Først fekk vi den åndelege velsigninga, så den materielle velsigninga. Då kan det vel verte slik for dei andre folkeslaga også, at først får dei den åndelege velsigninga, ved trua på Kristus. Så kjem den materielle velsigninga etterpå, vel og merke med moderne vitskap og teknologi, slik som hos oss. Her er også eit poeng med å utvikle ny teknologi som høver med det naturmiljøet dei lever i og dei behova dei har.

Gud gjer sitt verk med meg og med oss ved sitt Ord og sin Ande. Kyrkjelyden er Guds åkerland, Guds bygning. Vi får vere Guds medarbeidarar med på plante og vatne, men Gud gir vekst. Vi får bygge på grunnvollen og då er det om å gjere å bygg med noko som er varig og verdifullt, gull sølv og edle steinar. Ja, som Guds medarbeidarar få vi oppleve at Gud frelser og skaper noko som står til evig tid. I tru kan vi takke han for det.

2 Comments

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s