Jesus fornyar oss og gir oss vekking. Han gjer noko nytt. Slik får vi utvikling og velstand.

Jesus gir meg kvile og fred som overgår min forstand. Han gir meg visdom i hjertet. Slik får eg ei heilskapleg tenking.

Jesus gir meg kvile og fred som overgår min forstand. Det betyr ikkje at eg er dum eller skal bli dum, men han gir meg visdom i hjertet, frå himmelen og det er fruktbart for min forstand. Jesus fornyar meg og si kyrkje og vil gi oss vekking, han vil gjere noko nytt. Eg trur det er ved at han gir meg ei kone som er biolog, så han frelser henne som kona mi og som biolog.

Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjerta held seg til han (2.Krøn.16,9). Slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone, så det blir til velsigning for både meg og henne, mi slekt og hennar slekt, for folk og land. Så har det også å gjere med å leie folket til Kristus, som hans brud, hans kyrkje. Vi tek imot den kjærleiken Gud har til oss i Kristus, han openberrar si frelse for oss i Kristus og med den openberringa innser vi at vi lever for han. Med den nåden Gud gir oss i han, får vi oppleve Guds Ande og kjærleik i våre hjerte, slik får vi visdom i hjertet, han gir oss ein fred og ei kvile som overgår vår forstand. Men den gjer oss ikkje uforstandige.

Han har sett oss til å gå ut og bere frukt som varer og det er først og fremst i vårt eige lokalmiljø, familien, slekta, vennane og omgangskretsen i vårt daglege liv. Vårt sosiale engasjement altså. Det treng ikkje ha noko med politikk å gjere i det heile, politikk er ikkje så fundamentalt, så for å behalde vår åndelege og rasjonalistiske innsikt, må vi berre oversjå det som politikarane driv med, sjølv om dei krigar. For å bere frukt er vi heilt avhengige av Kristus, så vi må vende oss til han. Han leier oss vidare på vegen til Faderen og det vil vi gjerne ha fleire med på. Venteleg vil det føre til utvikling og framgang.

Hans rike er ikkje av denne verda, likevel har det ei fundamental og verdifull betydning for folket og samfunnet. Eg ser det i relasjon til realfag (matematikk og naturfag, informatikk og teknologi) i det dette også er fundamentalt. Gud og hans rike er likevel mesta fundamentalt og for å innsjå det er vi avhengige av den openberringa han gir oss ved sitt Ord og sin Ande. At han openberrar si frelse for oss i Kristus.

Det var interessa for vitskap og rasjonelle system som gjorde at tsar Peter 1 vart så vestleg orientert at han endåtil flytte hovudstaden frå Moskva til St. Petersburg. Dei fleste pionerane i den nye naturvitskapen trudde på Kristus, likevel vart nokre av dei forfølgde av leiarane i den Katolske Kyrkja. Det vart pionerane i reformasjonen også, så det vart dess tydelegare at leiarane i den Katolske Kyrkja hadde teke feil. Galilei vert gjerne kalla den moderne vitskapen sin far, han trudde på Kristus, likevel vart han forfølgd. Newton utvikla matematikken og brukte den til å finne dei fysiske lovene og det vart grunnleggande for moderne fysikk. På sine gamle dagar skreiv han bok om Daniels bok og Johannes Openberring, så han trudde altså på openberringa i Bibelen.

Leibnitz vart fasinert av Descarte’s rasjonalitet, med psykofysisk dualisme mellom sjel og kropp, (ånd og materie), men filosofien hans vart ein psykofysisk parallellisme. Det var framleis problematisk, men matematikaren Pascal kom med ei enkel løysing ved erkjenning av vår frie vilje. Jøden Spinosa vart også begeistra for Descartes filosofi og utvikla eit meir heilskapleg system. Han meinte at ved erkjenning av sanninga vert vi fri. Det sa mange filosofar før han og det sa Jesus også. Leibnitz var eit universalgeni med allsidige interesser, så han også tenkte heilskapleg, sikkert betre enn dei aller fleste av oss.

Evangeliet om Kristus er ein frigjerande bodskap, for han døde i staden for oss. Bibelen seier at vi alle er syndarar, synda skilde menneska frå Gud. Men med eitt syndeoffer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Slik forsona Gud verda med seg. Med sitt blod betalte Kristus prisen for oss, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Då er det berre for oss å tru det, erkjenne det og godta det og så vende oss til han. Ved trua på at han stod oppatt frå dei døde vert vi rettferdige for Gud og ved erkjenninga av at han er Herre, vert vi frelste. Når vi erkjenner vår synd for han, så får vi tilgjeving og Jesu blod reinsar oss frå all synd. Ved trua på han får vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Anden openberrar sanninga i Guds Ord for oss, openberrar og herleggjer Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Han er Sanninga som set oss fri. Han gir oss ein fred og ei vidunderleg kvile som overgår vår forstand. Den er utgangspunkt for all teneste. Slik får vi ei heilskapleg tenking.

Møte om Russland-misjon fekk også  Ukraina-krigen som tema.

Møtet i Sion Åheim 6.3.2022 hadde misjonen i Russland som tema og då vart krigen i Ukraina også ei aktuell sak. Etter tala kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale:

«Se, jeg gjør noe nytt, sier Herren, nå skal det spire fram og skal du ikke oppleve det? Det er en lengsel i deres hjerter, sier Herren og jeg ser deres lengsel etter fornyelse og forfriskning. Og vit at deres hjelp kommer fra Herren, himmelen og jordens skaper. Og jeg har bøyd meg ned for å lytte til ditt rop, jeg har bøyd meg ned for å høre hva du hvisker og hva du roper, når ingen andre hører. Jeg har bøyd meg ned for å høre din desperate bønn om hjelp og jeg har kommet for å lytte, men jeg er også kommet for å gjøre, sier Herren. Og du skal vite det at dine bønner er ikke bedt forgjeves, dine rop er ikke ropt forgjeves, men jeg har hørt dem og jeg vil svare, sier Herren. Derfor skal du fortsette holde blikket festa på meg. Du skal fortsette å være fokusert, midt i en urolig tid. Hold blikket på det som er der oppe, der hvor Jesus siter ved Faderens høyre hånd. Og du skal vite at jeg som har begynt et verk i dere, jeg skal fullføre det, sier Herren. Jeg skal fullføre det, for jeg begynner ikke med noe og avslutter det før tiden. Men jeg skal fullføre det verket jeg har begynt og du skal få være en del av det, sier Herren. Amen.

Se deg ikkje engstelig omkring når hav og brenning bruser. Se deg ikke engstelig omkring når du hører om krig og rykter om krig. Se deg ikke engstelig omkring når du hører om jordskjelv og pest og alt det vonde som skjer på jorden, men se forbi dette, se hen til meg, jeg som har kjøpt deg fri fra syndens og dødens forbannelse. Jeg vil at du skal se forbi alt dette og vite at du har et ankerfeste som er trygt og som er sikkert og som når inn i det aller helligste. Du er ikke bare en borger på jorda, men du er en borger av himmelen og ditt ankerfeste er hos meg, sier Herren. Derfor skal du ikke bare se på det som skjer og bli engstelig og forferdet, men løft ditt blikk, for forløsningen stunder til. Og jeg ser deg og jeg hører deg og jeg skal gi deg fred, sier Herren, min fred, ikke den fred som verden gir, men min fred som overgår all forstand. Den skal innta og bevare ditt hjerte, slik at du kan bli bevart og stå imot det vonde, midt i denne tiden, så skal ditt hjerte bevares, for jeg gir deg av min fred, sier Herren. Amen.»

Mitt møte med ei jente frå Ukraina.

Eg tenker på mitt møte med den ukrainske jenta som eg har kalla Poly-Ester, (sjå kommentaren til møtet 27.6.2021). På ei forelesing i biologi hausten 2014 kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av henne, av kroppen hennar. Det kom uventa, ikkje noko som eg hadde planlagt eller tenkt ut, det er nærliggande å tenke som at eg såg med lyst på henne, så eg var klar over at her måtte eg vere litt forsiktig. Men eg følte at eg likevel var driven av den Heilage Ande og når eg seier at eg kjende meg sterkt tiltrekt av henne, så meiner eg det var ved at eg opplevde Guds kraft.  I kveldsbøna mi sa eg det til Herren og på neste søndags-møte gav han meg eit svar som eg forstår som ei stadfesting av dette, han sa at eg skal sjå på han og verte fylt av hans salving og kraft. Bodskapen 12.10.2014 (https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-meg-det-mitt-hjarte-attrar/ ):

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.»

Det fekk meg til å tenke på den åndelege openberringa eg fekk når Jesus openberra seg for meg og henne Reella og tidlegare for meg og henne Virtuella. Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus, så eg takka han for det.

Frå kommentaren til møtet 27.6.2021 (https://blessings-from-heaven.com/2021/07/27/2021-06-27-maranata-til-fridom-har-kristus-frigjort-oss-ver-himmel-vende/ ):

Vi skal be i Guds Ande og ingen kan sette grense for den. Eg har i lang tid skrive om to jenter som eg har bedt og så vart det ei til, ho «PolyEster» frå Ukraina. Eg veit ikkje om ho etniske er ukrainsk eller russisk, men ho snakka russisk med ei jente frå Russland. Eg har inga aning om kva slags politiske meiningar ho hadde. Men vi studerte same fag, biologi. Eg fortalde henne at eg hadde prata med han Jesus om henne, men då verka det som ho vart litt redd meg. Men sidan fekk eg så vidt prate litt med henne om mi tru på Jesus og at han svarde mine bøner gjennom tyding av tungetale. Eg sa noko om at ved å vende seg til han, kunne ho be for seg sjølv, slekta si og folket sitt. Seinare semester såg eg henne ikkje att, så eg har berre av og til hugsa på henne i mi bøn og skriveri. Men no er der oppbygging av militære styrker på Russlands grense mot Ukraina. Det er ein god grunn for meg til å hugse på henne i mi bøn til Gud samen med desse to andre jentene.

Jesus gir meg ei herleg og vidunderleg kvile, som er utgangspunkt for all teneste. Han gjer meg til kanal for si velsigning.

Jesus gir meg kvile og den kvila er utgangspunkt for all teneste. Bodskapen 12.11.2006 (https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2006-11-12-betel-kanal-for-guds-velsigning/ ):

Eg vet akkurat (korleis du har det) ……, so ønskar eg fyrst og fremst å løfta deg opp på fanget mitt. Eg spør ikkje fyrst og fremst etter kva du kan gjera for meg, eg krev ikkje at du skal tjena meg, eg ønskar berre og lengtar etter at du skal få lena hodet ditt inntil mitt hjerte, og vera der på mitt fang, vera der i min nærhet, det er dette som er den hvileplass som er utgangspunktet for all tjeneste, det er dette som er den hvileplass der du kan få henta ny styrke, her finst det legedom for din sårede sjel, her kan du få kjenna det løftet som eg vil gi deg ved min hånd, eg løfta deg – løfta deg i ditt indre og eg løfta deg opp tilbake til et liv av verdighet, for du er dyrebar i mine øyne. Eg tok deg ikkje på avbetaling, eg betalte heile prisen og det kosta mitt eget blod, derfor skal du også få kjenne at du skal få senka dine skuldre, du kan få slappe av, vera mitt barn, eg som har sagt gjennom mitt ord, se hvor stor kjærlighet Faderen har vist oss, at vi skal kalles Guds barn, og det er vi. Du er barnet mitt, og som barnet mitt vil eg dra omsorg for deg. La meg dra omsorg for mine barn og mine henders verk, sier Herren.

            Og fordi du er barn, så har du også del i arverett, ikkje berre har eg gitt deg barnerett, men eg har også gitt deg arverett. Du er arving til mine løfter, du er arving til det himmelske hjem. Men du skal vite at også de herlige løftene som gjelder det – den herlighet som ligger fram forbi, når du en gang skal få se meg som eg er og bli meg lik, de løftene skal nøye bli oppfylt. Men eg har ikkje berre gitt deg løfter for det som kommer, eg har også gitt deg løfter for din vandring imot dette herlige hjem. Og eg har gitt deg løfter som du også er arving til, løfter som gjelder, midt inni den situasjon som kan møta deg i hverdagen. Når du kjenner trykket, når du kjenner at motløsheten og bekymringen vil overvelda deg, då ønsker eg, sier Herren, at du skal opna testamentet ditt, og så skal du få lesa, både det gamle og det nye, det skal du få lesa det som arving. Det skal du få lesa det og ta det til deg, det er gyldig, sier Herren, for eg som er testamentator, eg gikk i døden, testamentet er gyldig, les det som arvingen og la det få løfta deg, og la det du leser få vera min sterke hånd som løfter deg opp og gir deg nytt mot. Eg som har gitt løftene som ligg fram forbi, eg har også gitt løftene som gjeld i dag. Og du skal få merka at slik skal du bli boren, slik skal du bli løfta fram. Og du skal få kasta på meg det som tynger deg. Eg vil ingenlunde sleppa deg, eg vil ingenlunde forlata deg. Eg er trofast heile vegen, heile dagen, og alle dagar, bli i min nærhet. Halleluja.

Jesus sa eg skulle sjå til at eg bidreg med det som Gud har gitt i mitt hjerte. Bodskapen 29.3.2015 (https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/ ):

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

Då tenkte eg på den lovsongen Gud la ned i meg ved den Heilage Ande, det var å lovprise Gud og Lammet for frelsa. Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. At Kristus openberra seg for meg og ei kvinne som eg vart glade i, vart det sentrale poenget for meg i kyrkjelyden, i tru og von om at han soleis gav meg henne til kone. Eg forstår det slik at det er ei nådegåve som han har gitt meg, som eg skal fornye og bruke og bidra med.

Eg trur han fornyar både meg og si kyrkje ved at han gir meg ei kone som har studert biologi. Då er det henne Reella eg tenker på. Det er lenge sidan eg møtte henne, men eg har ikkje kunna gløyme henne. Men kva med henne Poly-Ester? Det høyrdest no faktisk ut som han ville gi meg henne til kone. I forhold til henne Reella opplevde eg openberringa, i forhold til henne Poli-Ester opplevde eg Guds kraft og så fekk eg prate litt med henne. Eg vil hugse på dei begge i mine bøner, i mine takkebøner, i det eg takkar for frelsa, i tru og von om at Jesus frelser dei begge. Og slik får vi fornying.

Sitat frå bodskapen 17.2.2013 (https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-02-0317-sja-pa-apostelen-og-ovstepresten-jesus/ ):

Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”

Når eg høyrde denne bodskapen tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella og no kan eg tenke slik om ho Poly-Ester også og eg meiner eg gjer rett i å hugse på henne i mine bøner og slik vil eg be for folket hennar også. Eg skulle fryde meg og glede meg i frelsa, glede meg i Herren. Ja, ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Og eg meiner eg opplevde Guds kraft i det eg kjende meg tiltrekt av henne, så det vil eg takke Gud for. Eg trur det har å gjere med at ho og folket hennar er velsigna og Gud gjer meg til kanals for si velsigning til dei. Eg har inga aning om hennar politiske standpunkt i Ukraina-krigen. Det høyrest fælt ut når den ukrainsk statsministeren seier dei vil krige til siste ukrainar. Men Herren sa til oss: «Se deg ikke engstelig omkring når du hører om krig og rykter om krig.» Men eg vil be for henne og folket hennar og dei andre folka der borte, at Gud vil frelse dei inn i sitt rike. Den bøna er i alle fall i samsvar med hans vilje.

Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.

Jesus vil bruke meg og eg skal bruke det han har gitt meg. Samanlikning med vikingane.

Når vikingane for ut på tur, var det også for å finne seg koner og slik oppretta dei fredelege samband også, ein vikingkonge kunne opprette fredeleg samband med ein annan konge ved at han fekk seg ei kone frå familien hans. Til samanlikning har eg bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone og han er kongars konge.

Olav Haraldson den Heilage var berre tolv år når han reiste på vikingferd og han kom tilbake for å samle Noreg til eitt rike under kristendomen. Han samla eit Noreg som var større enn det Harald Hårfagre samla, men fall i slaget ved Stiklestad. Men folket og kyrkja gjorde han til helgen og det vart viktig for samling av Noreg med Kristendomen. For vikingane hadde fere i vikingferd både til Gardarriket og Miklagard, England og Gallia og fått høyre om kristendomen. For der var nokon som forkynte den, trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi ord, det er mest fundamentalt.

Med moderne kommunikasjons-teknologi kan vi forkynne mykje meir effektivt, men den personlege kommunikasjonen mellom menneske er framleis poenget og vi er avhengig av at Jesus er med oss og at Gud gjer sitt verk med sitt Ord og sin Ande i oss og mellom oss.

Det var store oppgåver som vart lagt på dei unge gutane i vikingtida og dei voks med oppgåvene. I vår tid vert det også lesst tunge byrder på folk, frå dei er born, særleg på dei unge gutane. Det er tydelegvis stille organisert etter førebilete av lenssamskipnaden og kjem til uttrykk gjennom politikken.

Men Jesus kritiserte farisearane og dei skriftlærde for at dei lessa tunge byrder på folket, utan å røre dei sjølve. Men han kalla til seg alle som streva og hadde tungt å bere og sa at hos han skulle dei få kvile. Og det har seg slik at han let oss få vite noko gjennom openberring.

Matt.11, 25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
    28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Jesus læresveinar lurte på kven som var den største i himmelriket, då svarde han dei slik;

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei  3 og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
     5 Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Poenget er vel å gjere seg liten som eit Guds barn, som treng Faderens kjærleik og omsorg, så ein tek imot det og vert fylt av den Heilage Ande, så Gud får gjere sitt verk i oss, med oss og gjennom oss. Han kan gjere storverk med oss og det er slik vi kan verte store i Guds rike. Det får vel også den betydninga å virke samlande for mange menneske, i Guds rike altså, så mange vert frelst. Det er fundamentalt i samfunnet mellom menneske og vil vonleg bere frukt, også politisk, men då er det altså sekundært. At det er fruktbart for folket også ved å vere samlande, er meir fundamentalt. Eg kan tenke slik om mi nære slekt, dernest fjernare slekt, det norske folk og vidare folket i Norden og dei som ætta herifrå, heilt tilbake til vikingtida, same enten dei reiste til Gardarriket, England eller Normandi eller sidan reiste endå lengre vekk.

Gardarriket var forgjengaren for Russland, Kvite-Russland og Ukraina. No har det vorte krig mellom Russland og Ukraina. Det er no trist for folket, men eg ser det ikkje som mi oppgåve å engasjere meg i slike praktiske politiske saker.

Tsar Peter 1 vart vestleg orientert med si interessert i vitskap og det rasjonelle system. Så han tenkte meir slik som eg altså, men det er lenge sidan, mykje har skjett sidan då. Men eg tenker slik framleis og får fornying, ved at eg søker Herren av heile mitt hjerte og får oppleve at Jesus er med oss og gir oss ånd og liv frå himmelen. Anden herleggjer og openberrar han for meg og oss. Slik får eg ei åndeleg innsikt som eg elles ikkje hadde føresetnad for og det verkar til støtt for mi rasjonalistiske innsikt også. Han har gitt meg ei åndeleg nådegåve ved sin Ande og den skal eg bruke. Gud openberra si frelse for oss i Kristus, slik trur eg han openberrar si frelse for meg og ei kvinne som han gir meg til kone, at han frelser henne som kona mi. Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han og slik trur eg han gir meg hjelp i form av ei kone. Han vil bruke meg og eg skal bruke det som han gir meg, då må eg feste blikket på han, for eigentleg er det han som brukar oss.

Eg har sett krigen i historisk samanheng og vist medkjensle med folket på begge sider, men sjølve krigen som politisk og militært sak har eg ikkje skrive så mykje om. Og det engasjerer meg ikkje så mykje heller. Det høyrest sikkert rart ut. Kristus profetert om at det kom til å verte mykje krig, men vi skal løfte blikket og vente på hans gjenkomst. Det er viktig for oss å ha ei levande tru og eit levande håp, så vi ser at han er med oss. Det viktigaste for oss er å ha ei levande tru, så vi ber frukt og det er først og fremst i nærmiljøet, gjennom vårt sosiale engasjement. For Guds rike er i oss og vi er idet og det er mest fundamentalt i vårt samfunn. Vi skal vere trugne i det det små, så det primære for oss er å bere frukt i lokalsamfunnet. Der vil eg også bruke mi nådegåve, eg trur Gud gir meg ei kone som ei nådegåve, så då vil eg bruke henne som ei nådegåve både i kyrkjelyden og i lokalsamfunnet, til velsigning for meg sjølv, sjølvsagt, for min familie og mi nære slekt, for lokalmiljøet og min omgangskret og vennekrets. Å engasjere seg politisk blir då eventuelt berre ein liten del av det sosiale engasjementet. Det er så mange som har engasjert seg i politisering av kvinna, men for mitt vedkommande vert det eventuelt ved å bruke kona som ei nådegåve frå Gud.

 

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s