Jesus vil bruke meg og eg skal bruke både mi nådegåve og mi naturgåve. Han er den gode hyrdingen som tek seg av mi sak. Slik trur eg også han vil ta seg av folket mitt.

Bildet: Olav den Helliges fall på Stiklestad. Peter Nicolai Arbo; akvarell, trolig fra 1859.

Slaget på Stiklestad

Jesus vil bruke meg og eg skal bruke mi naturgåve og mi nådegåve.

Kyrkja og folket gjorde Olav Haraldson til helgen etter han var død. Men Jesus vel oss ut og gjer oss heilage og vil bruke oss medan vi framleis lever på denne jorda. Jesus har sagt han vil bruke meg i denne tida, så då skal eg bruke både mi naturgåve og den nådegåva han har gitt meg.

Bodskapen 22.8.2021:

«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.

Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

Eg har bed Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone og han har gitt meg ei nådegåve og den skal eg bruke.

Når eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste og be slik for folket og landet også. Slik vart eg kjend med Jesus, så han vart min beste venn. Då måtte det vere ved at han gav meg ånd og liv, så det var ved openberring ved den Heilage Ande.

Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus om å frelse menneska frå den. Sidan det var kvinna som først let seg lokke og forføre slik, byrja eg å be han spesielt om å frelse kvinna frå det og gi meg ei frelst kvinne til kone. Eg var redd for på vedkjenne mi tru på han, men eg vedkjende det for han og bad han frigjere meg frå den menneskefrykta. Når eg var i ungdomsskule-alderen merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var fødd i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Seinare oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære.

Nest siste året på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente, som eg vil kalle Kristina.  Eg let henne få vite det, men ho var ikkje interessert og meinte det passa ikkje med å vere kristen, så ho sa at ho var ikkje kristen likevel og slutta å gå på andaktene i det kristen skulelaget. Då fekk ho vite at eg også trudde på Jesus og det overraska henne. Jau, ho var kristen likevel og fortsette å gå på andaktene. Men slik fekk eg frimod til å vitne om mi tru på Jesus.

Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og litt i pinsekyrkja og her fekk eg oppleve at Jesus svara meg gjennom tyding av tungetale. Både gjennom talene, vitnesbyrda og gjennom slike bodskap vart det forkynt at Jesu frelseverk er fullført og fullkome, så det var berre for meg å tru på det og takke for det, vi får den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Så er det viktig for oss å gå ut og vitne om han.

Jesus sa at vi skulle tru på han og elske han og elske kvarandre, så vi heldt fast på hans ord og heldt oss til det. Då ville han han komme til oss og openberre seg for oss, han og Faderen ville ta bustad hos oss. Det meiner eg at eg opplevde sterkast når eg bad til som ein liten gutunge og sidan når eg bad for ei jente som eg vart glad i. Paulus sa at vona om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,1-5). Eg meiner eg opplevde dette i min kjærleik til henne Kristina også og for meg var det sjølvsagt og naturleg, men det ante meg at for mange var det kontroversielt, også for mange kristne.

Når eg gjekk på gymnaset vart eg forelska i ei kristen jente som eg kallar Virtuella. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Og den openberra hanne for meg som eit Guds barn som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Det som er født av kjøt er kjøt, men det som er født av Anden er ånd. Vi var fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Den som er fødd av Gud, elskar det som er født av han.

Seinare, når eg studerte realfag i Oslo, oppdaga eg ei jente som eg syntest var så fantastisk vakker, så eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje hadde snakka med henne eller vorte kjend med henne på nokon annan måte. Nokre dagar seinare opplevde eg at den Heilage Ande dreiv meg og leia meg slik at eg møtte på henne, då sa eg i mitt stille sinn. «Der er ho». Då opplevde eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for oss og sa til henne det same som eg sa: «Der er ho». Så han sa det samtidig som eg sa det. Og vi veit at Gud openberrar si frelse for oss i Kristus.

Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt. Den er også som ein flamme som vi skal la brenne i våre hjerte, som ein eld på vårt altar. I det eg talar om openberring, så må eg også forstå det som ei nådegåve som eg skal kveike og som eg skal bruke.

Gud la lovsongen ned i meg ved den Heilage Ande, så eg lovprisa han for at han frelser både menn og kvinner, han frelste meg og han frelste henne Virtuella, ho lovprisa han som sin frelsar og Herre og eg glada meg over det, så vi var samstemte i vår lovprising av Herren. Når eg fortalde henne at eg var glad i henne, så ville eg sjølvsagt at ho skulle halde fram med det og det vil eg framleis.

Sidan openberra Gud si frelse for oss i Kristus for meg og henne Reella og er overtyda om at ho vart glad for det og det gleda meg dess meir. Vona om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrent i våre hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt. Den var i alle fall utrent i mitt hjerte og eg trur eg også i denne samanheng kan påstå at den var utrent i våre hjerte. Eg yngste å få komme nære henne og prate med henne og skreiv noko om det, då minna Jesus meg om at han så til hjertet og han sa til meg at slik som han hadde vore mot meg ville han også vere mot den som eg bad for. Han såg til hennar hjerte også, han prat med meg og eg kunne rekne med at han ville prate med henne også.

Jesu kyrkje er hans brud og eg forstår dette slik at vi er inviterte til Jesu bryllaup i himmelen og vi er med på å invitere til det. Då må vi kle oss i den bryllaupsklednaden som han gir oss og det er ved fylden av den Heilage Ande.

Komme til Jesus og få kvile.

Jesus har nyleg sagt at eg skal ta meg sjølv alvorleg og ta han alvorleg. Ja vel, tenkte eg, så eg skal tru at han vil gi meg ei frelst kvinne til kone og då skal eg ha kroppen hennar, som mannen hennar. Og sidan hans kyrkje er hans brud, så skal han ha kroppen hennar, som hennar brudgom og ektemann. Han gir meg hjelp i form av ei kone og den hjelpa skal eg bruke, også til å tene han med, som ei åndeleg nådegåve. Det skreiv eg som kommentar og då svarde han oss at han har sagt at vi skal komme til han, alle vi som har tungt å bere, hos han skal vi få kvile.

Rasjonaliteten i moderne vitskap.

Når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne i matematikk og det viste seg i naturfag også, det var fag som eg likte. Eg trudde og meinte at det gjekk godt an å kombinere den interessa med mi tru på Jesus, med Anden og livet som eg hadde fått i hjertet ved trua på han. Men eg forstod at det var kontroversielt mellom dei lærde, både mellom dei kristne og dei «verdslege», den motsetnaden fekk eg betre forståing for når eg byrja å studere.

Pionerane i reformasjonen vart forfølgde av den Katolske Kyrkja og det vart pionerane i den nye naturvitskapen også, sjølv om dei var kristne. Galilei trudde på kristendomen, men vart forfølgde av leiarane i den Katolske Kyrkja, så han meinte der ikkje fanst noko voldsomare hat enn uvitskapens hat mot vitskapen. På sine gamle dagar skreiv Newton bok om Daniels bok og Johannes Openberring. Så han trudde altså på openberringa som Bibelen gir oss. Descartes var ein matematikar og filosof som også trudde på openberringa av det fullkomne, ein dualismen mellom Gud som er ånd og den naturen han har skapt, så vi får ein psykofysisk dualisme, mellom sjel og kropp. Spinoza var ein jøde som vart begeistra for Descartes filosofi og utvikla med den ein meir altomfattande filosofi. Leibnitz var ein matematikar og filosof og alt-mogleg-mann som utvikla differensial-analysa parallelt med Newton. Han tenkte seg ein psykofysisk parallellisme. Men korleis kan fysikken og sjela fungere saman i ein dualisme, korleis få parallellane til å henge i hop då? Matematikaren Pascal løyste det problemet ved å påstå at vi har fri vilje. Det heng saman ved at vi gjer våre val. Dersom eg til dømes vel å gå ut og handle, bestemmer meg for det og gjer det, så kan eg påstå at det er sjela som vel det, bestemmer det og gjennomfører det, så kroppen gjer det, slik får det konsekvensar for den fysiske naturen. Slik tenker eg.

Den Heilage Ande ransakar alle ting, både djupnene i Gud og naturen han har skapt.

Den Heilage Ande ransakar all ting, jamvel djupnene i Gud. Så den ransakar den fysiske og biologiske naturen også og det er ingen ting i vegen for at eg kan tenke slik når eg studerer realfag også, eg tenker meg at den rasjonalistiske innsikta eg har og eg får når eg studerer realfag heng saman med den åndelege innsikta eg får ved trua på Jesus, for han er Sanninga som set oss fri, så vi ikkje lengre skal vere trælar under den forgjengelege naturen ((Rom.8,21). Med den rasjonalistiske innsikta kan vi vite noko om framtida, men ved trua på Jesus får vi framtid og von for all æve, så den åndelege innsikta han gir oss fortel oss noko langt meir om både framtida og æva, som vi elles ikkje kunne vite.

1.Kor.2,6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne.  7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen.  8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre.  9 Men det står skrive:
        Det auga ikkje såg,
        det øyra ikkje høyrde,
        det som ikkje kom opp
        i nokon mennesketanke,
        alt det Gud har gjort ferdig
        for dei som elskar han,
    10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For
        kven kjende Herrens hug,
        så han kunne gje han råd?
        Men vi har Kristi hug.

Moralfilosofane lesser tunge bører på oss.

Farisearane og dei skriftlærde leste tunge byrder på få folket, fordi dei ikkje forstod seg på Mose-lova og tilføya menneskebod.

Matt.15,1 Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa:  2 «Kvifor bryt læresveinane dine dei føresegnene vi har overteke frå dei gamle? Dei vaskar ikkje hendene før dei et.»  3 «Og de,» svara Jesus, «kvifor bryt de Guds bod av omsyn til dei føresegnene de har overteke?  4 For Gud har sagt: Æra far din og mor di, og: Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy.  5 Men de lærer: Den som seier til far sin eller mor si: Det eg skulle ha hjelpt deg med, skal vera ei gåve til templet –  6 han treng ikkje æra far sin eller mor si. Såleis har de gjort Guds bod om inkje av omsyn til dei føresegnene de har overteke.  7 De hyklarar! Jesaja spådde rett om dykk då han sa:
     8 Dette folket ærar meg med lippene,
        men hjarta deira er langt borte frå meg.
     9 Dei dyrkar meg fåfengt,
        for det dei lærer, er menneskebod.»
    10 Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr dette og skjøna det: 11 Det som kjem inn i munnen, gjer ikkje eit menneske ureint. Men det som går ut or munnen, det gjer mennesket ureint.»
    12 Då gjekk læresveinane fram og sa til han: «Veit du at farisearane vart arge då dei høyrde dette?» 13 Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har sett, skal rivast opp med rot. 14 Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde vegleiarar for blinde; og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»

Matt.23,1 Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa:  2 «På Mose stol sit dei skriftlærde og farisearane.  3 Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For dei seier eitt og gjer noko anna.  4 Dei bind tunge bører og legg på akslene åt folk, men sjølve vil dei ikkje røra dei med ein finger.  5 Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer sine bønereimar breie og sine minneduskar store;  6 dei elskar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogene,  7 og vil gjerne at folk skal helsa dei på torget og kalla dei rabbi.
     8 Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er læraren dykkar, og de er alle sysken.  9 Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen. 10 Lat heller ikkje nokon kalla dykk rettleiarar; for de har éin rettleiar: Kristus. 11 Den største av dykk skal tena dei andre. 12 Den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.

13 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De stengjer himmelriket for folk. Sjølve går de ikkje inn, og dei som vil gå inn, hindrar de.
    14 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De slår til dykk husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom.
    15 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand for å vinna ein einaste tilhengjar, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve.

Slik vart folket gjorde til trælar og det var der økonomiske interesser i. Slike interesser har meldt seg sidan også, i kyrkja også. I vår tid er der mykje maktinteresser og økonomiske interesser i moral og politisk filosofi. Det viser seg også i kravet om at du skal bevise det du seier eller underbygge det med erfaring, som om alt vi seier og påstår skulle vere vitskap. Men det er det då ikkje. Vi har då ein fri vilje, så mykje av det vi seier og meiner kan ikkje grunngjevast slik. Men når dei kjem med det kravet er det å lesse tunge bører på folket, utan å prøve å bere dei sjølve.  

Men Jesus kalla til seg alle som sleit og hadde tungt å bere, hos han skulle dei finne kvile.

Matt.11, 25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
    28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Eg skal snakke med Jesus, han har nye dører og vegar for meg. Han har planar for meg og min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets.

Den Heilage Ande openberrar Kristus for oss og han gjer Faderen kjend for oss. Eg hevdar at denne åndelege openberringa går godt saman med den rasjonalistiske innsikta vi brukar i realfag. Her er det berre spørsmål om kor mykje og kor god åndeleg og rasjonalistisk innsikt vi har. Gjennom den evangeliske forkynninga og den karismatiske vekkinga får vi god innsikt i det fullkomne og det kan ikkje erstattast av noko anna. Vi får barnekår hos Gud, så vi får snakke med Kristus som vår frelsar og Herre og snakke med Faderen som hans barn.

I 1995 kjende eg meg einsam og forlaten i Oslo, eg hadde ingen venner å snakke med utanom at eg møtte andre menneske i kyrkjelyden (dFEF i Møllergata 40). Men Jesus sa til meg at eg skulle snakke med han. Og så sa han at han hadde nye vegar og nye dører for meg, han hadde planar for meg, min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets.

Sitat frå bodskapen https://blessings-from-heaven.com/2016/08/23/1995-11-12-m40-sja-kva-velsigning-gud-har-gitt-meg-i-sitt-ord-jesus-har-nye-vegar-for-meg/ :

«…… med en gang du ser på de stengte dører. Men du skal vite, når dører lukkes igjen for deg, så står jeg med nye muligheter, jeg vil åpne nye dører for deg, sier Herren.

Difor ønsker jeg av deg at du vender deg mot et nytt mål, de muligheter som stiller åpen, sier Herren. Studer mitt ord og se hvilke velsignelser jeg har gitt deg der. Åpne deg for meg i bønn og lovprisning slik at jeg kan få legge ned i deg den velsignelsen som jeg ønsker å gi deg, sier Herren. Jeg har noe å gi deg, det er for deg.

Ja, bli stille for meg sier Herren. La meg få fylle dine tanker og ditt sinn. La mitt ord få gjennomsyre deg, slik at du får tenke mine tanker, sier Herren. Jeg har nye veier for deg. Og du skal få se at jeg har planer for deg, for din familie, for menigheten, for din omgangskrets. Du skal få være med på det. Midt i velsignelsen skal du stå og nyte det, sier Herren.»

Sitat frå bodskapen https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2007-10-07-ebeneser-sja-kva-draumar-og-visjonar-jesus-har-lagt-ned-i-mitt-hjerte/ :

«Dokke er samla her no for at eg har gitt dokke nåde til å vere innfor mitt åsyn.  De er samla her no for at de skal bruke tid i lag med meg og eg vil tale til dokke. Legg vekk dokka eigne tanka og legg vekk dokka eigne bekymringar. Legg det over på meg, så skal eg ta det, og så skal du få bruke tid innfor meg no og bli styrka, bli grunnfesta, få kraft til det livet du lever. Eg vil vere din Herre og eg vil vere din Gud og då må eg få forme deg, då må eg få snakke med deg og ha samfunn med deg. Eg elskar deg og eg har kjøpt deg fri. Bruk den nådestunda du har no i lag med meg. Tilbe mitt namn, ver innfor meg og merk at eg tek det som tynger deg, at eg styrker deg, eg gir deg kraft til dagen i dag og til dagen i morgon.»

Jesus har mange gangar sagt at eg skal sjå på han, han talar til meg og han har sagt at eg skal snakke med han og han vil tale gjennom meg og virke gjennom meg.

Bodskapen 31.1.2022:

«Mine barn, som jeg elsker, som jeg har gitt mitt liv for, jeg ønsker at dere skal være hellige og rene liksom jeg er hellig og ren, sier Herren. Jeg ønsker at det liv som jeg har kallt dere til, skal være et liv som dere kan være – som jeg kan være stolt av. Jeg ønsker at det liv dere lever her i verden, skal være et liv hvor jeg bestemmer, et liv hvor jeg taler til dere og gjennom dere. Jeg ønsker at dere skal leve her i denne verden og også vite at dere er ikke av denne verden. For jeg har tatt dere ut og gitt dere et nytt liv, et nytt hjerte, og dere er nye skapninger i meg, sier Herren. At dere har fått en ny identitet. Derfor skal du ikke se på deg sjølv og dine egne mangler, din egen ufullkommenhet. Men du skal se på meg, for se, jeg gjør alle ting nye. Se jeg gjør alle ting nye, sier Herren. Også i ditt liv. Derfor skal du vende deg bort fra det som ikke gir frukt, du skal vende deg bort frå det tomme snakk, du skal vende deg bort fra ugudelighet. Så skal du vende deg til meg og se opp på meg og jeg skal virke i deg og gjennom deg, som bare jeg kan gjøre, sier Herren.

Se, jeg vet om dine gjerninger, jeg vet at du har liten styrke, jeg vet at du har trådt feil. Men jeg vil at du nå skal se på meg, se, jeg har sett foran deg en open dør, sier Herren. Og den døren skal du gå inn igjennom, jeg inviterer deg på nytt til å gå inn gjennom opne dører. Jeg inviterer deg på nytt til å gå videre med meg, sier Herren. Og løpet er ikke fullført enda, du har ikke kommet til veis ende. Men du skal jage mot målet, mot den seierspris som jeg har kallt deg til, sier Herren. For det er en seierspris jeg har kallt deg til, ikke en nederlagspris, men en seierspris. Og derfor skal du ha målet i sikte, du skal ha min ånd i ditt hjerte og være bevisst på at jeg vil bruke deg, jeg vil tale til deg. Og du skal få se noe som du ikke har sett på lenge, du skal få se at jeg kaller på de ufrelste, jeg kaller på bønnebarna, jeg vil igjen skape nytt liv i ditt hjerte, men også i de som enno ikke kjenner meg. Og du skal få se at det er bare en måte å komme til tro på, det er at mitt namn holdes høyt, mitt namn proklameres. Og når jeg blir opphøyet, så skal jeg dra alle til meg, sier Herren. Halleluja.»

Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Jesus sa her at han igjen vil skape liv i mitt hjerte og det trur eg har å gjere med at han gir ånd og liv til ei kvinne og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen, slik gir han meg ei kone. Ja, sidan det er i mitt hjerte.

Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss. Det er spesielt viktig i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Ein av bodskapane 12.2.201; https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ :

Tyding av tungetale ved ei kvinne, dette er vanskeleg å høyre, det eg blir usikker på, set eg i parentes:

«(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk. Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»

I Høgsangen er det fortalt om ei ung jente som enno ikkje var kjønnsmoden, så brørne hennar ville verne henne mot friarane.

Høgs.8,8 «Vi har ei lita syster,
        som enno ikkje har bryst.
        Kva skal vi gjera med syster vår
        når friarane kjem?
     9 Er ho ein mur, vil vi byggja
        tindar av sølv på han.
        Er ho ei dør, vil vi stengja henne
        med ein sederplanke.»
    10 Eg er ein mur,
        og mine bryst er som tårn.
        I augo hans har eg vorte
        lik ei som finn fred.

Det er naturleg. Friarane er sannsynleg vis på hennar eigen alder eller litt eldre og der er eit økonomisk poeng i det også, dei må verte voksen så ikkje dei økonomiske børene vert for tunge for dei, dei treng å lære seg til eit kvart, så dei vert i stand til å forsørgje både seg sjølve og borna. Men så er det så mange som lesser på oss større og større bører etter kvart som vi veks og vert eldre, så vi kjem aldri til å klare det. Det er tydelegvis også hensikta, for slik prøver dei å overvinne oss. Men løysinga på det er det same som for den unge jenta som vart forelska i ein ung gut og den unge guten som vart forelska i ei ung jente, lenge før dei var kjønnsmodne. Dei må lære å verdsetje kjærleiken seg i mellom sjølv om eit kjønnleg samliv mellom dei enno ikkje er aktuelt. På ein måte er det sjølvsagt, men korleis då? Korleis kan ein få sagt det. Når ein ung gut vert forelska i ei ung jente, kjennes det viktig for han å få vere saman med henne og prate med henne, kanskje få omfamne henne og gi henne ein klem. Slik kjennest det viktig for ei ung jente å vere saman med den unge guten som ho er forelska i også. Den fysiske berøringa må dei då vere forsiktige med, slik som vi såg i Høgs.8,8… Men dei kan ta det igjen med å prate saman og soleis utviklar dei både sjelsliv, åndsliv og intellekt. Nettopp til det treng dei Guds Ord, dei kan høyre Guds Ord og tale det til kvarandre og det er som kjent livgivande. Jesus er Guds Ord og Johannes døyparen sa at han har bruda, han er Messias.

Joh.3, 25 No vart det eit ordskifte mellom læresveinane til Johannes og ein jøde om reinsinga. 26 Læresveinane kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» 27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
    31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»

Paulus sa at han framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud, då er det viktig for oss å vende oss til han, elske han og sjå på han og det er ved at den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss.

2.Kor.11, 2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.  3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Jesus gir meg ei herleg og vidunderleg kvile som eg ikkje kan forstå med min menneskelege forstand.

Vi får nok merke at der er sterke økonomiske og maktpolitiske interesser i å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med, vi merkar det langt inn i kyrkja og kristen organisasjonar, hensikta er tydelegvis nettopp å forføre kyrkja og dei kristne organisasjonane. Kva kan vi menn gjere som mottiltak? Jau, nettopp vende oss til Kristus, elske han og sjå på han. Han gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Med trua på han kan vi vone på at han soleis også vil vekke opp kvinna til liv i samfunn med seg og Faderen og dermed med oss også, ja, som kona til ein mann, i helging slik som det passar seg i ei kristen kyrkje.

Jesus sa at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile.

Bodskapen 17.2.2013:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Når eg høyrde denne bodskapen, tenkte eg fyrst på henne Virtuella, så henne Reella. Poenget er at Jesus frelseverk er fullkome og fullført, så på det grunnlaget får eg kvile. Det grunnlaget held, både for meg og for dei. Og så at han sjølv er fullkommen, så når eg ser på han ser eg det fullkomne. Han frelser meg fullkome og eg kan tru og vone på at han frelser dei også fullkome. Han er Guds elska Son og han elskar oss med kjærleiken frå Gud, han elskar meg med den og han elskar dei med den og eg trur han elskar dei gjennom meg med den. Han har sagt at han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning, så eg trur det vert til dei og mange med dei.

Gud skapte livet på jorda på 6 dagar og så kvilte han sjuande dagen. Så lenge Adam og Eva var i Edens hage, var dei i Guds kvile, dei kvilte på grunnlag av det verket Gud hadde gjort, då han skapte. Ved syndefallet fall menneska ut av den kvila, men no er Jesu frelseverk fullført, så på det grunnlaget får vi atter komme inn til Guds kvile. Så det er både på grunnlag av at Gud fullførde skaparverket og at Jesus fullførde frelseverket, Gud har openberra si frelse for oss i Kristus.

Ved fylden av den Heilage Ande skal vi vinne meir enn siger.

Hausten 2014 byrja eg å studere biologi ved Universitetet i Oslo. På ei forelesing kjende eg meg ein augneblink sterkt tiltrekt av ei vakker jente med lyst hår, akkurat i det ho gjekk forbi meg. Eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar, ja, så det ville vere nærliggande å seie at eg fekk lyst på henne, men det var då på den måten at den Heilage Ande rådde over lysta, så eg opplevde det som Guds kraft og derfor formulerer eg det slik at kjende meg sterkt tiltrekt av henne. Når eg hadde lagt meg den kvelden vedkjende eg dette for Jesus i kveldsbøna mi og på møte i Maranata søndagen etter svarde han meg slik; bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de er skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Denne jenta kallar eg Poly-Ester, ho såg ut som ei norsk jente, så eg vart litt overraska når eg kom nær henne igjen og oppdaga at ho prata eit anna språk med ei anna jente. Eg spurde henne og fekk vite at det var russisk, ho var frå Ukraina og den andre var frå Russland.

Jesus har planar med meg, min familie, kyrkjelyden og min omgangskrets og det har no med mi sosialisering å gjere. Eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone og det er då eit svært så viktig og sentralt poeng med vår sosialisering, ekteskap og familieliv er den naturlege og mest grunnleggande sosiale eininga i samfunnet.

Han har mange gangar minna meg om kor viktig det er for meg å verte fylt av den Heilage Ande, det har eg kvar gong sagt ja til og eg har tenkt på kroppen min som eit tempel for den Heilage Ande og tenkt som so at eg må opne alle rom i dette tempelet for Kristus og for fylden av den Heilage Ande. Spesielt med tanke på at han vi gi meg ei kone, slik at det gjeld henne også, for då skal vi vere eitt kjøt, ein lekam, som altså framleis er eit tempel for den Heilage Ande. Dessutan vil han gjere meg til ein kanal for si velsigning, så det blir til henne som han gir meg til kone og mange med henne. Han gjer meg til velsigning for min familie og min omgangskret, slekta, folket mitt og landet mitt. Det kan og vil eg tru og vone og innstille meg på. Ja han har nyleg sagt at han vil skape nytt liv i meg og i mange andre, så det heng sikkert saman og soleis sosialiserer han oss inn i samfunn med seg og Faderen, som hans kyrkje. Når han vert opphøgja, vil han dra alle til seg.

Bygge fredeleg på evangeliets grunnvoll; ekteskap, familieliv, heim og kyrkjelyd, utdanning, samfunn og nasjon.

Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss, han sona all verda si synd med sin død på korset. På det grunnlaget har vi fred med Gud og på det grunnlaget har vi fred med kvarandre. På det grunnlaget vert vårt forhold til han igjen oppretta og på det grunnlaget vert kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne igjen oppretta. Men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Så eg trur han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile ved at han frelser ei kone til meg, så ho blir til hjelp som høver for meg og den hjelpa skal eg bruke og nytte meg av. Han har gitt meg ei åndeleg nådegåve som eg skal bruke, så ved gjenfødinga og fylden av den Heilage Ande blir ho ei nådegåve som eg skal bruke til å tene han med. For han er livet og gir oss meining med livet ved at vi lever for han. Vi elskar han fordi han elska oss fyrst og i det vi elskar han og lovprisar han som vår frelsar og Herre er det no heilt klart at dette skjer i samsvar med vår eigen frie vilje og i fred med Gud og i fred oss i mellom. Han gir ånd og liv til både meg og henne og snakkar med både meg og henne.

Jesus vil bruke meg i denne tida og eg skal bruke det han har gitt meg. Så eg vil sjå det litt i historisk samanheng. Noreg vart ein fri og sjølvstendig nasjon med forholdsvis fredelege metode. Det vil eg ære og takk Gud og Lammet for, for Gud har skapt alle ting og gjorde det ferdig og Jesus frelseverk er fullført og fullkome, så vi fekk bygge på den grunnvollen. På den grunnvollen fekk våre fedre og forfedre bygge ekteskap og familieliv, hus og heim og det er som sagt den naturlege og mest fundamentale sosiale eining i folket, samfunnet og nasjonen. Og det får vi framleis. Det får eg også og så eg ventar han vil gi meg hjelp i form av ei kone og den hjelpa vil eg bruke. Så kan eg seie og hevde at slik gjer ham med meg og med oss og slik vil han gjer med andre også. Slik gjer han med mitt folk og mitt land og slik vil han gjere med andre folk og land også. Så det blir til eksempel for andre som kjempar for fridom og nasjonalt sjølvstende.

Kva så med dei som kjempar imot fridom og nasjonalt sjølvstende? Vel, evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag, det er mest fundamentalt og slik er det verdifullt for folket, same korleis dei organiserer samfunnet sitt. Det er fruktbart, så det kan komme til å lære dei å bygge og organisere samfunnet sitt på ein betre måte. Slik også i Noreg og andre frie og sjølvstendige nasjonar. Vel kan vi synest vi har fått det bra og vi gjer rett i å takke Gud for det, men i eit levande samfunn må utviklinga få gå sin gang og det er framleis om å gjere å finne og gå den rette vegen. Kristus er vegen til Faderen og det er framleis om å gjere å finne den, velje den og gå den.

Verte velsigna ved trua på Jesus både som einskildmenneske og som folk.

Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike, men det riket var ikkje særleg stort. Sidan samla Olav Tryggvason og Olav Haraldson den Heilage Noreg til eitt riket igjen, med kristendomen, og det var større rike. Dei brukte makt, ja, i det militære og politiske spelet verka det som folk vart kristna med makt. Men det er likevel ikkje den mest fundamentale årsaka. Folk hadde allereie fått høyrt om kristendomen, for vikingane for då til land der kristendomen hadde slått rot og fekk høyre om den. der var nokon som forkynte den og der var nokon som høyrde og trudde og slik kom kristendomen til vårt land. Trua kjem av forkynninga og forkynninga av Kristi Ord, så det er mest fundamentalt. Det er det vi framleis har å satse på og med moderne massemedia skulle det verte dess meir effektivt.

I det Gamle Testamentet ser vi at eit folk ofte vert omtala som ein mann og/eller ei kvinne, gjerne ættefaren og kona hans, slik som Adam og Eva. Det er eit vesentleg poeng at det sjelelege og personlege kjem til sin rett overfor Gud og då blir også sosialiseringa viktig. Den einskilde mannen representerer soleis folket sitt overfor Gud og vonleg representerer Gud overfor folket også. Det var poenget med prestetenesta. Det var viktig for profetane også, men for dei vart det vel viktigast å representere Gud overfor folket.

Jesus sa han ville gjere meg til kanal for si velsigning, så eg tenker meg at han gjer meg til velsigning for folket mitt, i det min lekam er eit tempel for den Heilage Ande. Då tenker eg først på mi næraste slekt, så folket i Møre og Romsdal og i Nordfjord og så det norske folk. Så tenker eg på folket i Norden og dei som stammar frå dei nordiske vikingane. Vidare tenker eg på folket i Europa og dei som stammar frå det. Det er vel det som vert kalla den kvite rase, ja vel, så er det, men då må vi vel ta med område lenger mot aust også. Men poenget mitt er at vikingane tok imot kristendomen og slik vart dei fredelegare. Kvifor og korleis? På evangeliets grunnvoll fekk vi fred med Gud og i den kristne kyrkje fekk vi ei fredeleg sosialisering. Vi vart velsigna, både som einskildmenneske og som folk og det betyr å komme inn i samfunn med Gud. Dette var verdifullt for oss og det er det framleis. Det er viktig for oss å erkjenne det, innsjå det og ta imot velsigninga, så vi får endå betre innsikt i det og blir endå meir velsigna. Ved trua på Kristus er eg velsigna og derfor seier eg velsigninga for folket mitt, Kristus er vår frelsar og Herre, han er Guds Son, så den sanne og levande Gud er vår Gud.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s